Svein Stølen: – Målet er under 20 prosent i mellombelse stillingar neste år

Talet på mellombelse stillingar  i forsking og undervisning ved UiO har gått ned frå 25,1 prosent i 2017 til 22,6 prosent i 2018.– Om eg skal vera litt tøff, så hadde det vore moro å ha sett eit tal på under 20 prosent neste år, seier UiO-rektor Svein Stølen.

POSITIVE TAL: Rektor Svein Stølen peikar på tavla der han har lista opp tala som viser at prosenttalet av personar i mellombelse stillingar ved UiO, går nedover.

Foto: Ola Sæther

I januar kom det ein ny statistikk frå Statens database for høyere utdanning (DBH) referert i Forskerforum som viser at talet på mellombels vitskaplege tilsette ved universiteta og høgskulane ligg på 18,3 prosent. Verst står det til på Universitetet i Bergen, som har 23,3 prosent av den vitskaplege staben i mellombelse stillingar. Like etter siglar Universitetet i Tromsø med 22,8 prosent, medan Universitetet i Oslo tar tredjeplassen med 22,6 prosent.

På Universitetet i Oslo er det rektor Svein Stølen som leier «Midlertidighetsutvalget» som er breitt samansett av representantar frå UiO sentralt og frå fagforeiningane.  No kan han gleda seg over at talet på mellombels tilsette i undervisnings- og forskarstillingar har gått ned frå 25.1 prosent i 2017 til 22,6 prosent i 2018.

– No er me tydelege

– Korleis har de klart å få det til, rektor Svein Stølen?

– No må me ta all slik utvikling med ein passeleg dose ro. Om me ser saka til Forskerforum, så har me no det lågaste prosenttalet på mellombelse stillingar sidan 2004.

– Eg har vore klar på dette. Om det var vår forteneste, veit eg ikkje. Sanninga er at me no er tydelege, og legg tydeleg press på dette i styremøte og i dekanmøte. Dei andre universiteta har ikkje den same utviklinga som oss. Om eg skal vera litt tøff, så hadde det vore moro å ha sett eit tal på under 20 prosent neste år. Det er målet, og så får me sjå kor langt ned me kjem, seier han. 

Stor nedgang i talet på mellombels tilsette i utgreiarstillingar

Svein Stølen trekkjer også fram den positive utviklinga for mellombels tilsette i utgreiarstillingar.

– Om me ser på mellombels tilsette i utgreiarstillingar, er prosentdelen gått ned frå 31 prosent til 12,1. prosent sidan 2004. Men den har gått opp andre stader. Dette er hyggelege tal som syner at UiO går i rett retning.

- Er det rektoratet ditt si forteneste?

– Eit kvart rektorat lever i ei politisk linje. Me har forventingar til dette, og tala går nedover.

– Men de ynskjer ikkje å kvila på laurbæra. De vil gå lenger ned. Korleis skal de klara det?

– Me skal bli meir fleksible, men med den same mengda tilsette, men fleire av dei skal vera i faste stillingar. Talet på forskarar aukar og det gjer også prosenttalet av dei som er fast tilsette blant dei, seier Svein Stølen.

Utset rapport om "midlertidighet" ved UiO

"Midlertidighetsutvalget" ved UiO skulle eigentleg ha lagt fram sin endelege rapport etter det siste møtet den 21. januar. Etter det Uniforum får opplyst, blei det halde eit nytt møte i utvalet torsdag 21. februar. Førebels er det ikkje lagt fram nokon endeleg rapport, og endeleg sluttdato er blitt utsett. Det stadfestar også kommunikasjonsrådgjevar Lise Paulsrud Mjørlund ved UiO overfor Uniforum.

– Arbeidsgruppas møte i januar blei flytta til 21 februar for å få med innspela frå dekanane. Endeleg notat frå arbeidsgruppa er no under ferdigstilling. Dersom styresaka er klar innan fristen, blir den presentert på neste styremøte, opplyser Paulsrud Mjørlund til Uniforum. .

Les meir i Uniforum om mellombelse stillingar:

Svein Stølen: – Nokre kan vera best eigna i akademia, men ikkje nødvendigvis i andre delar av arbeidslivet

Forskarforbundets leiar: Akademisk snobberi!

Etterlyser en forpliktende plan for å få ned midlertidigheten

Midlertidighet økte på Juss og MatNat med Graver og Stølen i ledelsen

Team Stølen/Mo vil snu hver stein for å redusere midlertidighet

Stenseth og Johansen: Må være rom for midlertidighet

 

Emneord: Arbeidsforhold, midlertidighet Av Martin Toft
Publisert 26. feb. 2019 04:30 - Sist endra 26. feb. 2019 09:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere