Dei er pilotar for bioteknologi og livsvitskap i skulen

Energidrikk før eksamen, gjenoppliving av mammutar, tørråte i poteter og ei genbok. Det var tema elevar ved Ris skole hadde laga oppgåver om i livsvitskap og bioteknologi under lanseringa av det som kan bli framtidas skulefag.

SKULEFAG: Bioteknologi og livsvitskap kan bli skulefag. Desse elevane på Ris skole er pilotar og  prøver ut eit nytt digitalt verktøy om moglege moglegheiter og utfordringar med den teknologien. Det gjer Ris skole i samarbeid med Bioteknologirådet og leiaren Kristin Halvorsen. Også UiO: Livsvitskap, Oslo kommune og selskapet Creaza er med på laget.SKULEFAG: Bioteknologi og livsvitskap kan bli skulefag. Desse elevane på Ris skole er pilotar og  prøver ut eit nytt digitalt verktøy om moglege moglegheiter og utfordringar med den teknologien. Det gjer Ris skole i samarbeid med Bioteknologirådet og leiaren Kristin Halvorsen. Også UiO: Livsvitskap, Oslo kommune og selskapet Creaza er med på laget.

Foto: Ola Sæther

Ungdomsskuleelevar ved Ris skole i Oslo har vore pilotar for å prøva ut den nye faget i livsvitskap og bioteknologi. Dei har brukt eit eige digitalt univers om bioteknologi og livsvitskap utvikla av selskapet Creaza.  Både Bioteknologirådet, Oslo kommune og UiO: Livsvitskap håpar faget blir eitt av nye fag som kjem gjennom nålauga når den nye læreplanen “Fagfornyinga” vert klar til hausten.  

- Fekk første mobil som 35-åring

Derfor var både leiar for Bioteknologirådet, Kristin Halvorsen og direktøren for UiO: Livsvitskap, Carl Henrik Gôrbitz til stades då dei fire elevgruppene presenterte oppgåvene dei hadde utført.

 – Eg var 35 år første gong eg fekk  ein mobiltelefon. Det spennande med teknologi er at me stadig kan læra nye ting. Me må løysa problemet  med antibiotikaresistens og utfordringane som klimaendringane har skapt for miljøet.  Det er de som må løysa desse problema, sa Carl Henrik Gørbitz, før dei fire elevgruppene fekk visa kva dei hadde lært som pilotar i faget livsvitskap og bioteknologi.

Energidrikkar og gjenoppliving av mammutar

Den første gruppa hadde funne ut at å drikka masse energidrikkar natta før eksamen kan ha god effekt for karakteren til ein person, medan det kan ha heilt motsett effekt på ein annan.  Ei anna gruppe konkluderte med at det truleg ikkje var særleg lurt å pusta liv i mammutten igjen, sjølv om pelsen kanskje kunne vera nyttig til å laga klede av. 

PRESENTASJON: Elevar ved Ris skole er pilotar for utprøvinga av eit digitalt univers  i bioteknologi og livsvitskap. (Foto: Ola Sæther)

 

Tørråte og genbok

Gruppa som hadde sett på korleis tørråte i potet kunne unngåast gjennom å leggja inn ein eigenskap i poteta som hindra at tørråte ville føra til at den rotna innanfrå.  Det vil seia å leggja inn eit gen frå ein annan plante.  På ein humoristisk måte konkluderte dei med at i 2119, ville poteta ha fått bein og utvikla andre menneskelege eigenskapar, og ville ta over makta på jorda.  Den siste gruppa diskuterte om det ville vera klokt eller uklokt å opna genboka, som vil visa om du har stor eller liten risiko for å få kreft seinare i livet.  Dei peika på at det var eit dilemma som kunne uroa folk anten dei fekk vita det eller ikkje fekk vita det. 

- Leikar Gud

Då naturfaglærar Rune Heimdal tok opp spørsmålet med dei om dei kunne tenkja seg å gå inn for kloning av dyr eller menneske, var svaret eit rungande nei frå alle elevane.  Etter deira meining var det uetisk , for det ville truleg føra til eit dårlegare liv for dei skapningane som ville vera klonar av andre.- Dei som gjer det leikar Gud. Det er ikkje sikkert at dyra får eit godt liv, sa ein av skuleelevane.  Dei var også imot at foreldre skulle dyrka fram spesielle talent hos to år gamle barn for at dei skulle utvikla sine gode genar til å bli ei ny Therese Johaug eller til ein meisterboksar.

Elevane brukte ei digital læringsplattform  som er utvikla av selskapet Creaza som også var til stades under lanseringa med dagleg leiar Carl Fredrik Knutsen.  Det er til saman utvikla 15 oppgåver med ulike problemstillingar som har å gjera med bioteknologi og livsvitskap.  Dei er prøvde ut i Osloskulen under Oslo Life Science-konferansen denne veka.  No vil dei vera gratis tilgjengelege for heile utdanningssektoren gjennom påoggingstenesta Feide, opplyser Bioteknologirådet på nettsidene sine.

GENBOKA: Desse jentene hadde laga ein animasjon der dei diskuterte om det var lurt å opna genboka. (Foto: Ola Sæther)

Reiser mange etiske spørsmål

Faglærar Vasilica Sirbu-Jakobsen meinte at livsvitskap og bioteknologi fint kan kombinerast med etikk.  – Det er mange etiske spørsmål dette reiser.

Leiar for Bioteknologirådet, Kristin Halvorsen er også direktør for Cicero – Senter for klimaforsking ved UIO.  – Klimaendringane fører til at det blir meir regn seint på sommaren og på hausten i Noreg. Difor arbeider mange med å utvikla plantar som bøndene kan hausta litt tidlegare, slik at avlingane ikkje blir øydelagde av regnet, peika ho på. 

Universitetsskule

Ris skole er ein universitetsskule under vengene til Universitetet i Oslo.  Dei 630 elevane møter kvart år studentar frå Lektorutdanninga og PPU-utdanninga ved UiO som har praksis på skulen.  Den over 100 år gamle skulen satsar på forsking.

– Etter restaureringa bygde me opp ei svært god naturfagsavdeling. Som rektor er eg stolt over det me har fått til, sa Monica Dellebekk. Og UiO: Livsvitskap håpar no at pilotprosjektet på Ris skole skal auka interessa for livsvitskap og bioteknologi blant elevane. 

- For UiO:Livsvitskap sin del handlar dette om å gjera livsvitskap kjent. Me vil at elevar skal få kjennskap til at det er mange moglege utdanningsvegar for den som vil bidra til å løysa store samfunnsutfordringar  i  helse og miljø/bærekraft. I tillegg til medisinarar, farmasøytar og biologar treng me blant andre kjemikarar, fysikarar, matematikarar, informatikarar, juristar, filosofar og samfunnsvitarar, skriv prosjektleiar Norunn Kristin Torheim i ei pressemelding. Noregs forskingsråd har også støtta prosjektet.

Les meir om bioteknologi og livsvitskap i skulen

Les meir om livsvitskap i Uniforum: 
Erna tok grabben i bruk da hun satte i gang arbeidet med livsvitenskapsbygget

Carl Henrik Gørbitz blir ny direktør for UiO: Livsvitskap

Livsvitskapssenteret skal vera på plass på UiO i 2023

 

Emneord: Livsvitenskap, Bioteknologi, Undervisning, pedagogikk Av Martin Toft
Publisert 15. feb. 2019 16:38 - Sist endra 19. feb. 2019 10:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere