Carl Henrik Gørbitz blir ny direktør for UiO: Livsvitskap

Kjemiprofessor Carl Henrik Gørbitz (57) er tilsett som ny direktør for UiO:Livsvitskap. Det skjer to veker etter at UiO kunngjorde at Simon G. Møller var tilbydd jobben.

NY DIREKTØR: Kjemiprofessor Carl Henrik Gørbitz er svært glad for å ha blitt tilsett som ny direktør for UiO: Livsvitskap. 

Foto: Martin Toft

Den nytilsette direktøren for UiO: Livsvitskap, Carl Henrik Gørbitz er professor på Kjemisk institutt ved Universitetet i Oslo. Der har han arbeidt ved seksjon for kjemisk livsvitskap – biomolekyl, bioinspirerte material og bioanalytisk kjemi. Han skal begynna i stillinga den 1. august, kunngjer UiO i ei pressemelding.

Uniforum møter først den nytilsette direktøren på farten rett utanfor Kjemibygningen, før me seinare på dagen tar ein telefonsamtale med han.

– Gratulerer med jobben som direktør for UiO: Livsvitskap, Carl Henrik Gørbitz!

– Ja, mange takk!

– Kvifor sa du ja til jobben?

– Då eg fekk spørsmålet om eg kunne tenkja meg å søkja denne jobben, gjekk eg inn i ein tankeprosess med meg sjølv. Eg kom fram til at det ville bli eit spennande høve til å oppleva UiOs satsing på livsvitskap og få styra skuta. Det ville bli veldig interessant.

 – Vil først treffa alle

– Du begynner i jobben 1. august. Kva er det første du vil ta til med?

– Det første eg vil gjera er å treffa alle menneska og alle forskarane som arbeider med livsvitskap. Eg kjenner godt fagmiljøet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, men eg kjenner ikkje så godt miljøa på medisin og på dei humanistiske og samfunnsvitskaplege fakulteta. Då vil eg få eit oversyn over kva dei gjer i dag. Den andre oppgåva eg må ta tak i, er utlysinga av nye konvergensmiljø. Det vil starta til hausten.  

– Stillinga som direktør for UiO:Livsvitskap vart først tilbydd Simon G. Møller som var førstevalet. Korleis er det for deg å vita at du fekk jobben fordi han takka nei?

– Eg reflekterer ikkje over det. Eg var inne og såg på CV-en til Simon G. Møller og den viser at han har erfaring frå universitet over heile verda. Eg blei funnen å vera kvalifisert, og det er det viktigaste for meg. 

– Skal bli best på utdanning i livsvitskap

Sjølv er han viss på at det var litt tilfeldig at han enda opp som kjemikar.

– På den tida då eg begynte på universitetet hadde eg ei svært brei fagleg interesse. Eg kunne blitt astronom, biolog eller medisinar. Å ta del i denne forskinga på ein annan måte enn før, blir veldig bra. Det er fint å få vera med på den forskinga som vert driven vidt omkring på heile universitet.  No skal UiO også utvikla utdanning i livsvitskap. Det er eg interessert i å vera med på. Me skal vera best på utdanning akkurat som på livsvitskap. Då blir det flott å kunna dra veksel på alle dei gode kreftene som er involverte i dette fagområdet, seier Carl Henrik Gørbitz til Uniforum. 

Dette er UiO: Livsvitskap

Livsvitskap er Universitetet i Oslos (UiOs) største satsing nokonsinne. Det overordna målet for satsinga er ifølge UiO: Livsvitskaps eigne nettsider å bringa saman spisskompetanse frå medisin, biologi, fysikk, kjemi, farmasi, matematikk, statistikk, informatikk og ei rekkje andre fag, inkludert samfunnsvitskaplege og humanistiske fag. Dette for å skapa tverrfagleg forsking og utdanning som gir ny kunnskap, nye idear og mykje innovasjon innanfor livsvitskap.

Det er rekna med at UiOs nye bygg for livsvitskap kan stå ferdig i Gaustadbekkdalen i 2023.

Finn Eirik Johansen er styreleiar for UiO: Livsvitskap. Han tok over oppgåva etter Svein Stølen, då Stølen blei rektor.

Les meir om satsinga på UiO: Livsvitskaps nettside

Den som eigentleg var tiltenkt stillinga, Simon G. Møller (48) arbeider som  professor og viserektor ved  St. John´s University i New York. Den 19. april kunngjorde Universitetet i Oslo at han var tilsett i stillinga som ny direktør for UiO:Livsvitskap. 

 • Les i Uniforum: Simon G. Møller blir direktør for UiO:Livsvitenskap

• Les i Uniforum: Utsetter tilsetting av direktør for UiO: Livsvitenskap

  • Les også: Dette vil rektoratet med livsvitenskapsdirektøren

– Kunne ikkje takka ja

No viser seg altså at Simon G. Møller har takka nei til stillinga.

– Kva er grunnen til det, viserektor for forsking og innovasjon, Per Morten Sandset?

– Simon G. Møller var ryddig og gav så tidleg som mogleg beskjed om at han likevel ikkje kunne ta imot stillinga. Avgjerda vart teken etter ei totalvurdering i samråd med familien sin, og han kom fram til at det ikkje var mogleg å seia ja til jobbtilbodet vårt, seier Per Morten Sandset til Uniforum.

Etter det Uniforum har grunn til å tru var det også økonomiske vurderingar som medverka til at Simon G. Møller ikkje tok imot jobbtilbodet.

Sandset peikar på at då søkjaren som var innstilt som nummer 1, valde å ikkje ta imot jobben, ville tilbodet automatisk gå vidare til den som var innstilt som nummer 2, i dette tilfellet altså Carl Henrik Gørbitz. 

– Blir dyktig direktør

– Begge er formelt tilsette av universitetsstyret, understrekar han. Sjølv om Simon G. Møller valde å bli verande i jobben som viserektor og professor ved St. John’s University i New York, synest Per Morten Sandset UiO no har fått ein god direktør i Carl Henrik Gørbitz. 

– Eg er overtydd om at han blir ein veldig dyktig direktør for UiO:Livsvitskap. Med Gørbitz får satsinga ein direktør som har god innsikt i forskings- og utdanningspolitikk og som dessutan er oppteken av gründerverksemd. Me er trygge på at han vil gjera ein fin jobb med å innfri dei ambisjonane både UiO og dei rundt oss har for satsinga. Og me er svært nøgde med at han allereie no har skrive under arbeidsavtalen og kan ta til i jobben frå 1. august.

–Trur du det vil vera ein fordel at de har rekruttert ein direktør innanfrå UiO?

– Fordelen er at me får ein som kjenner Universitetet i Oslo. Han treng ikkje bruka tid på å læra å kjenna organisasjonen. Dersom me hadde fått ein heilt ny person, måtte den personen ha begynt å jobba på ein heilt annan måte, konstaterer Per Morten Sandset.

–Treng hjelp utanfrå

  Likevel ser han at det er naudsynt å bruka krefter utanfor universitetet for å nå målet som UiO har sett for Livsvitskapssenteret. 

– For at UiO skal få forskinga i livsvitskap opp på eit internasjonalt toppnivå, treng me hjelp utanfrå. Det hadde vore tilfellet, uansett kven me hadde tilsett som direktør, slår han fast.

Stått tom sidan juli 2017

Direktørstillinga ved UiO:Livsvitskap har stått tom heilt sidan tidlegare direktør Finn Eirik Johansen slutta i juli 2017 for å bli prodekan på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet ved UiO. Etter dette har stillinga vore utlyst to gonger. I første runde, hausten 2017, valde UiO å stansa prosessen få dagar etter at søknadsfristen gjekk ut. Grunnen var at dei trengte meir tid til å sjå på heilskapen i satsinga. Seinare blei stillinga lyst ut på nytt med meir eller mindre den same profilen som ved den første utlysinga.

Simon G. Møller og forskingsdekan Linda Hildegard Bergersen (54) var dei einaste to søkjarane som søkte begge gonger. Kjemiprofessor Carl Henrik Gørbitz var også blant dei som søkte jobben då stillinga blei lyst ut i januar 2018. No er det klart at det er Carl Henrik Gørbitz som kan innta den ledige direktørstolen i UiO:Livsvitskap frå 1. august i år.

 

(Oppdatert 4. mai 2018, kl. 16:12 og 16:32)

LIVSVITSKAPSSENTERET: Slik vil det nye Livsvitskapssenteret ved UiO sjå ut når det er ferdig i 2023. No er det klart at kjemiprofessor Carl Henrik Gørbitz blir direktør for UiO:Livsvitskap. (Illustrasjon: Ratio arkitekter as).

 

 

Emneord: Livsvitenskap, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 4. mai 2018 11:53 - Sist endra 7. mai 2018 14:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere