– Uforståeleg at kvoteprogrammet blir lagt ned

– Alle våre kvotestudentar har drege tilbake til heimlanda sine og deltatt i arbeidet med å byggja opp helsevesenet der. Derfor forstår eg ikkje kvifor regjeringa vil avskaffa ei så vellykka ordning, seier medisinprofessor Johanne Sundby.  

KVOTESTUDENTEN BLEI HELSEDIREKTØR: Dr. Mamady Cham var kvotestudent og tok først master og seinare doktorgrad i internasjonal helse ved Universitetet i Oslo. Då han drog heimatt til Gambia, blei han først nasjonal helsedirektør før han blei direktør for det største sjukehuset. Her held han ein tale i ein landsby i Gambia.

Foto: Johanne Sundby, UiO

Om kvoteordninga blir lagt ned, vil det føra til at staten ikkje lenger vil finansiera 1100 studieplassar årleg for studentar frå utviklingsland, Vest-Balkan, Aust-Europa og Sentral-

Fakta om kvoteordninga:

- gjennom kvoteordningen kan studentar frå utviklingsland og land på Vest-Balkan, i Aust-Europa og Sentral-Asia søkja støtte gjennom Lånekassen til studiar ved ein norsk lærestad.

- årleg studerer 1 100 studentar i Noreg under kvoteordninga.

- den blåblå regjeringa har foreslått å fasa ut ordninga frå studieåret 2016/2017.

- årleg kostar kvoterordninga staten 50 millionar kroner.

- dei som allereie er i gang med ei utdanning kan halda fram og får finansiert studia  til dei er ferdige med pengar frå Lånekassen.

(Kjelde: Senter for internasjonalisering av utdanning)

Asia. Det vil staten spara 50 millionar kroner på i året.

For åtte dagar sidan fekk medisinprofessor Johanne Sundby ein epost frå den fortvila medisinstudenten Sainey Sanneh frå Gambia. Etter å ha vore samarbeidspartnar i forsking og så student på Den internasjonale sommarskulen ved Universitetet i Oslo sommaren 2015, hadde han lyst til å søkja seg inn på masterprogrammet i internasjonale helse ved UiO. Då han skulle senda inn søknaden, fekk han beskjed om at kvoteprogrammet var avskaffa, og han ville dermed ikkje få økonomisk støtte frå den norske staten til å ta masterprogrammet i internasjonal helse ved UiO. 

– Kan ikkje betala for studieplassen

Uniforum får tak i Sainey Sanneh i Gambia, og han fortel kvifor kvoteordninga er så viktig for han.

– Utan eit slikt stipend vil eg ikkje ha høve til å betala for eit studieopphald på masterprogrammet i internasjonal helse ved Universitetet i Oslo. I dag arbeider eg i forskingsdirektoratet i departementet der eg er tilsett. Draumen min har vore å studera ved masterprogrammet for å kunne få meir kunnskap og kompetanse i å laga og driva forskingsprosjekt innanfor samfunnshelse, skriv Sainey Sanneh i ein epost til Uniforum.

I sommar var han student på Den internasjonale sommarskulen ved UiO. For Sainey Sanneh var det også eit nyttig og lærerikt opphald. – Dei emna me diskuterte der, slik som smittsame sjukdomar og mor- og barnehelse, var svært relevante for helsesystemet i heimlandet mitt, synest han. 

– Kvoteordninga har endra helsesystemet

Etter hans meining har kvoteprogrammet vore viktig for at helsesystemet i Gambia er blitt mykje betre. – Det har verkeleg gjort ein skilnad. Alle dei tidlegare kvotestudentane har kome tilbake til landet og har fått nøkkelstillingar som nasjonal helsedirektør, sjukehusdirektørar ved regionsjukehusa og regionale helsedirektørar. Saman har dei verkeleg endra helsesystemet vårt, seier Sainey Sanneh, som enno ikkje har gitt opp håpet om å få finansiert eit studieopphald på masterprogrammet i internasjonal helse. – Eg håpar ved Gud det vil finnast ei løysing.

– Tidlegare student blei helsedirektør i Gambia

Medisinprofessor Johanne Sundby er både sjokkert og svært opprørt over at regjeringa foreslår å leggja ned kvoteprogrammet som har gitt mange studentar frå Den tredje verda høve til å ta ei høgskule- eller universitetsutdanning i Noreg.

– Her på Avdeling for samfunnsmedisin og internasjonal helse har me hatt mellom 10 og 12 kvotestudentar frå Gambia i løpet av dei nesten tjue åra programmet har eksistert. Så å seia alle vende tilbake til heimlandet då dei var ferdige med master eller med doktorutdanning. Det beste dømet mitt er Dr. Mamady Cham, som kom hit frå Gambia som masterstudent i internasjonal helse. Då han var ferdig med masterprogrammet, heldt han fram på doktorgradsprogrammet vårt.

– Då han returnerte til heimlandet, blei han helsedirektør, og no er han direktør for det største sjukehuset i Gambia. Det var ein lærar som oppdaga at han var svært flink då han blei kjend med han i ein liten landsby utan straum langs eit elveleie i Gambia. Han fekk sendt han på ein skule som gav han ei høgare utdanning i helsefag.

Johanne Sundby peikar på at Mamady Cham har bidratt sterkt til betring av helsetenesta i landet sitt.

I FELTEN: Medisinprofessor Johanne Sundby samtalar med helsepersonell i Gambia. (Foto: Camilla Smaadal, Apollon)

Doktorprogram kan bli fasa ut

– Kva konsekvensar vil ei nedlegging av kvoteprogrammet få for Avdeling for samfunnsmedisin og internasjonal helse?

I første omgang vil me truleg måtta kutta sterkt ned på doktorgradstutdanninga vår i internasjonal helse. I desember vil den siste doktorstudenten bli tatt opp på programmet, men så kan me ikkje ta opp fleire. Dermed vil doktorprogrammet sakte, men sikkert bli fasa ut, fortel Johanne Sundby til Uniforum.

I over 25 år har Johanne Sundby vore oppteken av å utdanna og vidareutdanna helsepersonell frå Gambia. Og resultata er svært oppmuntrande, synest ho. 

– Dei mellom 10 og 12 studentane frå Gambia som har vore her, men også dei frå Malawi, har alle fått eit felles erfaringsgrunnlag frå Noreg, og me ser tydelege teikn på at dei har klart å betra kvaliteten på dei helseinstitusjonane som dei leier. Og nesten alle har returnert til Gambia etter at utdanninga i Noreg er avslutta. Grunnen til det er mellom anna at dei som kjem hit, allereie har jobb på ein helseinstitusjon i Gambia, i tillegg til at dei som ikkje drar tilbake, må betala heile utdanninga sjølve.

– Evalueringar har også vist at store delar av  kvoteprogrammet i det store og det heile har vore ein stor suksess for både landet som sender dei til oss og for Noreg som bistandsland, seier Johanne Sundby.

Etter hennar meining var den førre regjeringa flinkare til å satsa på global helse enn dagens regjering.

– Den blåblå regjeringa er meir opptatt av global utdanning, og ikkje minst at jenter skal få gå på skule. Det er vel og bra, men desse landa treng også ei sterk gruppe av både lærarar, helsearbeidarar og legar som kan utdanna andre. Difor er det også naudsynt å byggja opp eit godt tilbod i høgare utdanning, slik at desse landa etter kvart kan stå på eigne bein, understrekar Johanne Sundby.

– Urettferdig

I forslaget til statsbudsjett for 2016 går det fram at regjeringa heller vil ha strategiske partnarskap med landa med dei raskast veksande økonomiane, Brasil, Russland, India, Kina og Sør-Afrika (BRIKS-landa) enn å halda fram med kvoteprogrammet. Dermed blir kvoteprogrammet ofra på BRIKS-landas alter. Det tykkjer ikkje Johanne Sundby noko om.

– Regjeringa tar dermed pengar frå dei fattigaste landa og gir det til dei mellomrike landa. Det er urettferdig, meiner ho. På Avdeling for samfunnsmedisin er det rundt fire til seks kvotestudentar i året på masterprogrammet. Årleg er det også to disputasar med kvotestudentar som er ferdige med doktorutdanninga si.

Til slutt kjem Johanne Sundby med eit hjartesukk:

– For at folk skal halda seg i heimlanda sine i Afrika sør for Sahara, er det viktig at landa får ei god økonomisk utvikling, og ikkje minst får bygt opp både utdannings- og helsevesenet. Alternativet er at dei legg ut på vandring for å skaffa seg eit betre liv i Vesten, spår ho.

Om kvoteprogrammet forsvinn, vil det berre koma eigenfinansierte studentar frå Gambia. For dei vil studieplassen kanskje berre vera ein inngangsbillett til Vesten. Dei vil ofte ikkje ha nokon plan om å venda tilbake til heimlandet, trur ho. 

No håpar ho at politisk press vil føra til at regjeringa snur i dette spørsmålet.

– Derfor har me skrive eit felles protestbrev til stortingspolitikarane, fortel ho.

– Kvoteordninga bør halda fram

UiO-rektor Ole Petter Ottersen går også til frontalangrep på forslaget frå regjeringa om å leggja ned kvoteprogrammet, sjølv om han samtidig støttar satsinga på samarbeidet med Brasil, Russland, India, Kina og Sør-Afrika.

REDUKSJON: – Etter det eg kan sjå, vil utfasing av kvoteordninga innebera ein merkbar reduksjon av internasjonale studentar frå det globale sør, både ved UiO og ved andre norske institusjonar, understrekar UiO-rektor Ole Petter Ottersen. (Arkivfoto: Ola Sæther)

– Det er sjølvsagt fint å satsa på BRIKS-landa, men dette er inga erstatning for kvoteprogrammet. Eg meiner at kvoteordninga bør halda fram som eit mobilitetsprogram med studentstipend. Me ynskjer også framover å bruka kvoteordninga strategisk i internasjonaliseringsarbeidet vårt. Etter det eg kan sjå, vil utfasing av kvoteordninga innebera ein merkbar reduksjon av internasjonale studentar frå det globale sør, både ved UiO og ved andre norske institusjonar, understrekar han.

– Umusikalsk

Ottersen peikar på at avskaffinga av kvoteordninga vil få fylgjer for masterprogram også ved andre fakultet enn ved Det medisinske fakultetet.

– Fleire av UiOs masterprogram er bygde opp rundt kvoteordninga. Det er merkeleg at ei så viktig endring ikkje er blitt utsett for ein open debatt. I ei verd med stadig aukande ulikskapar og eit stadig aukande behov for å opna grensene for utveksling av forskarar, studentar , ekspertise og talent, så verkar det nærmast umusikalsk at kvoteordninga blir fasa ut utan inngåande diskusjon.

Kva vil du gjera for at kvoterordninga likevel skal overleva budsjettforhandlingane?

– Eg har allereie signalisert mi og UiOs haldning til dette til både norske og utanlandske media og går ut ifrå  at haldninga vår er godt kjend blant dei som no skal debattera forslaget til budsjett.  

UiO-rektor Ole Petter Ottersen ser ikkje noka reserveløysing om kvoteordninga skulle falla bort.

– Det er vanskeleg å sjå noko fullgodt alternativ.

Uniforum har forsøkt å få ein kommentar frå den politiske leiinga i Kunnskapsdepartementet til kritikken mot forslaget om å avvikla kvoteordninga. Førebels har me ikkje lykkast å få dei i tale. Me vil fylgja opp saka seinare.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Forskningspolitikk, Internasjonal samfunnshelse, Afrika, Universitetspolitikk, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 21. okt. 2015 13:17 - Sist endra 21. okt. 2015 15:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere