Lærer studentar i Japan kreativ tenking

– Studentane våre skal læra å tenkja kritisk og stilla spørsmål ved alt det blir undervist i. I Japan blir ikkje kritisk tenking sett på som noko positivt, seier universitetsgrunnleggjar Michael Lacktorin i Kofu i Japan.

INNSKRIVING: Dei første studentane blir skrivne inn på International College of Liberal Arts ved Yamanashi Gakuin University i Kofu i Japan. 

Foto: Martin Toft

Like under Fuji-fjellet ligg International College of Liberal Arts. Det eit engelskspråkleg fakultet under Yamanashi Gakuin University. Det blei starta opp av Michael Lacktorin i april

Fakta om International College of Liberal Arts:

Er ein del av Yamanashi Gakuin University i Kofu, like ved Fuji, Japans mest kjende fjell.

Tar opp 80 studentar i året. 80 prosent kjem frå utlandet, medan resten kjem frå Japan.

Starta opp i april 2015.

Alle studentane må ta både naturvitskap, samfunnsfag og humaniora. Kampsport kan også vera ein del av timeplanen.

Studentane skal læra kritisk tenking.

I dag har utdanningsinstitusjonen studentutvekslingsavtalar med både Universitetet i Bergen, Universitetet i Tromsø, Høgskulen i Volda og NTNU.

 

i år etter at han i fleire år hadde jobba som både dekan og professor på Fakultetet for japanske studium ved Akita International University.

Frå børs til kateter

Michael Lacktorin er frå Minnesota og har norskætta foreldre. Han er nesten like stolt over det, som han er over at han var den første amerikanar som tok ein doktorgrad i økonomi i Japan.

Etter ein hektisk karriere i børsen på Wall Street og i amerikanske og japanske selskap, tok livet hans eit vendepunkt då han var 42 år. – Eg fann ut at jobben min ikkje gav meg den driven og den motivasjonen eg trengte. Difor fann eg ut at kallet mitt var å undervisa i økonomi og andre fag. Det har eg ikkje angra på eitt einaste sekund, seier han til Uniforum.

I Japan rår den oppfatninga at all undervisning og forsking må vera nyttig og arbeidslivsrelatert. Resultatet blir då ofte at humaniora og samfunnsfag får mykje mindre plass enn matematikk, medisin og andre naturvitskaplege fag. I denne politiske atmosfæren går Michael Lacktorin og forskarkollegaene hans mot straumen.

– I 2003 var eg med på å grunnleggja Akita International University. Det blei det aller beste japanske universitetet i humaniora og samfunnsfag, mykje takka vere utanlandske lærarkrefter med bakgrunn frå mellom andre universiteta i Harvard og Chicago, fortel han. Resultatet blei at studentane fekk jobb før dei var ferdige med studia.

– Det sjokkerte det japanske samfunnet, og dei forstod brått at det likevel ikkje var bortkasta å studera humaniora og samfunnsfag, seier Michael Lacktorin til Uniforum.

Skal stimulera begge sider av hjernen

Saman med visedekan Christian Etzrodt starta han i år opp det engelskspråklege fakultetet International College of Liberal Arts i Kofu.

– Filosofien vår er at me skal stimulera både den venstre og den høgre hjernehalvdelen og få dei til å fungera godt saman. Derfor tilbyr me studentane våre ein fin bukett med både teknisk-naturvitskaplege fag ved sida av ein like fin bukett med humaniora og kreative fag.

– For å forstå økologi, er det naudsynt å trekkja inn kunnskap både frå naturvitskap, samfunnsfag og humaniora. Dei første åra må alle studentane velja fag frå alle desse hovudgruppene, før dei kan satsa på spesialisering dei siste fire åra dei går på dette universitetet. Eit fagtilbod som me trur me er ganske åleine om, er kampsport. Der får studentane opplæring i judo, karate og aikido, fortel han. Dei tilbyd også undervisning i musikk, dans, religion og japanske studium.

Alle må studera i utlandet

Kvart år blir 80 studentar tatt opp på International College of Liberal Arts. Kvar klasse har maksimalt 20 studentar for kvar forelesar. Rundt 80 prosent av studentane kjem frå utlandet, medan 20 prosent av studentane er japanarar.

– Nesten all undervisning er på engelsk. Difor må dei japanske studentane også bestå ein eksamen i engelsk før dei kan bli tatt opp på eit bachelor- eller masterprogram. Alle må også ta eit eitt år langt opphald i utlandet, samtidig som mange utanlandske studentar også kjem hit. Og for at japanske studentar skal bli gode i engelsk, oppfordrar me dei til å bu i studentbustadene saman med dei utanlandske studentane, seier han.

Kreativ tenking kan redda Japans økonomi

Visedekan Christian Etzrodt trur at dei har eit utdanningstilbod som er nettopp det Japan treng.

– I altfor mange år har japanske studentar klart å koma gjennom heile utdanningssystemet utan å læra seg engelsk og slik kunna kommunisera med folk frå resten av verda. Studentar både i Mongolia og Nord-Korea kan engelsk mykje betre. No hjelper me japanske studentar og Japan til å spela ei viktig rolle i verda, meiner Christian Etzrodt.

Han og Michael Lacktorin viser til ein forskingsrapport som viser at om ikkje utviklinga i Japan snur, vil ikkje landet vera mellom dei 25 største økonomiane i verda i 2050.

– Det har fått alarmklokkene til å ringja hos styresmaktene. Kanskje det nettopp er kreativ tenking og kritiske røyster Japan treng for å koma ut av den økonomiske hengemyra som landet har vore i sidan 1999, spør både visedekan Christian Etzrodt og dekan Michael Lacktorin.

(Kjelder: Michael Lacktorin, Christian Etzrodt, nettsidene til International College of Liberal Arts, Japan Times og The Guardian)

UNIVERSITETSGRÜNDER: Michael Lacktorin var først med på å grunnleggja Akita International University i 2003. No står han og kollegaene hans bak det splitter nye International College of Liberal Arts i Kofu.  

 

 

 

 

 

 

Emneord: Japan, Undervisning, Internasjonalisering Av Martin Toft (tekst og foto )
Publisert 20. okt. 2015 05:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere