– Vil forska på behandlinga taterfolket har fått frå psykiatrien

– Regjeringa vil sjå nærare på om det er mogleg å forska vidare på behandlinga taterfolket har fått frå psykiatrien. Det sa kommunalminister Jan Tore Sanner etter å ha fått rapporten frå taterutvalet i ettermiddag.

PÅ LANDEVEGEN: Ein taterfamilie på landevegen med hest og vogn. I 1951 vedtok Stortinget at taterar og romanifolk ikkje fekk lov til å ha hest. (Foto: Glomdalsmuseet)

Foto: Tatermuseet på Elverum

Det var Universitetets aula som var arenaen då leiaren for taterutvalet Knut Vollebæk i ettermiddag overrekte utgreiinga om overgrepa mot taterane/romanifolket i Noreg til kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner. Det var ein tydeleg rørt statsråd som tok imot det sterke innhaldet i utgreiinga.

– Vil gjera vondt

– Rapporten er viktig, for det er viktig å forstå fortida for å forstå notida. Og det er nødvendig å ta eit oppgjer med fortida for å kunna byggja tillit for framtida. Eg er førebudd på at det vil gjera vondt å lesa denne utgreiinga. Som menneske har me alle grunnleggjande rettar uavhengig av bakgrunn.  Me har rett til ikkje å bli diskriminerte på grunn av den du er, rett til familie og rett til barn.

– Taterane/romanifolket har opplevd overgrep. Det handlar om tvangssterilisering og bortsetjing av barn på Svanviken arbeidskoloni . I Noreg har me visst for lite om konsekvensane av denne politikken. No håpar me at me får meir kunnskap om dette gjennom romaniutvalets rapport. Gjennom enkeltmenneske sine historier kan me få betre innblikk i historia til romanifolket, understreka Jan Tore Sanner.

Vil ha meir forsking

Statsråden syntest det var svært leit at utvalet ikkje hadde fått medhald i ynsket om å få innsyn i journalane til psykiatriske sjukehus.

– Dessverre fekk utvalet svært avgrensa innblikk frå psykiatriske sjukehus. Me vil sjå nærare på om det er mogleg å forska vidare på det området. Når me har gått gjennom rapporten og enkeltforslaga, kan me finna ut korleis rapporten skal fylgjast opp, lova statsråden.

Første orsaking kom i 1998

Han viste til at i 1998 var dåverande kommunal- og regionalminister Ragnhild Queseth Haarstad den første som beklaga overgrepa mot romanifolket. Samtidig fekk taterane/romanifolket status som nasjonal minoritet.

 – Regjeringa Solberg stiller seg bak orsakingane som allereie er komne. Me seier oss svært leie for dei overgrepa som taterane/romanifolket er blitt utsette for, slo han fast.

Jan Tore Sanner gav også honnør til arbeidet utvalet har gjennomført.

– Etter arbeidet til utvalet veit me litt meir om det som skjedde. Det har vore fint med eit breitt samansett utval, og at to av medlemane tilhøyrer romanifolket. Desse bidraga er svært viktige for utvalet og rapporten sin legitimitet. Det er også fint at det no er auka interesse for skulegang mellom romanifolket og taterane, og det lovar godt for framtida, sa statsråden.

– Må sjå framover

Han uttrykte også håp om at forsoningsarbeidet no kan halda fram på ein god måte.

Mandatet til utvalet:

Statsråd Rigmor Aasrud i Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet oppnemnde romanifolket/taterutvalet i januar 2011.

Oppdraget var å granska norske styresmakter, organisasjonar og institusjonar sin politikk og tiltak overfor taterane/romanifolket. Ei av dei viktigaste oppgåvene har vore å kartleggja praksisen med å ta barna frå romanifolket/taterane, i hovudsak i regi av organisasjonen Misjon blant hjemløse. Dei skulle også finna ut om politiet dreiv systematisk registrering av denne folkegruppa.

Dei første åra var utvalet leidd av pensjonert seniorforskar Asbjørn Eide. I 2013 overtok diplomat og tidlegare utanriksminister Knut Vollebæk som leiar.

– Det handlar ikkje berre om staten, men også om storsamfunnet og sivilsamfunnet. Derfor må det gjevast god tid til høyringsprosessen . Me må ikkje gløyma fortida, men også sjå framover. Slik håpar me at me kan vidareføra eit godt samarbeid, slik at romani- og taterkulturen kan halda fram med å vera ein viktig del av mangfaldet i Noreg, sa Jan Tore Sanner.

Statskyrkja og kommunane bad taterane om orsaking

Både Den norske kyrkja ved preses, biskop Helga Byfuglien og generalsekretær for Kyrkjas sosialteneste, Helmuth M. Liessem. sa seg på det sterkaste lei for overgrepa som den nedlagde organisasjonen» Norsk misjon blant hjemløse» hadde utført mot taterane/romanifolket.

Også administrerande direktør for Kommunanes sentralforbund, Lasse Hansen. sa seg lei for ansvaret dei hadde for at barna til taterar/romanifolket blei tatt bort frå foreldra utan gyldig grunn. – Det handlar om diskriminering. Det handlar om ting som me gjorde og ikkje burde gjort. «Du skal ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammer deg selv», skreiv Arnulf Øverland. Det sitatet er aktuelt også når det gjeld overgrepa taterane/romanifolket har opplevd, sa han.

Trakassering på campingplassar

Anna Gustavsen som representerte taterfolket i utvalet vitna om trakassering frå campingplasseigarar mot taterfamiliar i Noreg. Ho viste også korleis politiet var opptatt av å åtvara folk mot taterfolk som var ute etter arbeid. – Ei kvinne i Kongsvinger fekk ikkje bli drosjesjåfør berre fordi ho var tater, fortalde ho. Andre skildra korleis barn var blitt straffa på Svanvik, og korleis ein familie i samla flokk hadde klart å rømma til Bergen, og til slutt fått sitt eige hus i kommunen.

Tateren og songaren Elias Aslaksen og trekkspelmusikaren Stian Karstensen stod bak det musikalske innslaget under overrekkinga av tater-/romaniutvalets rapport i Universitetets aula.

 

 

 

Emneord: Menneskerettar, Historie Av Martin Toft
Publisert 1. juni 2015 15:50

Logg inn for å kommentere