Sofie A. E. Høgestøl attvald til Universitetsstyret

Doktorstipendiat Sofie A. E. Høgestøl blei attvald som representant i Universitetsstyret for dei mellombels, vitskaplege tilsette. Ho fekk 49,8 prosent av røystene.

SER FRAM: – Eg ser fram til å jobba med dei føreslegne endringane som skjer eksternt og internt på UiO, seier Sofie A. E. Høgestøl. Ho er attvald som representant for dei mellombels, vitskaplege tilsette i Universitetsstyret ved UiO.

Sofie A. E. Høgestøl frå Norsk senter for menneskerettar ved Det juridiske fakultetet fekk 156 stemmer, altså 49,8 prosent, då alle dei 342 stemmene var fordelte på dei tre kandidatane. Postdoktor Heidi Østbø Haugen ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi fekk 131 stemmer, det vil seia 41,9 prosent. Dermed blir ho også første vara til Universitetsstyret. Den tredje kandidaten, forskar Thorjørn Larssen ved Norsk institutt for vassforsking (NIVA) fekk 26 stemmer. Han er også professor II ved Kjemisk institutt. Valdeltakinga var på 15,76 prosent, får Uniforum opplyst hos Magnhild Nesheim, som er sekretær for valstyret ved UiO. I fjor var valdeltakinga på 15,88 prosent.

– Vil betra arbeidsforholda

Uniforum snakka med Sofie A. E. Høgestøl etter at det var klart at ho var blitt attvald:

– Eg blei overraska av at eg blei attvald, sidan eg hadde så fine motkandidatar. No vil eg auka innsatsen for å betra arbeidsforholda for dei mellombels, vitskaplege tilsette, lovar ho. Sofie A. E. Høgestøl vil samla gruppa ho representerer oftare.

– For meg blir det viktig å samla alle dei mellombels, vitskaplege tilsette som sit i styre og utval på UiO, slik at me kan ha ei felles opplæring i styrearbeid. Gjennom interesseorganisasjonen vår UiODoc har me eit godt nettverk. Eg er viss på at me kan læra av kvarandre ved å utveksla erfaringane våre med styrearbeid, seier Høgestøl til Uniforum. Den attvalde universitetsstyrerepresentanten gler seg til eitt år til i styret for UiO. – Eg ser fram til å jobba med dei føreslegne endringane som skjer eksternt og internt på UiO. Det var nettopp det som var hovudgrunnen til at eg stilte opp igjen, fortel ho.

– Alle må bli involverte

Også Sofie A. E. Høgestøl ser at det kan bli endå meir universitetsdemokrati enn det er i dag. – Det er viktig at både studentar, teknisk-administrative og dei mellombels og fast vitskaplege tilsette føler at dei blir involverte i alle dei viktige avgjerdene på universitetet. Då kan me også få meir debatt om dei prosessane som går føre seg. Det er viktig for universitetsdemokratiet. Difor vil eg jobba for det framover. Eg har lært mykje det året eg har sete i Universitetsstyret, slår ho fast. Sofie A. E. Høgestøl er attvald for eitt år.

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Valg Av Martin Toft
Publisert 3. juni 2015 14:29 - Sist endra 3. juni 2015 14:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere