Hilde Haugsgjerd blir med i Underdal-gruppe

Tidlegare sjefredaktør i Aftenposten, Hilde Haugsgjerd blir einaste eksterne medlem i gruppa som skal sjå nærare på dagens styring av Universitetet i Oslo.

MØTER UNDERDAL IGJEN: Hilde Haugsgjerd blir einaste eksterne medlem i Underdal-gruppa. Gruppa skal sjå nærare på dagens styring av UiO. Biletet er frå eit møte i Universitetsstyret, der Hilde Haugsgjerd i fleire år var ekstern representant. (Arkivfoto)

Foto: Trine Nickelsen, UiO

I morgon skal Universitetsstyret vedta mandatet til arbeidsgruppa som blir leidd av  statsvitskapsprofessor og tidlegare UiO-rektor Arild Underdal.

I framlegget går det fram at gruppa skal vurdera dagens rolle og ansvarskart mot dei refleksjonane som den internasjonale rådgjevingsgruppa (SAB) gir på eit overordna nivå. I stor grad vil utfordringane gruppa får frå dei andre arbeidsgruppene om forsking, utdanning og det tverrfaglege samarbeidet også danna grunnlaget for kva gruppa kjem fram til når det gjeld framtidig styring av UiO.

Gruppeleiar Arild Underdal har fått frie hender til å plukka ut medlemane i gruppa med unntak av dei som er peika ut av Studentparlamentet, fagforeiningane og hovudverneombodet.

Dette er medlemane i gruppa:

1. Professor Arild Underdal (SV, leiar)

2. Tidlegare sjefredaktør Hilde Haugsgjerd (ekstern deltakar)

3. Dekan Morten Dæhlen (MN)

4. Dekan Arne Bugge Amundsen (HF)

5. Dekan Hans Petter Graver (Jus)

6. Administrasjonssjef Eva Helene Mjelde (Basalmed./MED)

7. Professor Åse Gornitzka (STV/SV)

8. Professor Tanja Storsul (Media/HF)

9. Professor Unni Olsbye (inGAP/MN)

10. Professor Kjetil Taskén (BiO/MED)

11. Forskar Anne Maria Eikeset (CEES/MN)

12. Student Marianne Andenæs (Oppnemnd av Studentparlamentet)

13. Hovedverneombud Hege Lynne

14. Universitetslektor Øivind Bratberg (STV/SV – Oppnemnd av Org.)

15. Førsteamanuensis Steinar A. Sæter (ILOS/HF – Oppnemnd av Org.)

16 Professor Svend Davanger (Basalmed./MED – vara oppnemnd av Org.)

17 Senioringeniør Yngve Hafting (IFI/MN - vara oppnemnd av Hovudverneombodet)

Arbeidsgruppa har fått frist fram til første kvartal 2016 med å leggja fram resultatet av arbeidet sitt. Mesteparten av arbeidet til gruppa blir difor gjennomført hausten 2015. No blir det også planlagt eit møte den 3. juni mellom denne gruppa og dei tre andre arbeidsgruppene om forsking, utdanning og tverrfagleg samarbeid.

I morgon skal Universitetsstyret vedta mandatet for gruppa.

Livsvitskap

Ei anna sak som kjem opp i morgondagens møte i Universitetsstyret er organiseringa av det framtidige senteret for livsvitskap. I førre møte vedtok Universitetsstyret at Det medisinske fakultetet skulle vera vertsfakultet for satsinga på livsvitskap. No blir styret bede om å vedta fylgjande forslag frå universitetsdirektøren: Styret sluttar seg til interimløysing for organisering av ei livsvitskapssatsing som ligg under Universitetsstyret, og som sikrar kopling til bygg og fagleg utvikling til ei langsiktig, god organisering er på plass. Det medisinske fakultetet er vertsfakultet for satsinga, noe som inneber at dei tar seg av sekretariatsfunksjonen og administrativ støtte.

Frå tidlegare vedtak i Universitetsstyret er det klart at Bioteknologisenteret og Norsk senter for molekylærmedisin frå og med 1. april organisatorisk er lagde til Det medisinske fakultetet. Planen er at desse forskingsentra etter kvart skal inn i det framtidige livsvitskapssenteret.

Førebels skal styret for livvitskapssenteret liggja rett under Universitetsstyret. Forslaget til styresamansetjing frå Det medisinske fakultetet ser slik ut:

• Styreleiar (frå Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet som den største aktøren utover vertsfakultetet)

• Nestleiar for styret (frå vertfakultetet)

• Viserektor

• Styremedlem med HumSam-kompetanse

• Studentrepresentant

• Styremedlem frå Oslo universitetssykehus/Helse Sør-Øst

• Styremedlem frå annan regional FoU-institusjon

Senteret skal også ha ein eigen direktør som førebur saker for styret og er sekretær for dette. Direktør møter fast i styret og har talerett, men ikkje stemmerett. Direktøren rapporterer til styret, medan styret rapporterer direkte til rektor. Dekanen ved Det medisinske fakultetet foreslår styremedlemar, medan rektor oppnemner styret på fullmakt frå Universitetsstyret.

Det medisinske fakultetet som er vertsfakultet, skal også ha ansvaret for å få finna lokale til sekretariatet til senteret for livsvitskap.

Valreglement og likestilling

Universitetsstyret skal også ta stilling til forslaga om endringar i valreglementet ved UiO. Dessutan skal det også bli ei orientering om strukturmeldinga for høgare utdanning frå Kunnskapsdepartementet. Medlemane i Universitetsstyret skal også diskutera likestillingrapport for 2014. Og dei får også ei orientering om 2014-rapporten frå Studentombodet. Møtet begynner i Tøyen hovedgård tysdag 5. mai kl. 10.00.

Dette er heile saklista til møtet i Universitetsstyret.

 

Emneord: Universitetspolitikk, Forskning, Valg, Medisin Av Martin Toft
Publisert 4. mai 2015 14:39 - Sist endra 4. mai 2015 14:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere