Heller mot tilsett rektor

– Eg trur sjansane for å få ein lite gode rektor er mindre med ein tilsett rektor og eit styre som gjer jobben sin. Det meiner Thorjørn Larssen som er ein av dei tre kandidatane som stiller til val som representant i Universitetsstyret for dei mellombels vitskaplege tilsette. 

KANDIDAT: Thorjørn Larssen vil gjerne inn i Universitetsstyret som representant for dei mellombels, vitskaplege tilsette.

Foto: Privat

Frå tysdag 26. mai og fram til og med tysdag 2. juni er det val på ny representant i Universitetsstyret for dei mellombels, vitskaplege tilsette. I dag sit Sofie Høgestøl i det vervet, men no blir ho utfordra av Thorjørn Larssen og Heidi Østbø Haugen.

Uniforum har spurt alle tre om kva dei meiner om viktige universitetspolitiske spørsmål.  Thorjørn Larssen blir spurt ut i denne artikkelen.

Kandidat: Thorjørn Larssen, forskar på miljø og forureining.

Arbeidsstad: NIVA, professor 2 ved UiO.

–Vil du gå inn for vald rektor eller tilsett rektor med ekstern styreleiar slik regjeringa vil skal vera normalordninga?

– Eg heller mot tilsett rektor, utan førebels å vera veldig fast bestemt.  

– Kan du grunngi haldninga di i dette spørsmålet?

– Me kan heilt sikkert få både gode og dårlege rektorar med begge modellar, men eg trur sjansane for å få ein lite god rektor er mindre med tilsett rektor og et styre som gjer jobben sin. Eg er ein sterk tilhengjar av "bottom up"- initiativ og framifrå forsking må nødvendigvis vera forskardriven. Eg trur derimot ei tilsett leiing betre kan leggja til rette for at vilkåra for dei som skal gjera jobben, er optimale.

– Kvifor stiller du til val?

– Eg er opptatt av at Universitetet i Oslo framleis skal vera ein viktig aktør i samfunnsutviklinga. Rolla til styret med å trekkja opp strategiar for utdanning og forsking er viktig for å utvikla universitetet i riktig retning og der ynskjer eg å bidra.

– Kva synest du om innsatsen til Sofie Høgelstøl det året ho har representert dykk i styret og kvifor vil du utfordra henne?

 – Eg må vedgå at eg kjenner lite til Sofies innsats, og stiller ikkje til val fordi eg ynskjer å utfordra henne, men fordi eg sjølv ynskjer å bidra.

– Om du blir vald, korleis vil du jobba med oppfylginga av konklusjonane i SAB-rapporten? 

– Rapporten har mange gode tilrådingar og oppfylginga  blir spennande. Rapporten er veldig tydeleg på behovet for å gjere tydelege prioriteringar. Ein viktig jobb for styret blir vel å sikra at ein torer å prioritera og fokusera, basert på det som blir gjort i arbeidsgruppene.  

– Korleis vil du jobba for interessene til dei mellombels vitskaplege tilsette?

 – Styrets rolle er  å sikra at den faglege verksemda held høg kvalitet og at institusjonen blir drive  effektivt og korrekt. Dette er viktige føresetnader for alle, ikkje minst for dei mellombels tilsette. Universitetet skal sjølvsagt fylgja lovverket knytt  til mellombelse tilsetjingar.    

–  I kva grad vil du arbeida for at det skal bli lettare å driva forsking på tvers av fakultet og institutt? Kan de visa til eigne røynsler på dette området?

Dette er eg opptatt av! Eg synest SAB-rapportens klare tilråding  om meir tverrrfaglegheit og samarbeid på tvers er riktig og viktig og ei mogleg plattform for å styrkja UiOs relevans og synlegheit i samfunnet. Eg forskar sjølv på miljø- og forureiningsrelaterte problemstillingar i grenseområdet mellom kjemi, biologi og geofag. Eg har også hatt fleire prosjekt, og mange fleire søknader med radikal tverrfaglegheit og har erfart mange av utfordringane som ligg i dette. Eg er derimot overtydd  om at det er vegen å gå for maksimal nytteeffekt av den kunnskapen universitetet samla har!

Les  meir om valet av representant til Universitetsstyret for dei mellombels, vitskaplege tilsette.

Thorjørn Larssens valsider

Emneord: Valg, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 30. mai 2015 12:30 - Sist endra 30. mai 2015 21:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere