Arne Bugge Amundsen vann dekanvalet på HF

Arne Bugge Amundsen vann dekanvalet  på Det humanistiske fakultetet ved UiO med  50,2 prosent  av dei vekta røystene medan motkandidat Jens Braarvig fekk 49,8 prosent.

NY DEKAN PÅ HF: Arne Bugge Amundsen er vald til ny dekan på Det humanistiske fakultetet.

Foto: Ola Sæther

Arne Bugge Amundsen vann dekanvalet med 0,4 prosent klaring til motkandidaten Jens Braarvig. Då det elektroniske valet blei avslutta klokka 12.00 fredag 7. november, hadde 737 personar brukt røysteretten sin. 37 av stemmene var blanke, får Uniforum opplyst på nettsidene til HF.

Samanlikna med førre gong det var eit reelt dekanval i 2006, har oppslutnaden blant studentane auka, medan engasjementet har gått tilbake både hos dei vitskaplege og dei teknisk-administrative. Under årets dekanval var talet på godkjende røyster mellom dei vitskaplege på 336, mellom dei teknisk-administrative 134 og mellom studentar 267. I 2006 var det 407 godkjende røyster mellom dei vitskaplege, 153 mellom dei teknisk-administrative og berre 16 mellom studentane.  Fordelt på tilsettegruppene blir røystefordelinga slik:

 

  • Arne Bugge Amundsen: 153 røyster frå vitskaplege tilsette, 89 frå teknisk-administrative tilsette, 96 frå studentar.
  • Jens Braarvig: 167 røyster frå vitskapleg tilsette, 38 frå teknisk-administrativt tilsette, 157 frå  studentar (Kjelde: Det humanitiske fakultetet, UiO)

 

Arne Bugge Amundsen overtar dekanvervet etter Trine Syvertsen som har sete i dekanstolen sidan 2006. Med seg i dekanatet får han Else Rees som prodekan for forsking og Eirik Welo som prodekan for undervisning. Dei overtar den politiske makta på Det humanistiske fakultetet etter nyttår.

(Oppdatert 10. november kl. 11.28)

Emneord: Universitetspolitikk, Dekanvalg Av Martin Toft
Publisert 7. nov. 2014 17:56 - Sist endra 10. nov. 2014 11:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere