Truleg stor reduksjon i talet på avrettingar i Kina

– Me har grunn til å tru at talet på avrettingar i Kina har gått ned med 80 prosent sidan 2007. Det er eit av mange gode døme på at avskaffing av dødsstraff er i medvind, seier den amerikanske jussprofessoren Franklin Zimring.

VIKTIG: – No er det viktig at universiteta også engasjerer seg i kampen mot dødsstraff, sa UiO-rektor Ole Petter Ottersen på eit seminar om dødsstraff i Gamle festsal i sentrum før helga.

Foto: Martin Toft

Det var på eit seminar i regi av Universitetet i Oslo og Nettverket mot dødsstraff at Franklin Zimring frå Berkeley-universitetet presenterte oppmuntrande tal over utviklinga av bruken av dødsstraff i verda.

Kina er på glid

I dag er Kina framleis det landet i verda som avrettar flest dødsdømde personar. Zimring har likevel registrert ei positiv utvikling på dette området i Kina sidan 2007. Uoffisielle tal tyder nemleg på ein nedgang på 80 prosent sidan 2007.

– Difor er det grunn til å tru på kinesiske styresmakter når dei seier at dei vil avskaffa dødsstraffa når tida er inne for det, sa han.

Kvart tiande land praktiserer dødsstraff

I foredraget sitt viste han til kor mange land som heilt har avskaffa dødsstraffa sidan 1980.

 – Den gongen var det 37 land som hadde avskaffa dødsstraffa. No er det til saman 140 land i verda som ikkje lenger har eller praktiserer dødsstraff. I 2013 var det berre 22 land som utførte avrettingar. Det vil seia ein tidel av alle landa i verda, slo han fast. Av desse landa er det berre USA og Japan som kan reknast som stabile, demokratiske statar.

Fakta om dødsstraff:

I 2013 blei det avretta 778 fangar i 22 land

Kina avrettar truleg mange tusen personar i året, men det finst ingen offisielle tal fordi dei blir rekna som statsløyndomar.

Desse landa avretta flest personar i verda i 2013:

  1. Kina (mange tusen), uoffisielt
  2. Iran   369
  3. Irak   169
  4. Saudi-Arabia 79
  5. USA      39
  6. Somalia 34

140 land har avskaffa dødsstraffa medan 22 land har dødsstraff

I 1980 var det 37 land som hadde avskaffa dødsstraffa

(Kjelde: Amnesty International)

– Dei er i selskap med land som Nord-Korea, Iran, Irak, Kina og Uganda. Ikkje akkurat føregangsland for demokrati og menneskerettar, poengterte han.

Viktig kamp for universiteta

UiO-rektor Ole Petter Ottersen meinte det var viktig at universitet over heile verda kjempa mot dødsstraff.

– Akademisk fridom er fundamentet til universitetet, og vanlegvis skal ikkje eit universitet ta standpunkt i politiske spørsmål. Unntaka har likevel vore viktige. Difor har universiteta kjempa mot både slaveriet og mot rasediskriminering. No er det viktig at alle universiteta også engasjerer seg i kampen mot dødsstraff, oppfordra han til. Ottersen viste til at dødsstraff ikkje har nokon effekt.

– Forsking viser at dødsstraff ikkje hindrar brotsverk, slo han fast.

Statssekretær Ingrid Skjøtskift i Utanriksdepartementet lova at regjeringa skulle halda fram med å kjempa mot dødsstraff i heile verda.

– Dødsstraffa har ingen plass i det 21. hundreåret. Og det finst ingen prov for at dødsstraffa kan forhindra alvorlege brotsverk. Den kan heller ikkje knytast til geografi, religion eller kulturell tradisjon. Landa som har dødsstraff og land som har avskaffa dødsstraffa finst overalt, uavhengig av slike skilnader, peika ho på.

Oslo arrangerer verdskongress mot dødsstraff

Ingrid Skjøtskift avslørte også at Noreg har sagt ja til å vera vertskap for Verdskongressen mot dødsstraff i 2016. – Den vil gå føre seg i Oslo, og då håpar me at endå fleire land vil kunngjera at dei vil avskaffa dødsstraffa.

I tillegg til UiO/Nettverket mot dødsstraff var både Norsk senter for menneskerettar og Institutt for kriminologi og rettssosiologi medarrangørar av dette seminaret.

 

 

 

 

 

Emneord: Internasjonalisering, Jus, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 15. okt. 2014 12:57 - Sist endra 15. okt. 2014 12:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere