Kunnskapsministeren overlet skulepengar til Stortinget

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen trur framleis det er ein god ide med skulepengar for utanlandske studentar. Men no overlet han avgjerda til Stortinget, skriv På Høyden.

STØTTEPARTIA BESTEMMER: Skulepengane til Torbjørn Røe Isaksen ligg no i hendene til KrF og Venstre.

Foto: Ola Sæther

Ministeren gjesta Bergen denne veka for ein debatt om spenninga mellom forsking og politikk, i høve 200-årsjubileet til Kunnskapsdepartementet, eller «1.Departementet», som det het frå 1814 til 1881.

Spissrotgang om skulepengar
Røe Isaksen har merka seg det sterke engasjementet kring spørsmålet om skulepengar. Allereie same dagen som budsjettet blei lansert måtte han gå spissrot mellom demonstrerande studentar, både norske og utanlandske.

– Er du overraska over dei sterke reaksjonane på forslaget om skulepengar for studentar frå utanfor EØS?

– Reaksjonane er som venta. Vi synest vi har gjort eit grep som er lite byråkratisk, og som gjer at institusjonane sjølv kan velje om dei vil ta skulepengar eller ikkje. Det er få land som ikkje tek skulepengar, og vi må spørje oss sjølve spørsmålet om det er riktig av Noreg å betale for utdanninga til desse studentane.

– Både Senterpartiet og Kristeleg Folkepartiet gikk imot førre gong. Tyder ikkje det på at forslaget truleg vil falle?

– Vi har lagd eit endå meir gjennomarbeidd forslag i år. No er det det stortingsfleirtalet som må avgjere om dette skal innførast eller ikkje, seier statsråden til På Høyden.

Ingen museumsprestisje
Røe Isaksen risikerer òg å måtte løyve pengar til museumsprosjektet i Bergen, dersom presset blir sterkt nok.

– Universitetsmuseet i Bergen fekk ikkje pengar til å halde fram oppussinga av museumsbygget. Er dette ei sak det ligg prestisje i når de no går i forhandlingar med mellompartia?

– Det ligg veldig liten prestisje i saker som handlar om å gi meir pengar til sektoren. Men ein får diverre ikkje plass til alt på budsjettet. Vi har fleire store satsingar, mellom anna 85 millionar kroner til universitets- og høgskulebygg.

Emneord: Studentsaker, Universitetspolitikk, Studenforhold, Internasjonalisering Av Dag Hellesund i På Høyden
Publisert 17. okt. 2014 10:30 - Sist endra 17. okt. 2014 10:33
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere