Forskingsanlegg for folk og fe

I landsbruksbygda Ås skal det i 2019 stå klar nye forskingsbygningar til om lag 8 milliardar kroner når Veterinærhøgskulen og Universitetet for miljø- og biovitskap både er blitt fusjonerte og samlokaliserte til Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).

NOREGS STØRSTE FJØS: Denne månaden vil taket vera ferdig på Noregs største fjøs på 12 000 kvadratmeter og Statsbygg kan invitera til kranselag. 1200 dyr skal få plass i fjøset, når det står ferdig om eitt år.

Foto: Ola Sæther

Ute på eit jorde på Ås er Statsbygg allereie komne godt i gang med bygningen som skal bli Noregs største fjøs. Bygningen på 12 000 kvadratmeter skal bli det nye lokalet til Senter for husdyrforsøk. Det blir det største byggjeprosjektet for dei som har drive med tradisjonelle landbruksfag på Ås. Den aller største bygningen blir Veterinærbygningen på 63 000 kvadratmeter. Den skal reisast like ved den gamle Urbygningen, som no er i ferd med å bli restaurert. Seks og ein halv milliard av den samla summen på åtte milliardar kroner skal gå til den nye veterinærbygningen.

– Den gamle barnehagen blir riven, men det skal byggjast ein ny og moderne barnehage ein annan stad på universitetsområdet, opplyser kommunikasjonsleiar Mette Løvvig Nordhus for Prosjekt Campus Ås hos Statsbygg . Det er ho som geleider oss rundt på området der Noregs største forskingsinvestering skjer i dag.

Datastyrt fjøslaboratorium

Første stopp er den nye bygningen til Senter for husdyrforsøk. Denne månaden skal taket vera ferdig, og byggherren kan halda kranselag. – Truleg vil fjøsen stå ferdig hausten 2015, opplyser Mette Nordhus. Saman med byggherreombod Arne Torsæter frå Statsbygg tar ho oss med inn i Noregs mest moderne og aller største fjøs på 12 000 kvadratmeter. 300 kyr, 300 sauer, 300 geiter, 300 grisar og seks hestar skal få plass her.

HYPERMODERNE: Kommunikasjonsleiar Mette Løvvig Nordhus for Statbyggs Prosjekt Campus Ås og byggherreombod Arne Torsæther viser fram eit hypermoderne fjøs som samtidig blir eit forskingslaboratorium for studentane ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).(Foto: Ola Sæther)

– Når alt står ferdig, skal kyrne gå av seg sjølv til matfatet, deretter til mjølkemaskinene før dei kan leggja seg ned i båsen. Alt er datastyrt, slik at det vil vera mogleg å ha oversyn over kvar enkelt ku. Så dersom ei av dei ikkje vil koma fram for å bli mjølka, vil dei ansvarlege lett finna ut om kua er sjuk eller skadd eller om det kan vera andre ting som plagar ho, fortel Mette Løvvig Nordhus.

Utdelinga av fôr til kyrne vil ein eigen robot ta seg av. – Om ei ku er på slankekur, vil den datastyrte roboten også vita det og dela ut mindre mat til kua, forklarar Nordhus. – Feed first-prinsippet blir brukt her. Så mjølkinga går føre seg etter fôringa, seier Arne Torsæter.

Eige føderom for grisepurkene

Litt lenger borte i bygningen skal grisane halda til. – Grisepurkene som skal føda, får her eit eige føderom. Dessutan har me eigne rom der eit nytt fôr blir testa på ei gruppe med grisar, medan ei anna gruppe får tradisjonelt fôr og tener som kontrollgruppe for den forskinga, forklarar Nordhus.

– Gjødsel blir biodrivstoff

På Senter for husdyrforsøk blir administrasjonen og undervisningslokala på den eine sida av bygningen, medan dyra vil opphalda seg på den andre sida. – For å koma inn i fjøset frå administrasjonen og undervisningslokala må alle gå gjennom spesialbygde sluser. Det skjer på grunn av smittefaren, fortel Arne Torsæter.

Den dagen me er på besøk, er det berre to beitande sauer som minner om at me står utanfor bygningen som skal bli Noregs største fjøs.  Om eitt år vil både dyr og tilsette ha kome på plass i det nye lokalet til Senter for husdyrforsøk. Då vil også Noregs største gjødselstank ha blitt tatt i bruk. – Den vil ha plass til 518 millionar kubikk med gjødsel, og mesteparten av det vil bli brukt om att som drivstoff til personbilane og lastebilane til universitetet, opplyser Arne Torsæter. Det skal også byggjast mindre dyrestallar, laboratorium og akvarium i løpet av byggjeperioden.

 

Sjukehus for hestar

Det første spadetaket for den nye veterinærbygningen blei tatt tidleg i førre månad. – Når den er ferdig, vil veterinærane få Noregs beste sjukehus for hestar. Dei vil ha tilgang til både MR- og CT-apparat, fortel Mette Løvvig Nordhus. Med ei eiga oppfinning som er gjort på Veterinærhøgskulen, skal det vera mogleg å undersøkja hestar på opptil 1000 kilo.

Arbeidet med restaureringa av den gamle Urbygningen er allereie godt i gang. For å knyta den bygningen saman med den 400 meter lange Veterinærbygningen, skal det byggjast eit fellesbygg.

– Der skal det vera ei kantine og andre møteplassar for studentar frå ulike fag, seier Mette Løvvig Nordhus.

 

Rektor Mari Sundli Tveit: – Positivt for Noreg og fagmiljøa

 

– Me har svært framtidsretta fagområde som spenner frå miljø og veterinærmedisin til teknologi, arealplanlegging og økonomi, skryter rektor Mari Sundli Tveit ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).

NYTT FELLESSKAP: – No arbeider me med å få skapa eit nytt fellesskap i NMBU som alle føler dei høyrer heime i og er stolte av, seier NMBU-rektor Mari Sundli Tveit. (Foto: Gisle Bjørneby)

For henne inneber fusjonen av Universitet for miljø- og biovitskap og Noregs veterinærhøgskule til NMBU mykje ekstra møteverksemd og arbeid for å få ordna praktiske vanskar.  – Det er heilt nytt for oss å ha to campus, eitt på Ås og eitt på Adamstua. Difor prøver me å halda mange møte på Adamstua. Og sjølv om universitetsleiinga for ein stor  del er på

To institusjonar blir ein:

Universitetet for miljø- og biovitskap fusjonerte formelt med Noregs veterinærhøgskule frå 1. januar 2014. Blei vedtatt av Stortinget i 2008.

Konsekvens: Noregs veterinærhøgskule må flytta frå Adamstua og blir samlokaliserte med det tidlegare Universitetet for miljø- og biovitskap på Ås i Akershus. Veterinærinstituttet flyttar etter, men blir framleis eigen institusjon.

Det nye universitetet har fått namnet Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU)

Utbygginga kostar rundt 8 milliardar kroner

NMBU i tal:

  • 5000 studentar
  • 1700 tilsette
  • 64 studieprogram
  • To lokalitetar frå 2014-2019:  Campus Adamstuen og Campus Ås
  • Frå 2019 blir det ein felles lokalitet:  – Campus Ås(Kjelder: NMBU, Nationen, Statsbygg)

 Ås, er det viktig for oss at me er til stades på begge campus. Det er viktig at folk blir kjende med oss, og difor har me også opne kalenderar, slik at dei tilsette heile tida skal vita kvar dei kan få tak i oss, fortel ho.

– Samarbeider om forsking og utdanning

Medvitet om at to institusjonar no er blitt ein, er også gått inn hos dei vitskapleg tilsette på dei to lærestadene. – Ei solskinshistorie er at fagmiljøet ved Institutt for mattryggleik og

 infeksjonsbiologi på Adamstua og Institutt for kjemi og biovitskap på Ås har halde eit felles seminar på Oscarsborg der målet var å auka samarbeidet. Seminaret var ein suksess, og institutta vil no samarbeida nært både når det gjeld forsking og utdanning innanfor fagområda sine. Me håpar me vil sjå fleire slike typar fagleg samarbeid på tvers av dei gamle institusjonane på initiativ frå fagmiljøa, fortel Sundli Tveit.

– Eit privilegium

Den store utbygginga av nye lokale både for forskarar frå tradisjonelle landbruksfag og for forskarar frå Noregs veterinærhøgskule på campus Ås, er ho svært nøgd med.

– Det er eit stort privilegium å få over sju milliardar kroner til nye forskingsbygningar for eit nytt fusjonert universitet. No arbeider me med å få skapa eit nytt fellesskap i NMBU som alle føler dei høyrer heime i og er stolte av. Alle skal få moglegheiter, og me tar med alt det gode me står for vidare denne samanslåinga,  understrekar ho.

No ser Mari Sundli Tveit fram til eit nært samarbeid med UiO innanfor livsvitskap.

– Det som skjer i Gaustadbekkdalen er svært viktig for begge institusjonane og me håpar at me kan få til felles prosjekt innanfor både biovitskap og bioøkonomi. På den måten blir me svært slagkraftige i livsvitskap, er ho viss på.

 

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Forskningssamarbeid, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 16. okt. 2014 09:43 - Sist endra 16. okt. 2014 09:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere