– No skal det bli både enklare og tryggare å koma seg til og frå Blindern, lovar Synnøve Lyssand Sandberg, som er byggherredirektør i Statsbygg.
Frå i dag kan studentar og andre trygt ferdast langs den nye gang- og sykkelvegen frå Ring 3 til Ole-Johan Dahls hus i Gaustadbekkdalen. Utbyggingsprosjektet har også gitt ein ny innkjøringsveg frå Ring 3, slik at dei som kjører til Blindern, slepp den lange omvegen dei har måtta ta fram til no. I tillegg er det laga ein ny avkjøringsveg til Domus Athletica.
Vegane er no overleverte gratis til Oslo kommune, som vil stå for drift og vedlikehald framover, melder Statsbygg. Arbeidet har vorte finansiert av Statsbyggs reguleringsfond og med litt tilskott frå Noregs forskingsråd og Oslo Tec (Forskningsparken). I framtida er det planen at det skal byggjast eit nytt senter for livsvitskap på tomta mellom Domus Athletica og Problemveien.
Logg inn for å kommentere