Grunnlovsformidlarane

– Me seier ja til alle sprøe idear. Difor sa me ja til Eidsvoll 2014 då dei spurde oss om me kunne leia eit 24 timar langt forskingsmaraton om Grunnlova på NRK. Det fortel Ola Mestad som saman med  Dag Michalsen har fått UiOs formidlingspris.

To menn held rundt gelenderet i andre etasje framfor bokhylla i Rettshistoriske samlinger i Domus Bibliotheca ved Universitetet i Oslo.

OPPDRAG GRUNNLOV:  Jussprofessorane Dag Michalsen og Ola Mestad har leidd forskinga på Grunnlova. Funna har dei formidla breitt både til lek og lærd, og det har dei fått UiOs formidlingspris for.

Foto: Ola Sæther

Inne i dei gamle, ærverdige lokala til Rettshistoriske samlinger i 2. etasje i Domus Bibliotheca prøver jussprofessorane Dag Michalsen og Ola Mestad å halda orden på bøker og dokument som skal gi dei eit endå betre oversyn over korleis den norske grunnlova blei til. Neste år skal dei gi ut ei eit bokverk der alle kommentarar som er skrivne over kvar einskild paragraf i grunnlova, før dei blei vedtatt, er tatt med. Alt som står i Grunnlova får ei historisk framstilling frå før 1814 og fram til 2014.    – Det blir også eit svært prosjekt, men ikkje så omfangsrikt som det maratonprosjektet me har drive med sidan 2008 for å kartleggja og dokumentera alle sider om korleis Grunnlova blei til, og kvar dei fann dei store inspirasjonskjeldene, seier Dag Michalsen og Ola Mestad til Uniforum.

Dag Michalsen har gitt ut seksbandsverket "Nye perspektiver på Grunnloven 1814–2014", medan Ola Mestad har vore styreleiar for forskingskomiteen for Grunnlovsjubileet 2014.  Samtidig har dei også hatt felles forskingsprosjekt om Grunnlova. Begge har knytt til seg forskarar frå universitet over heile landet og frå ulike fagmiljø. I eitt år sat fleire av dei samla i lokala til Senter for grunnforsking i Vitskapsakademiet.

Maratonsending

Heile den store forskingsinnsatsen blei markert med ei 24-timar lang fjernsynssending om Grunnlova frå Eidsvollsbygningen tidlegare i år.

– Maratonsendinga er eit prosjekt me er svært nøgde med at me klarte å få til. Alle forskarane som har deltatt i forskinga på Grunnlova, deltok, og dei kom både frå historie, statsvitskap og juss. Alle har vore med på arbeidet med å gi heilt nye perspektiv på arbeidet med Grunnlova og det som har skjedd med den dei to hundre åra ho har eksistert,  peikar Ola Mestad på.

 For dei  begge er det viktig å understreka at  desse forskingsprosjekta ikkje berre handlar om formidling.  – Nei, dette er formidling som i høgste grad har grunnlag i god forsking.

Ola Mestad skryter av Dag Michalsen, og Dag Michalsen skryter av Ola Mestad. Universitetet i Oslo skryter av begge to og har tildelt dei formidlingsprisen for 2014 for innsatsen dei har gjort med å formidla all forsking som er gjort på Grunnlova i samband med 200-årsjubileet i år. Det er først gong klassiske juristar har fått tildelt formidlingsprisen.

– Eigentleg litt rart, så mange gonger jussnestorane Johs. Andenæs og Carl August Fleischer var i media.  Kanskje det har noko med at dei ofte blei brukte til å kommentera enkelthendingar, medan me driv med rein formidling av forsking som me har gjort? spør dei.

 – Men kriminologiprofessorane Liv Finstad og Cecilie Høigård har begge fått formidlingsprisane tidlegare, og har sett Det juridiske fakultetet på formidlingskartet på ein fin måte, konstaterer dei.

Ei av verdas to eldste grunnlover

– Kva er det som eigentleg er så spesielt med den norske grunnlova?

– I dag er ho, saman med den amerikanske grunnlova, verdas eldste grunnlov som framleis er i bruk. På 1800-talet var den rekna som svært liberal på grunn av den sterke understrekinga av ytringsfridomen og dei individuelle rettane til kvar enkelt statsborgar. Dei liberale både i Danmark og i Sverige ville gjerne ha ei liknande grunnlov. Hos dei konservative i Sverige blei den norske grunnlova, berre kalla for «den norska smittan», seier Dag Michalsen. Også land utanfor Skandinavia fann inspirasjon i Grunnlova. – Innanfor det habsburgske monarkiet var det mange nasjonalistiske rørsler som brukte den som modell, legg Ola Mestad til.

– Napoleonskrigane førte til fire land i Norden

Ingen av dei legg skjul på at det var dei storpolitiske hendingane i Europa som var hovudårsaka til at Noreg fekk ei eiga grunnlov og til slutt også blei eit sjølvstendig land.

– Napoleonskrigane enda med at Sverige mista Finland til Russland, men som kompensasjon fekk Sverige overta Noreg frå Danmark, som var på taparane si side under Napoleonskrigane.  Før Napoleonskrigane var Norden delt på to imperium som etterpå blei til fire land. Om ikkje Russland hadde overtatt Finland, ville det ikkje blitt nokon Kiel-traktat, og då ville Finland framleis ha høyrt til Sverige.  Og då er det ikkje sikkert at Noreg hadde blitt så fort frigjort frå Danmark heller, trur dei.

Denne historia er også interessant for Finland. Difor samarbeider Ola Mestad og Dag Michalsen også nært med den finske forskaren Lars Bjørne frå Åbo universitet.

– Hans oppgåve har vore å sjå i kva grad den finske grunnlova er blitt inspirert av den norske og kva likskapar og ulikskapar som finst mellom dei, seier Michalsen.

Dei trekkjer også fram prosjektet som historikaren Ruth Hemstad ved Nasjonalbiblioteket har stått i brodden for. – Forskinga hennar går ut på å finna ut kva rolle Storbritannia hadde, då den norske grunnlova blei til. Det har også vore tema for eit eige møte på University College London,  seier Mestad.  – Og  seinare i haust skal Ola halda foredrag om den norske grunnlova på USAs svar på Eidsvoll, U.S. Constitutional Centre i Philadelphia, legg Michalsen til.

Etter deira meining blei den norske grunnlova mindre liberal og mindre av eit førebilete for andre land på 1900-talet. – I Sverige oppheva dei den gamle grunnlova og fekk ei ny grunnlov i 1974. I Noreg har me no fått inn nye  menneskerettar i grunnlova, slik som til dømes verdas mest moderne grunnlov, Sør-Afrikas grunnlov hadde med frå byrjinga av.

– Ein skamplett

 – Kva med jødeparagrafen, altså paragraf 2 i grunnlova, som sa at jødar og jesuittar ikkje hadde lov til å koma inn i riket?

– Det vil sjølvsagt alltid vera ein skamplett for den norske grunnlova, og den blei heldigvis fjerna 37 år etter at den blei vedtatt.  I andre europeiske land hadde dei liknande lover, men ikkje noko som stod nedfelt i grunnlova. I heile det katolske Europa var det også eit forbod mot jesuittar. Så det var heller ikkje så oppsiktsvekkjande, meiner Mestad.

Både Mestad og Michalsen trekkjer fram bøkene til idéhistorikaren Håkon Harket og historieprofessor Frode Ulvund ved Universitetet i Bergen, som begge har skrive om historia bak jødeparagrafen i Grunnlova. – Dei har klart å finna nye opplysningar om det som skjedde, før det vedtaket blei gjort, konstaterer dei.

Formidlingsprisvinnarar:

Jussprofessorane Dag Michalsen og Ola Mestad har fått UiOs formidlingspris 2014:

Utdrag frå grunngjevinga til priskomiteen: «De formidler bredt og allsidig i anledning grunnlovsjubileet. Michalsen er hovedredaktør for seksbindsverket "Nye perspektiver på grunnloven 1814–2014", som springer ut av et tverrfaglig forskningsprosjekt med samme navn. Mestad er en av forfatterne. Han har også en viktig rolle som styreleder for Forskningskomiteen for Grunnlovsjubileet»

Ein av dei viktigaste støttespelarane dei har hatt i forskinga på Grunnlova, har vore Stortinget. – Det har faktisk vore ei eiga avdeling av forskingsprosjektet der som har forska på dokument frå Stortingets arkiv. Men samtidig må me også gi masse honnør til Forskingsrådet som har gitt oss frie hender til å driva forsking på Grunnlova. Det har vore svært spennande og interessant.

– Det mest spennande var om me klarte å koma i mål med hovudarbeidet til 17. mai 2014, men det fiksa me fint, slår dei fast. – Dessutan var det fint å sjå korleis forskarar frå ulike fag, lykkast i å samarbeida om eit felles prosjekt.

– Kva er det viktigaste som har skjedd i jubileumsåret for grunnlova?

– Den store gåva til det norske folket er at Grunnlova har fått ein ny og moderne språkdrakt både på nynorsk og på bokmål. No er det ingen problem for ikkje-juristar å forstå teksten i Grunnlova.

 

 

 

Emneord: Forskningsformidling, UiOs priser, Juss Av Martin Toft
Publisert 24. sep. 2014 13:41 - Sist endra 24. sep. 2014 13:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere