Riksantikvaren massefredar UiO-bygningar

Mest alle universitetsbygningane på Blindern, alle bygningane til Naturhistorisk museum og Observatoriet er blitt freda av Riksantikvaren

FREDA: Riksantikvaren har freda mest alle universitetsbygningane på Blindern.

Foto: Ola Sæther

Også storstova til UiO-studentane, Chateau Neuf er blitt freda. Det same er universitetsbygningen i Frederiks gate 3, som var det første lokalet til Kjemisk institutt. I dag tilhøyrer bygningen Kulturhistorisk museum ved UiO. Litt lenger ute i periferien er også Biologen i Drøbak freda. Det er den eldste av Noregs marinbiologiske feltstasjonar som framleis er i bruk. Av dei bygningane som blir freda no, er Observatoriet den eldste og Georg Sverdrups hus den nyaste bygningen.

Historisk museum neste bygning for tur

Det var tidlegare denne veka Riksantikvaren kunngjorde freding av over 40 kunnskapsbygningar over heile landet.  Svært mange av dei tilhøyrer Universitetet i Oslo. Eksteriøret

Dette er dei bygningane ved UiO som no blir freda:

Lucy Smiths hus

Kristian Ottosens hus

Frederikke

Eilert Sundt hus, blokk A

Eilert Sundt hus, blokk B

Harriet Holters hus

Vilhelm Bjerknes hus

Niels Henrik Abels hus

Sophus Lies auditorium

Fysikkbygningen

Farmasibygningen

Svein Rosselands hus

Georg Sverdrups hus

Chateau Neuf

Utomhus på heile Øvre Blindern

I sentrum:

Observatoriet

Frederiks gate 3 (Det første Kjemisk institutt)

Naturhistorisk museum på Tøyen:

Gamlehagen

Tøyen hovedgård

Botanisk museum

Geologisk museum

Zoologisk museum

Palmehuset

Victoriahuset

Portstue I, Blyths gate

Portstue II, Blyths gate

Utanfor Oslo:

Biologen i Drøbak

 på Vikingskipshuset på Bygdøy vart freda som del av Bygdøy kulturmiljø i 2012. Historisk museum i sentrum er førebels ikkje på lista over freda bygningar.  Det stadfestar seksjonssjef Ingrid Djupedal hos Riksantikvaren.

– Med denne bygningen er det så mange ulike omsyn som må høyrast særskilt, at me fann ut at me ville setja saka på vent og heller kunngjera fredinga av dei bygningane som ikkje krev like kompleks sakshandsaming, opplyser Djupedal til Uniforum. – Av desse bygningane er truleg prosessen rundt freding av Historisk museum komen lengst. Der var me på synfaring saman med representantar for universitetsleiinga i mai, legg ho til.

Kulturmiljøfreding i Rosendal

Dei som granskar lista over freda bygningar ved UiO, vil også sakna Baroniet Rosendal der. Hovudbygningen blei freda allereie i 1923, men resten av området er enno ikkje freda.

– Det er òg varsla ei kulturmiljøfreding av Hordaland fylkeskommune, og me må sjå dette i samanheng, fortel Ingrid Djupedal. Mange lever i den villfaringa at dei eldste bygningane til Universitetet i Oslo er freda. I stor grad stemmer det ikkje.

– Statens bygningar har frå gammalt av ikkje vore freda. Dei hadde berre eit administrativ vern, og staten meinte at det ikkje var nødvendig med eit juridisk vern.  I enkelte tilfelle har det vore snakk om å selja statens bygningar. Difor har staten funne ut at det er fornuftig med eit fredingsvedtak som fylgjer bygningane, opplyser Ingrid Djupedal til Uniforum.

Heller ikkje Eidsvollsbygningen er formelt freda. – Det vil skje til hausten, seier ho.  Ingrid Djupedal veit enno ikkje når det kjem eit fredingsvedtak for Historisk museum.

– Etter sommarferien skal me setja oss ned og laga ein førebels tidsplan.

– Må vera stolte

UiO-rektor Ole Petter Ottersen er svært nøgd med at så mange av universitetsbygningane er blitt freda.

– Me må vera stolte av at me har ein bygningsmasse med så stor historisk og estetisk verdi. Samtidig er det krevjande at så mange bygningar er på lista. Dei fleste bygningane er jo i dagleg bruk. Men me føler at me har ein svært god dialog med Riksantikvaren slik at verning kan kombinerast med fleksible løysingar for bruk og modernisering, seier Ole Petter Ottersen i ein kommentar til Uniforum.

Les også denne artikkelen frå 2006: Blindern kan bli freda

Les meir på Riksantikvarens sider: Freder historiske kunnskapsbygg

FREDA: Biologen i Drøbak er også blitt freda av Riksantikvaren. Det er Noregs eldste marinbiologiske feltstasjon som framleis er i drift. (Arkivfoto: Ola Sæther)

(Saka blei oppdatert 22.06.2014 kl. 12.30)

 

 

 

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Universitetshistorie, Kultur Av Martin Toft
Publisert 20. juni 2014 15:57 - Sist endra 22. juni 2014 12:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere