– Ingen innvendingar til Språkrådets tilråding

– Språkrådets tilråding til Kulturdepartementet om framtida for både prosjektet Norsk Ordbok og språksamlingane har me ingen innvendingar til, seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen .

LETTE Å FORSTÅ: – Språkrådets vurderingar er lette å forstå, også det at dei opnar for at det kan bli mogleg at Språkrådet sjølv tar ansvaret for språksamlingane i framtida, synest UiO-rektor Ole Petter Ottersen .

Foto: Ola Sæther

Det var onsdag denne veka Språkrådet kom med ei tilråding til Kulturdepartementet om korleis språksamlingane på norske universitet kunne sikrast for framtida. Dei rår mellom anna til at det blir sett i gang eit prosjekt for å digitalisera alfabetstrekket frå A til H i Norsk Ordbok. Hovudkonklusjonen er at det bør etablerast eit forskings- og dokumentasjonssenter for norske språk.  Eit slikt senter skal ha ansvaret for vitskapleg dokumentasjon av alle dei språka Noreg har ansvar for. Det vil seia både norsk med nynorsk og bokmål, samisk og minoritetsspråka kvensk, romani, romanes og norsk teiknspråk. Språkrådet tilrår at det skal ha tilknyting til eit universitet eller ein høgskule, men dei ser det også som mogleg å leggja det rett under Kulturdepartementet eller som ein del av Språkrådet.

Den 13. februar melde Uniforum at språksamlingane til Universitetet i Oslo og fleire av dei andre universiteta risikerer å måtte flytta etter store endringar i organisering av fakultet og institutt.

– Lette å forstå

UiO-rektor Ole Petter Ottersen  har studert innspelet frå Språkrådet godt.

– Språkrådets vurderingar er lette å forstå, også det at dei opnar for at det kan bli mogleg at Språkrådet sjølv tar ansvaret for språksamlingane i framtida. Om det skulle koma ei melding frå vårt eige departement om saka, vil me sjølvsagt vurdera den, utan at eg på nokon måte kan forskottera kva det endelege standpunktet vårt vil bli, seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen.  Han understrekar  at det er viktig for Universitetet i Oslo å ha ein forskings- og utdanningsaktivitet som avspeglar faglege strategiar og prioriteringar i fagmiljøa.  Ottersen legg vekt på at det må skje innanfor dei rammene som fakulteta og grunneiningane har.

– Dette gjeld sjølvsagt også forvaltinga av språksamlingane, slår han fast.

– Ventar på utgreiing

 

Det vil ta ei stund til før UiO tar endeleg standpunkt til spørsmålet.  – Igjen må eg minna om at me ventar på fagmiljøet si eiga utgreiing om saka. Me vil sjølvsagt leggja brei vekt på dei tilrådingane og vurderingane som denne utgreiinga kjem med, seier Ole Petter Ottersen.

 – Interessante forslag

Instituttleiar Kristian Emil Kristoffersen  ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium ser også med interesse på tilrådingane frå Språkrådet, også på forslaget om å etablera eit eige forskings- og dokumentasjonssenter for norske språk.

– Språkrådets forslag til kva som bør skje med språksamlingane er interessant, og eg ventar sjølvsagt spent på kva for alternativ Kulturdepartementet bestemmer seg for. Ei eventuell digitalisering av A-H i Norsk Ordbok vil jo vera ei naturleg oppgåve for eit slikt senter.

– Vil de få fylgjer for arbeidet til utvalet som jobbar med å vurdera språksamlinga i høve til kor nyttige dei er for forsking og undervisning?

– Utvalet leverer sin rapport i løpet av eit par veker nå. Ein slik rapport vil ha sin verdi uansett kva som skjer med språk- og namnesamlingane i framtida, svarar instituttleiar Kristian Emil Kristoffersen.

 

 

 

Emneord: Språk, Nynorsk, Universitetspolitikk, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 7. mars 2014 17:26 - Sist endra 7. mars 2014 17:35

Logg inn for å kommentere