UiO-forskarar bak ti på topp-artikkel i Nature

Skildringa av  funnet av eit mogleg mikrokontinent mellom Madagaskar og India var ein av dei ti mest lesne artiklane i Nature i år. Artikkelen er skriven av mellom andre UiO-professorane Trond H.Torsvik og Bjørn Jamtveit.

MELLOM DEI TI MEST POPULÆRE:  Ein vitskapleg artikkel om eit tapt mikrokontinent i Indiahavet var mellom dei ti mest populære artitklane i Nature i år. - Den einaste nyhendesaka som skåra høgare på BBC's nett den gongen, var kunngjeringa av kven som hadde vunne Oscar i filmbransjen, fortel geologiprofessor Trond H. Torsvik

Foto: Ola Sæther

Det var i februar artikkelen ”Long-lost continent found under the Indian Ocean” stod på trykk i Nature, eitt av verdas mest prestisjetunge vitskaplege tidsskrift.  Etter at artikkelen blei publisert, tok det ikkje lang tid før heile verda fekk vita om det.

– Eg blei intervjua av BBC, Science, Dagbladet og ei rekkje andre utanlandske magasin og aviser. Telefonane tok aldri slutt, så til slutt forlet eg kontoret og gjekk heim, fortel geologiprofessor Trond Torsvik, som er leiar for Senter for Jordas utvikling og dynamikk ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet.

– Det har eg aldri gjort før, legg han til.

Fekk refusert artikkel for 15 år sidan

– Er det den artikkelen du er mest stolt over?

–Ja, det er klart. Forhistoria bak artikkelen er faktisk ganske lang. Det var i 1998 at professorkollega Bjørn Jamtveit og eg var på Mauritius på feltarbeid for første gong. Seinare gjorde me også funn av desse spesielle sandkorna eller zirkona som viste seg å vera langt eldre enn det resten av berggrunnen på Mauritius var. Då forstod me at var på sporet av eit tapt kontinent under Indiahavet, fortel Trond Torsvik til Uniforum.

Han og Bjørn Jamtveit skreiv i fellesskap ein vitskapleg artikkel og sende den inn til Nature ei stund etterpå.  Men den artikkelen blei refusert.  Først 15 år seinare og med nye data etter flere turer til Mauritius, gjorde dei eit nytt forsøk på å få den inn i Nature. Medan Trond Torsvik leier Senter for Jordas utvikling og dynamikk, forskar Bjørn Jamtveit ved  GEO Physics of Geological Processes (Geologiske prosessar sin fysikk).

– Den artikkelen som kom på trykk i Nature i februar byggjer på den første artikkelen, men me har fått lagt inn nye opplysningar og meir dokumentasjon som byggjer opp under teorien vår.  Og sidan me klarte å få ein spennande tittel om eit tema som interesserer mange, klarte me å få gjennomslag både hos fagfeller og vanlege folk. På den måten har me vore med på å gjera Nature meir folkeleg og mindre nisjeprega. Altfor ofte skriv forskarane berre for seg sjølve og seks-ti andre fagfeller, konstaterer Torsvik.

1,6 millionar treff på BBC

Etter at han hadde blitt intervjua av BBC, la det britiske kringkastingsselskapet intervjuet på nett. - Det fekk 1,6 millionar treff, fortalde dei meg. Den einaste nyhendesaka som skåra høgare på deira nett den gongen, var kunngjeringa av kven som hadde vunne Oscar i filmbransjen, fortel han.

Han hadde også ein annan artikkel på trykk i Nature i går.

– Den var for teoretisk, så den var det liten interesse for hos media, konstaterer han.

Jaktar på bortgøymd kontinent under Island

Trond Torsvik lovar at det kan koma mange spennande forskingsfunn frå senteret han leier også neste år.

– Me har vore på Island og undersøkt mineralar som blir med lavavassøyle opp frå jordas indre. Planen er å undersøkja zirkon derifrå også. Så langt tyder alt på at desse minerala kan vera to milliardar år.  Samtidig veit me at Island er berre 16 millionar år. Det tyder på at det også kan vera eit tapt kontinent under Island.

Får ikkje ekstra lønnstillegg

– Får du og dei andre forskarane ekstra påskjøning etter å skrive ein artikkel som har fått eit så stort gjennomslag?

– Nei, me ser ikkje stort til pengane som skal koma inn på grunn av at me har fått mange publikasjonspoeng. Me forskar fordi me er nyfikne, og synest det er spennande og gjevande å forska. Om me ville bli rike, hadde me begynt i oljebransjen, slår han fast.

I tillegg til Tomas Torsvik og Bjørn Jamtveit står fylgjande personar frå UiO bak artikkelen:  Hans Amundsen,  Ebbe H. Hartz,  Fernando Corfu, Nick Kusznir, Carmen Gaina, Pavel V. Doubrovine,  Bernhard Steinberger,  Lewis D. Ashwal.

Les artikkelen "A Precambrian microcontinent in the Indian Ocean"

Les også intervju med Bjørn Jamtveit i Nature: "Long-lost continent found under The Indian Ocean"

 

 

 

 

Emneord: Internasjonalisering, Naturfag, Realfag Av Martin Toft
Publisert 19. des. 2013 00:09 - Sist endra 19. des. 2013 10:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere