Kreftforeininga delte ut 34,4 forskingsmillionar til UiO

– Det er vanskeleg å finna noko meir relevant forsking enn kreftforsking, sa viserektor Knut Fægri , då han i formiddag tok imot sjekken på 34,4 millionar kroner frå generalsekretær Anne Lise Ryel i Kreftforeininga.

MILLIONSJEKKEN: Generalsekretær Anne Lise Ryel i Kreftforeininga gir UiOs viserektor Knut Fægri sjekken på 34,4 millionar kroner.

Foto: Martin Toft

– For UiO er det ei stor glede å kunna ta imot så mange millionar til våre kreftforskarar frå Kreftforeininga, sa viserektor Knut Fægri i takketalen sin. Han viste til at Kreftforeininga alltid har vore ein viktig samarbeidspartnar for UiO.

– Det er ein resultatorientert og lyttande samarbeidspartnar. Sidan 2008 har UiO fått tildelt 150 millionar kroner frå Kreftforeininga, opplyste han. Knut Fægri peika også på at foreininga har sett verdien av å gi pengar til grunnforsking. – Samtidig finansierte også Kreftforeininga den doktorgraden som var utgangspunktet for suksessen til farmasiselskapet Algeta, fortalde Knut Fægri.

 

Gir 160 millionar til kreftforsking

Til saman deler Kreftforeininga i år ut 160 millionar kroner, og Universitetet i Oslo får 34,4 millionar kroner, det er ny rekord. Postdoktor Ragnhild Eskeland ved Institutt for biovitskap er den enkeltforskaren som får den største potten. Ho får tildelt 3,77 millionar kroner fordelt over fire år. – Det har gjort det mogleg for meg å ta det første steget mot ei meir uavhengig stilling ved Universitetet i Oslo, og gitt meg eit løft i mi vidare akademiske karriere, slo ho fast under overrekkinga av millionane frå Kreftforeininga.

 

Kreftsaka engasjerer mange

Kreftforeininga har 110 000 medlemar, og dei er alle heilt vanlege innbyggjarar i Noreg.

– Både bestemora di og naboen din er med i Kreftforeininga, og dei jobbar for kreftsaka og har stor forståing for at det må mykje forsking til for å få utvikla nye medisinar og behandlingsmetodar, sa generalsekretær Anne Lise Ryel under markeringa.

 

 

 

 

Emneord: Forskning. Medisin, Naturfag Av Martin Toft
Publisert 4. des. 2013 15:56 - Sist endra 5. des. 2013 12:16
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere