Julia Pastranas liv og død er blitt drama

Apekvinna Julia Pastranas liv og død har vorte ein musikalsk dødsdans i Kulturkirken Jakob i Oslo. Som levande og død blei kvinna frå Mexico vist rundt som verdas styggaste kvinne før ho enda opp i ei kiste på UiO.

BLEI FORSKA PÅ: Apekvinna Julia Pastrana blei lagt i ei sjukehusseng og forska på. Marika Enstad har skrive stykket og spelar hovudrolla i "Apekvinnen" i Kulturkirken Jakob.

Foto: Ola Sæther

I eit mørkt rom dansar Julia Pastrana til ei klassisk musikksviske frå 1800-talets Europa. Inn kjem personar i kvite frakkar med ei sjukehusseng som dei legg henne på. Så undersøkjer dei henne og diskuterer funna, og så får ho dra tilbake til scenen. – Kvifor snakkar dei ikkje med meg og kvifor spør dei ikkje meg? syng ho, medan ho dansar vidare på scener i Paris og i Moskva.

Scena er henta frå den første norske teaterframsyninga om Julia Pastrana. Historia om Julia Pastrana (1824–1860) er no blitt til teaterstykket «Apekvinnen» som hadde premiere i Kulturkirken Jakob fredag 18. oktober, og til saman blir det seks framsyningar fram til 31. oktober.

Blei interessert i Julia Pastranas skjebne i 2007

Skodespelaren Marika Enstad hadde ideen og har skrive stykket,  og det er også ho som spelar hovudrolla. Med dikt av Tarald Stein er stykket sett saman med musikk og dødsritual frå Mexico og sørgjemarsjar, men også klassiske musikkstykke frå Europa på 1800-talet. Marika Enstad er svært nøgd med publikum sine reaksjonar etter premieren på stykket:

– Det var både fullmåne og fullt hus. Publikum gav oss svært god respons, og me følte verkeleg at me gav dei noko heilt spesielt, seier ho til Uniforum.

Ideen om å laga eit teaterstykke om Julia Pastrana fekk Marika Enstad allereie i 2007. – Då sat eg og las om "freaks" (rare personar)  i Europa, og så kom eg over ei bok om Julia Pastrana. Dermed fann eg ut at det var ei endå meir interessant historie. Året etter bestemte eg meg for å skriva eit teaterstykke om henne. Så begynte ho å søkja om pengar, noko ho fekk i 2011, men då vart ho gravid. Difor blei ikkje stykket sett opp før denne hausten. – Målet var å leggja press på styresmaktene for å gi Julia Pastrana ei verdig gravferd i heimlandet sitt - noko ho endeleg fekk i februar i år, fortel Marika Enstad.
 

Ikkje planen å spela hovudrolla sjølv

– Var det planen at du skulle spela hovudrolla som Julia Pastrana?

– Nei, eigentleg ikkje. Etter kvart blei stykket meir og meir ein teaterkonsert, og med så mykje song, måtte eg gjera det sjølv for å få det slik eg hadde tenkt. I framsyninga brukar eg ein hårbody som er sydd spesielt til meg for denne rolla som Julia Pastrana.

– Kva er bodskapen i stykket du har skrive?

– Julia Pastrana blei vist fram som ein attraksjon både som levande og død. Ja, for å tena pengar på henne etter hennar død, blei ho stoppa ut, som om ho var eit dyr.  Den tragiske historia til Julia Pastrana brukar eg som ein parallell til å spørja om kva som skjer med avvik i det norske samfunnet i dag. Blir dei som ikkje er normale, adopterte bort eller aborterte bort? Julia Pastrana hadde eit ynske om å vera vanleg skodespelar, ho både song og sydde og snakka tre språk. Ho måtte likevel ta til takke med å visa seg fram som ein attraksjon fordi ho var fødd med hår på heile kroppen. Helst ville ho berre vera eit vanleg menneske som ville gjera vanlege ting. I dag er det truleg også mange som ikkje blir tatt på alvor fordi dei ser ut som dei gjer.

Historia om Julia Pastrana og Universitetet i Oslo

Dei siste tiåra av livet etter døden blei Julia Pastrana tatt vare på i ein sarkofag på Det medisinske fakultetet ved Universitetet i Oslo. Under ein høgtidleg seremoni  i vår blei sarkofagen med Julia Pastrana levert tilbake til Mexico og den meksikanske ambassadøren før ho endeleg blei gravlagt i landsbyen ho kom frå nokre dagar seinare.

Julia Pastrana blei fødd og voks opp som ei svært uvanleg kvinne. Ifylgje Charles Darwin hadde ho skjegg og hårete panne, og var ei svært smart kvinne. Ein amerikanar gifta seg med henne og viste henne rundt på show i USA. Etter kvart kom ho til Europa og til Moskva, der ho døydde i barselseng i 1860. Då blei ho stoppa ut og stilt ut over heile verda.Tivolieigaren Haakon Lund kjøpte henne og stilte henne ut på tivoli i Noreg fram til 1971. Til slutt fekk De Schreinerske Samlinger ved Det medisinske fakultetet ansvaret for det balsamerte liket. Det blei lagt i ei kiste og vart stilt til disposisjon for dei forskarane som var interesserte i å undersøkja nærare den lidinga ho hadde.

DANS OG MUSIKK: Livet til Julia Pastrana handla også om dans og musikk frå 1800-talets Europa og frå heimlandet Mexico. Marika Enstad gir liv til Julia Pastrana (Foto: Ola Sæther)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

– I 18 år låg ho i ei kiste på Det medisinske fakultetet fordi forskarar skulle driva forsking på henne og lidinga hennar. Det var den offisielle grunnen til å ha liket her i landet. Det var likevel ingen som dreiv forsking på henne. Det er ei uverdig behandling av et menneske, meiner Marika Enstad.

I Uniforum kan du også lesa desse artiklane om Julia Pastrana:

Apekvinna Julia Pastrana har funne kvile i Mexicos jord - Uniforum

Apekvinna Julia Pastrana har funne kvile i Mexicos jord EI MESSE FOR JULIA PASTRANA: Det blei halden ei gravferdsgudsteneste for Julia Pastrana i ...

Apekvinna Julia Pastrana på veg tilbake til Mexico - Uniforum

Apekvinna Julia Pastrana på veg tilbake til Mexico SEREMONIEN: Mexicos ambassadør Martha Barcena Coqui (i kvit jakke) reprsenterte Mexico då kista ...

Apekvinna Julia Pastrana skal gravleggjast i Mexico - Uniforum

Apekvinna Julia Pastrana skal gravleggjast i Mexico SKAL GRAVLEGGJAST I MEXICO: Apekvinna Julia Pastrana (1834-1860) skal sendast tilbake til Mexico ...

Julia Pastrana hviler i fred - Uniforum

Julia Pastrana hviler i fred Uniforum nr. 17 1999 Julia Pastrana hviler i fred Om det ikke er en grav, er det i alle fall et fredelig hvilested. De ...

Pastranas skjebne - Uniforum

Pastranas skjebne Julia Pastranas skjebne fortsatt uviss Etter en henvendelse fra statsråd Gudmund Hernes har universitetet nedsatt et utvalg som ...

 

Emneord: Latin-Amerika, Etikk, Medisin Av Martin Toft
Publisert 21. okt. 2013 16:46 - Sist endra 22. okt. 2013 10:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere