Apekvinna Julia Pastrana har funne kvile i Mexicos jord

Apekvinna Julia Pastrana blei i førre veke gravlagd i landsbyen ho kom ifrå i delstaten Sinaloa i Nord-Mexico. Journalist Silvia Isabel Gámez frå avisa Reforma var til stades under gravferda og har gitt Uniforum løyve til å vidareformidla eit utdrag av artikkelen til lesarane våre.

EI MESSE FOR JULIA PASTRANA: Det blei halden ei gravferdsgudsteneste for Julia Pastrana i kyrkja Iglesia de los Santos Apóstoles Felipe y Santiago , før kista blei ført til det gamle gravkammeret i landsbyen ho kom ifrå. (Foto: Edgar S á nchez, Reforma)

Sinaloa de Leyva, Mexico:

Med orkestermusikk og blomar tok folk avskjed med Julia Pastrana på fødestaden hennar.

Orkesteret «Ola del Pácifico» (Stillehavsbylgja) akkompagnerte gravferdsfylgjet til Julia Pastrana 12. februar. Om lag 300 personar fylgde henne til grava til fots, og mange fleire observerte gravfylgjet frå gatene, der dei gjekk bak vogna som inneheldt den kvite kista med leivningane til Julia Pastrana, like kvit som blomane som var plasserte rundt grava hennar.

25 blomekransar var knytte til ære for indianarkvinna Julia Pastrana på ein solfylt og gledens dag, då tonane frå songen om Sinaloa (El Sinaloense) lydde akkurat då kista kryssa portane til det gamle gravkammeret Panteón i landsbyen. Klokka 14.15 på ettermiddagen blei kista dekt av sement som blei sleppt ned frå ein hydraulisk arm. Berre ti steg skil inngangen til kyrkjegarden frå gravsteinen i granitt med påskrifta Julia Pastrana (1834–1860).

Gravrøving

For å unngå vandalisme blei det bestemt å gravleggja henne  i noko som liknar ein bikube. 

– Ho vil vera som ei fluge midt inni ei isblokk, sa antropologen Joel Barraza, då han ville forklara måten ho blei gravlagd på.Under gravrøving på kyrkjegarden i delstatshovudstaden Culiacán på slutten av fjoråret, blei tonnevis av metall og krossar stolne. Det var grunnen til at ein valde ikkje å bruka metall på grava til Julia Pastrana, unntaket er ein Kristusfigur av tinn.

Guvernør Mario López Valdez kom til gravferda i helikopter saman med kunstnaren Laura Anderson Barbata. I dei offisielle talane blei det peika på den humanitære sida med tilbakevendinga til Pastrana og den balsamerte kroppen hennar, som i 15 år hadde lege gløymd og gøymd på Universitetet i Oslo.

– Ei human og sivilisert handling

Det blei også lagt meir vekt på hennar rolle som artist enn den spesielle utsjånaden som gav henne tilnamnet «apekvinna». – Hennar stordom blir berre endå større når ho no blir gravlagd i denne jorda. Tilbakevendinga til Pastrana er ei human og sivilisert handling, sa ordførar Saúl Rubio Valenzuela.

– Ein må heile tida møta livet på jakt etter rettferd, nett slik som det er gjort i dette tilfellet, la guvernøren til, etter at han hadde vedgått at han ikkje hadde høyrt historia om Julia Pastrana, før kunstaren Laura Anderson Barbata kom og foreslo for han at dei måtte få henne tilbake.  Både guvernør Mario López Valdez og kunstnaren Laura Anderson Barbata stod i fremste rekkje då Julia Pastrana blei lagd i grava. Under blomane på kista stod fylgjande tekst: «Kunstnaren Julia Pastrana frå Sinaloa, kjend for si internasjonale turnéverksemd. Må du kvila i fred«!

(Utdraget frå reportasjen er omsett frå spansk av Martin Toft.)

Les også desse reportasjane om Julia Pastrana i Uniforum:

Apekvinna Julia Pastrana på veg tilbake til Mexico

Apekvinna Julia Pastrana skal gravleggjast i Mexico

Julia Pastrana hviler i fred

Julia Pastranas skjebne fortsatt uviss

 

 

Emneord: Medisin, Latin-Amerika, Etikk Av journalist Silvia Isabel Gámez i Reforma
Publisert 18. feb. 2013 15:30 - Sist endra 18. feb. 2013 15:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere