Københavns Universitet godtar ikkje at Penkowa-saka er forelda

Hjerneforskar Milena Penkowa skal ikkje sleppa unna med at det sannsynlege forskingsfusket hennar er forelda som politisak, om det er opp til Københavns Universitet, melder Universitetsavisen.

IKKJE REINVASKA: Hjerneforskar Milena Penkowa er ikkje reinvaska for forskingsfusk, sjølv om politiet har lagt bort saka mot henne fordi den er forelda. Det meiner Københavns Universitet som no ankar avgjerda til politiet. (Arkivfoto)

Foto: KU / Det Sundhedsvidenskabelige Fakultet

Politiet gav i byrjinga i mai opp å få dømt hjerneforskar Milena Penkowa for bedrageri og dokumentfalsk mot Københavns Universitet (KU). Saka blei lagt bort av politiet på grunn av den hadde passert foreldingsfristen på fem år.

Det var først i byrjinga av 2011 at Københavns Universitet melde Penkowa til politiet, sju år etter at det påståtte, omfattande bedrageriet med mellom anna rotteforsøk, fann stad, skriv Universitetsavisen. Etter politiets avgjerd, kunngjorde Milena Penkowa på heimesida si at ho endeleg var blitt reinvaska.  Det er ei vurdering som Københavns Universitet ikkje deler.

I utgreiinga frå politiet står det, i fylgje Weekendavisen at prova mot Penkowa var gode nok. Men sidan brotsverket hennar kunne klassifiserast som alminneleg dokumentfalsk, som kan ikkje det føra til ein dom, om det er gått meir enn fem år.

For Københavns Universitet har saka vore svært alvorleg. For ifylgje Universitetsavisen har opprullinga av denne saka om forskingsfusk, ført til store konsekvensar for dei universitetstilsette, for universitetet sin forskingspraksis, omdømme og pengepung. Viss Penkowa-saka ikkje er grov, er det vanskeleg å sjå kva andre saker som skulle kunna kallast det, sett med universitetsauge, skriv Universitetsavisens nettutgåve.

Den danske regjeringsadvokaten støttar Københavns Universitet, og difor har universitetet no vald å anka saka med påstand om at Penkowas bedrageri og dokumentfalsk juridisk sett er av særleg grov karakter. Og i ei slik sak er foreldingsfristen på 10 år. Etter Universitetsavisens oppfatning kan altså bedragerisaka mot Penkowa framleis føra til ein dom, så sant Københavns Universitet og regjeringsadvokaten får rett.

Les meir i Universitetsavisen

Les i Uniforum:

Punktum for Penkowa

Vanskelige for norsk Penkowa

København-rektor frikjend i Penkowa-sak

Dansk forskerkomet mistenkt for grovt juks

 

 

 

Emneord: Medisin, Etikk, Forskning
Publisert 12. juni 2013 10:39 - Sist endra 12. juni 2013 10:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere