København-rektor frikjend i Penkowa-sak

Rektor Ralf Hemmingsen ved Københavns Universitet (KU) kan førebels pusta letta ut. Sakene om den bedrageridømde hjerneforskaren Milena Penkowa får ingen konsekvensar for han, slår universitetsstyret fast, melder det danske nyhendebyrået Ritzau i dag.

FRIKJEND: Rektor Ralf Hemmingsen ved Københavns Universitet blir frikjend av sitt eige styre i Penkowa-saka.

Foto: Mike Young, Universitetsavisen

Det er ein 700 sider lang rapport frå den danske statens advokat, Kammeradvokaten, som styret har brukt som bakgrunnsmateriale for å konkludera med at det ikkje er grunn til å koma med alvorleg kritikk av rektor Ralf Hemmingsen ved Københavns Universitet.

Verken tilsetjinga av Penkowa eller innstillinga av henne til den prestisjefylte EliteForskprisen i 2009, er grunnar gode nok til å kritisera universitetsrektoren, meiner universitetsstyret. Ingen gjorde alvorlege feil, er konklusjonen i rapporten, ifylgje Universitetsavisen ved Københavns Universitet.

Tilfreds styreleiar

– Eg er svært tilfreds med at Københavns Universitet og rektor no er blitt frikjende for dei svært alvorlege skuldingane om at det har vore ei favorisering av Penkowa, uttaler styreleiar Nils Strandberg Pedersen i ei pressemelding.

I rapporten blir det likevel peika på at tildelinga av EliteForskprisen til Penkowa i januar 2009 ikkje har vore heilt problemfri. Det er kome fram at Københavns Universitet innstilte Penkowa til prisen, sjølv om både rektor og dekan på Det medisinske fakultetet, Ulla Wewer, visste at forskaren var meld til politiet for bedrageri og dokumentforfalsking.

Dømd for svindelskuldingar mot student

Penkowa aksepterte nyleg også ein dom på tre månaders fengsel i saka der ho ved hjelp av falske dokument skulda ein student ved Københavns Universitet for å stå bak den økonomiske svindelen med pengar frå Dansk Selskab for Neurovidenskab. Det var den saka som fekk Københavns Universitet til å suspendera Penkowa i mars 2010. Seinare har rektor Ralf Hemmingsen beklaga hendinga overfor studenten.

Sensor på medisin

Heilt fram til førre veke har den bedrageridømde Milena Penkowa også vore sensor på medisinstudiet ved Københavns Universitet, skriv Berlingske Tidende i dag. Det skjer trass i ein svindeldom og det faktum at forskinga hennar no blir etterforska for svindel. Politikaren Jonas Dahl frå Sosialistisk Folkeparti synest saka er pinleg og at det viser mangel på kontroll i det danske Videnskabsministeriet.

– At ein held fram med å lata Milena Penkowa vera sensor trass i svindelskuldingar, tyder på at dei slett ikkje har fatta alvoret, seier han til Berlingske Tidende i dag.

 Les også Københavns Universitets eigne sider om Penkowa-saka.

Emneord: Etikk, Medisin, Forskning Av Martin Toft
Publisert 22. mars 2011 13:58 - Sist endra 22. mars 2011 14:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere