Einige om organiseringa av Sentraladministrasjonen

Personalstøtte blir ei eiga eining etter omorganiseringa av Sentraladministrasjonen. Det er ei av dei viktigaste endringane fagforeiningane og universitetsleiinga no er blitt einige om.

PERSONALSTØTTE EIGA EINING: Alle dei fire hovudtillitsvalde, Christer Wiik Aram, Akademikarane, Kristian Mollestad, Forskarforbundet, Ellen Dalen, NTL og Ole Martin Nodenes frå Parat, synest at det er flott at dei i fellesskap  klarte å få personalstøtta til å bli ei eiga eining.

Foto: Ola Sæther

Etter tre møte med forhandlingar mellom fagforeiningane og universitetsleiinga blei partane i går einige om eit forslag som skal leggjast fram for Universitetsstyret den 17. juni. Den største endringa samanlikna med det tidlegare utkastet til omorganisering av Sentraladministrasjonen, er at personalstøtte blir ei eiga eining på linje med fellestenesta og fagstøtta. Samtidig blir Bedriftshelsetenesta plassert i direkte linje til universitetsdirektøren, på same vis som Helse, miljø og sikring (HMS).

Den nye modellen for Sentraladministrasjonen:

Leiarstøtte:

Eininga skal vera knytt direkte til UiO-leiinga med ansvar for å assistera rektor og universitetsdirektør på felt som har mykje å seia i den overordna styringa av UiO.

Fellestenesta:

Eininga får ansvar for å assistera UiOs lokale einingar med økonomitenester, lønn, rekneskap, innkjøp og systemadministrasjon. Også eSak blir inkludert i fellestenesta.

Intern administrasjon:

Denne eininga skal ha som hovudoppgåve å bistå i den interne drifta av sentraladministrasjonen og andre einingar som har avgrensa administrativ kapasitet.

Fagstøtte:

Dette blir ei eining som skal setjast saman av dei som i dag arbeider med drift og forvalting i Studieavdelinga, Forskingsadministrativ avdeling og Kommunikasjonsavdelinga. Dei skal yta tenester til fakulteta i administrativ drift og utvikling av forsking, undervisning og formidling. Dei skal også tilby tenester til studentar og utdanningssøkjarar, driva med kommunikasjonsstøtte og studieinformasjon, arrangement og eksterne relasjonar, internasjonale avtalar og forskingsstøtte, forvalting av utdanningsporteføljen, opptak og tilrettelegging, fagadministrative datasystem, sentralbord.

Personalstøtte:

Dette blir ei eining som er organisert på linje med fellestenesta og fagstøtta, med hovudfokus mot bistand til lokale einingar. Personalstøtte skal ta vare på oppgåver som utforming og utvikling av UiOs interne regelverk, avtalar og liknande på personalfeltet, lønns- og personalpolitikk, samarbeid med fagforeiningane på UiO-nivå, rådgjeving, utgreiingar og kompetanseutvikling.

Helse, miljø og sikring (HMS):

Blir organisert med direkte linje til universitetsdirektøren. Arbeidsgjevarstøtta som opphavleg blei lagt på dette nivået, er gått inn i personalstøtta, som blir ei eiga eining.

Eining for bedriftshelseteneste (BHT):

Blir også ei sjølvstending eining med direkte linje til universitetsdirektøren.

 

Arbeidsgjevarstøtte er gått inn i personalstøtta. (Sjå faktaboks)

Glade hovudtillitsvalde

– Me er svært nøgde med at personalstøtte blir ei eiga eining og at den skal ha hovudfokus på bistand til fakulteta og andre lokale einingar, seier Ellen Dalen i NTL, Christer Wiik Aram i Akademikarane, Ole Martin Nodenes i Parat og Kristian Mollestad i Forskarforbundet. Dei synest også at Bedriftshelsetenesta har fått ei god plassering. – Det er rett å leggja den i direkte linje til universitetsdirektøren, men som ei sjølvstendig eining der dei sjølve bestemmer prioriteringane og arbeidsoppgåvene sine, legg dei til.

Tilfreds universitetsdirektør

Også universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe er glad for at fagforeiningane og universitetsleiinga er einige om det forslaget som skal leggjast fram for Universitetsstyret den 17. juni. – Eg er tilfreds med at me gjennom forhandlingar er blitt samde. Dette var møte med reelle forhandlingar, og no får Universitetsstyret saka til handsaming måndag 17. juni, seier Bjørneboe.

– Viktig med personalstøtte frå sentralt hald

Alle dei fire hovudtillitsvalde synest det er flott at dei i fellesskap klarte å få personalstøtta til å bli ei eiga eining.

– Det er viktig for oss at kunnskapen og kompetansen dei har på området som handlar om lønns- og personalpolitikk, blir tatt vare på og ført vidare, understrekar NTL-leiar Ellen Dalen.

Og hovudtillitsvald Kristian Mollestad i Forskarforbundet synest det er viktig at ansvaret for dette området blir tatt vare på i Sentraladministrasjonen. – Det er mange fakultet som byggjer opp personalseksjonar, men det er viktig at dei også får støtte frå sentralt hald. For mange ser omorganiseringa av desse viktige avdelingane i Sentraladministrasjonen ut som ei lokal sak, men ansvarsdelinga og organisasjonsforma i Sentraladministrasjonen får faktisk konsekvensar også for alle andre einingar på UiO, understrekar Mollestad.

– Arbeidet begynner etter 17. juni

Når dei har fått i hamn den nye organisasjonsmodellen etter eit endeleg vedtak i Universitetsstyret 17. juni, trur dei det verkelege hardkjøret tar til.

– Då begynner det store arbeidet, for då skal bemanningsplanar utformast og tilsette skal innplasserast. Då får dei tilsette vita
korleis arbeidsoppgåvene deira skal løysast i den nye modellen. Truleg er ikkje kabalen lagt før heile den nye organiseringa blir sett i verk frå 1. januar 2014, seier Parat-leiar Ole Martin Nodenes.

Felles protokolltilførsel

Dei hovudtillitsvalde er dessutan svært nøgde med at dei har fått på plass ein felles protokolltilførsel med universitetsdirektøren om korleis omorganiseringsarbeidet kan fylgjast opp. Der blir det mellom anna understreka at risikoanalysen til Internrevisjonen skal fylgjast opp snarast mogleg, personalfunksjonen ved UiO skal styrkjast og partane skal fortløpande fylgja opp alle delar i heile modellen og den nye organiseringa. Det skal skje jamleg i møte mellom fagforeiningane og universitetsleiinga.

– Dette er konkrete ting som må gjerast, og ikkje berre luftige visjonar. No blir det interessant å sjå korleis rollefordelinga blir og korleis dei tilsette blir handsama i denne prosessen, seier hovudtillitsvald Christer Wiik Aram i Akademikarane. Alle trur at dette blir ein god modell for Universitetet i Oslo.

– Ja, og når me har fått gjennomslag for dei endringane som no er gjorde, vil det seia at me aksepterer resten av forslaget til omorganisering, understrekar dei fire hovudtillitsvalde.

Eigedomsavdelinga og USIT er haldne utanfor den nye modellen. Den omfattar difor desse fem avdelingane:  Økonomi- og planavdelinga, Organisasjons- og personalavdelinga, Studieavdelinga, Forskingsadministrativ avdeling og Kommunikasjonsavdelinga. Den nye modellen for Sentraladministrasjonen finn du i faktaboksen.

Universitetsstyret tar endeleg avgjerd i saka måndag 17. juni.

Les også: Omorganiseringa fører ikkje til fleire direktørar

Emneord: Arbeidsforhold, Personalpolitikk, IHR, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 7. juni 2013 15:23 - Sist endra 17. juni 2013 16:36
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere