Påviser nedsmelting av isbreane i Himalaya

For første gong er det vitskapleg bevist at mest alle isbreane i Himalaya minkar. Funnet blir publisert i tidsskriftet Nature denne veka, og førsteforfattar er UiO-forskar Andreas Kääb.

NEDSMELTING: Det skjer ei nedsmelting av isbreane i Himalaya. Dette viser isbreen Nogozumba i Everest-regionen i Nepal. Fjelltoppen Cho Oyu på 8201 m kan skimtast i bakgrunnen. (Foto: Kimberley Casey)

Foto: Kimberley Casey

Det er satellittdata frå isbrear frå grenseområdet mellom Afghanistan og Pakistan og vidare gjennom India, Nepal, Kina og Bhutan som viser at alvorlege klimaendringar også skjer i heile fjellkjeda Himalaya.

– Våre funn viser at isbreane i Himalaya også er i ferd med å smelta bort på same vis som det som skjer i Arktis og stort sett på resten av kloden. Vassmengda i den største kraftdemninga i Pakistan må ha auka med 10 prosent i løpet av dei siste åra berre på grunn av denne bresmeltinga, fortel professor Andreas Kääb ved Institutt for geofag.

Denne veka er han førsteforfattar på ein vitskapleg artikkel i Nature om nedsmeltinga av isbreane i Himalaya. Forskinga har han gjort i samarbeid med forskarar frå Grenoble og Toulouse i Frankrike.   Dette er første gongen nokon har klart å få eit oversyn av kva som skjer med isbreane i heile Himalaya. Tidlegare er det berre gjort undersøkingar av enkeltbrear i Himalaya.

Konfliktar og geografi har hindra målingar

– Ein av grunnane til det er at konflikten mellom India og Pakistan gjer det umogleg å utføra målingar på ein av verdas høgastliggjande isbrear. Og i Bhutan tar det to veker å gå frå hovudstaden til isbreane i Himalaya. Difor er det berre blitt tatt målingar frå dei isbreane som forskarar har hatt høve til å ta seg fram til, seier Kääb.  Heile fjellkjeda er 2000 kilometer lang frå vest til aust, og ingen har klart å få eit fullstendig bilete av korleis klimaendringane har påverka isbreane i Himalaya. Før no. No meiner Andreas Kääb at han og forskarkollegaene hans har klart det.

Rekna ut nedsmelting med laserstrålar

– Det me har gjort, er at me har brukt ein av satellittane til Den amerikanske romfartsorganisasjonen NASA for å måla endringar i tjukkleiken i isbreane. For å finna ut det har me tatt målingar av eit område på 70 meter på mange tusen isbrear  i Himalaya. Målingane er blitt gjort mange gonger på dei same stadene i perioden frå 2003 til 2009. Målingane er gjort ved å senda ei laserstråle frå satellitten og måla den tida det tar før strålen (fotonen) kjem tilbake til satellitten. Om den tar lengre tid ved ei seinare måling enn ved ei tidlegare måling, tyder det på at ismengda i isbreane  har minka fordi tjukkleiken er gått tilbake.

Minkar med 50 cm i året

– Kva fann de ut?

 – Analysen og tolkinga av satellittdata syner at det same skjer i Himalaya som i Arktis og dei fleste andre stader på jorda.  I mest heile fjellkjeda går isbreane tilbake i tjukkleik. I gjennomsnitt minkar tjukna til isbreane med rundt 50 centimeter i året. Det er berre i eitt område at isbreane legg på seg. Det er i Karakoram i Tibet i Kina. Der aukar den med 15 centimeter i året. Det same skjedde i Noreg på 1990-talet, då isbreane blei større på grunn av ein stor nedbørsauke, konstaterer han.

Dei tilbakeviser også ein teori om at dei store steinmengdene i Himalaya hindrar nedsmelting. 

– Det stemmer ikkje, for våre data viser at det i nærleiken av steinane og berga går føre seg like stor nedsmelting som dei stadene der det ikkje er så mange steinar.  Ein amerikansk forskarkollega av meg sa det ordentleg klokt: «Glaciers hate water», og det stemmer at isbrear hatar vatn, for dei fysikalske eigenskapane i vatn fører til at isen forsvinn endå fortare i nærleiken av smeltevatn enn den elles ville gjort.

Bomma på årstal

– For nokre år sidan kom det ein vitskapleg artikkel som meinte å visa at issmeltinga i Himalaya gjekk endå fortare enn andre stader i verda. Kva skjedde med det funnet?

 – Då artikkelen blei publisert stod det at dei fleste isbreane i Himalaya ville forsvinna innan 2035. Det skapte sjølvsagt ei viss uro. Eit år seinare viste det seg at det korrekte årstalet skulle vera 2350.  Då blei det likevel ikkje nokon panikk blant politikarar og klimaforskarar. Eg ser det slik at det er sånne feil som lett dukkar opp i eit område som folk assosierer med mystikk og som me samtidig manglar kunnskap om. Det beste rådet er å bruka hovudet når slike underlege tal dukkar opp, meiner Andreas Kääb.

Han skryter masse av fagmiljøet ved Institutt for geofag og viser til at det var eksisterande forsking som sette han på ideen om å kunna måla om isbreane i Himalaya var gått tilbake.

BRUKTE SATELLITTDATA: Isbreane i Himalaya minkar. Det har UiO-forskar Andreas Kääber bevist gjennom analyse av satellittdata over korleis isbreane blir magrare enn før.

 

-– Me har tidlegare gjort liknande målingar på Svalbard, som både er eit geografisk svært ulikt område og mykje mindre enn området som Himalaya dekkjer. Det fekk meg til å tenkja at det må vera mogleg å gjera tilsvarande målingar av isbreane i Himalaya. Den ideen fekk eg altså støtte til å utvikla vidare, og ved hjelp av pengar frå Den europeiske romfartsorganisasjonen ESA og satellitten frå NASA, og ikkje minst forskingsstøtte frå dei franske Himalayaforskarane i Grenoble og Toulouse, har me klart å få realisert det.

(Foto: Ola Sæther)  

– Og no er du nøgd?

 – Ja, eg er svært stolt, sjølv om ein barnefødsel og ei første avvising frå Nature førte til at publiseringa av artikkelen blei utsett med eitt år. Først og fremst er det ein honnør til eit ope og godt fagmiljø der me i fellesskap kan diskutera oss fram til nye idear. Eit slikt funn hadde eg aldri klart å gjera om eg hadde stengt meg inne på kontoret og ikkje snakka med forskarkollegaene mine, slår han fast.

(Les også den vitskaplege artikkelen “Contrasting patterns of early twenty-first-century glacier mass change in the Himalayas” i dagens utgåve av Nature. Utanom hovudforfattar Andreas Kääb har fylgjande vore medforfattarar: Etienne Berthier, Toulouse, Christopher Nuth,UiO, Julie Gardelle,Grenoble og Yves Arnaud, Grenoble.)

Også her kan du lesa meir om funna og sjå fleire bilete frå Himalaya. 

 

 

 

 

 

Emneord: Naturfag, Miljøforskning, Realfag Av Martin Toft
Publisert 22. aug. 2012 12:52 - Sist endret 22. aug. 2012 13:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere