Problemveien blei Løsningsveien

Rektorkandidat Fanny Duckert døypte i dag, måndag 19. september, Problemveien om til Løsningsveien. - Dette er eit symbolsk tiltak som viser korleis universitetet skal vera oppteke av å finna løysingar, sa ho før ho avduka eit provisorisk nytt vegskilt med teksten "Løsningsveien."

NYTT NAMN: Fanny Duckert døyper Problemveien om til Løsningsveien. Bak står viserektorkandidat Trygve E. Wyller og prorektorkandidat Nils D. Christophersen.
Foto: Ola Sæther

Rundt 60 tilhengjarar av rektorkandidat Fanny Duckert toga opp bak orkesteret Corpsus Juris før dei marsjerte for full musikk frå Frederikkeplassen til krysset Blindernveien/Problemveien i formiddag. Der skulle dei delta under dåpshandlinga då Fanny Duckert skulle gi Problemveien nytt namn. I eit hjørne på Frederikkeplassen stod rektorkandidat Stein A. Evensen og såg på valkampjippoen til ein av rivalane sine.

Under hovudbanneret "Med Fanny for løsninger" heldt den vesle forsamlinga med akademikarar, administratorar og studentar på å skapa ein god del problem for bilførarane i dette krysset. Dei tok det med godt humør, men dei blei truleg enda meir overtydde om at Problemveien ber namnet sitt med rette. Rektorvalkampen har vore både lang og seriøs, ja kanskje for alvorleg, om me skal tru Fanny Duckert.

- Etter ein lang valkamp med krangling og med lange innlegg i avisene, følte me behov for eit pusterom. Difor gjennomfører me denne harmlause og symbolske handlinga med humør og engasjement. Den skal også visa kva rektorteamet vårt vil stå for i neste rektorperiode om me blir valde, sa Duckert før ho sjølv gjekk i brodden for Corpsus Juris og tilhengjarane sine og sette kursen mot Problemveien.

- Eg veit at det vil ta om lag tre år før Statens vegvesen vil godkjenna eit nytt namn på ein veg. Men me tenkte at me ville hjelpa dei litt på vegen. For som psykolog veit eg kor viktig det er med språk. Av den grunn lurer eg på kva som skjer med dei universitetstilsette som kvar morgon går forbi ein veg som ber namnet Problemveien. Det er grunnen til at me heller vil at den skal heita Løsningsveien, slo ho fast samtidig som ho avduka det nye heimesnikra vegskiltet med teksten LØSNINGSVEIEN.

Så får rektorvalet visa om Fanny Duckerts rektorteam også vil vera like løysingsorientert om dei får høve til å installera seg på toppen av Administrasjonsbygningen.

Emneord: Universitetspolitikk, Rektorvalet 2005 Av Martin Toft
Publisert 19. sep. 2005 14:07 - Sist endra 10. des. 2008 15:41
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere