Waaler erobra Slottet åleine

Med ein sykkel og ein Colt-pistol under jakka blei Milorgmannen Bjarne A. Waaler sendt opp Karl Johan for å finna ut kvifor ingen hadde inntatt Slottet i maidagane 1945. - Frå ei vaktbrakke bakom Slottet kom det ut to tyske soldatar i nattøy som ville overgi seg. Elles var det tomt. Seinare har eg sagt at eg erobra Slottet åleine, smiler UiOs gamlerektor som 18. april fylte 80 år.

ÆRE: Tidlegare UiO-rektor Bjarne A. Waaler er stolt over å ha fått æra for at Domus Medica blei bygd.
Foto: Ståle Skogstad

Den pensjonerte medisinprofessoren går på kontoret sitt i Domus Medica kvar dag. I januar sende han inn den siste vitskaplege artikkelen sin til tidskriftet Cardiology. Ein artikkel som tyder på at det er eit spesielt hormon og ikkje nervane som gir hjartet signal om å pumpa raskare etter eit betre måltid.

- Eg er både glad og takksam for at eg har fått lov til å ha ein fast plass å koma til også etter at eg blei pensjonist. Det er viktig at ein ikkje føler seg kassert sjølv om ein er blitt pensjonist. I Vesten, og spesielt i Norden, blir alderdomen ringeakta. Før var det ein fordel å ha masse røynsle. I dag er det nærast blitt ei ulempe, synest Bjarne A. Waaler, som var rektor ved Universitetet i Oslo frå 1977 til 1984.

- Fødd i fattig-Noreg

- Kanskje dette er i ferd med å endra seg sidan Vatikanet valde den 78 år gamle Josef Ratzinger til pave?

- Eg har ikkje særleg sans for Josef Ratzinger. Då er vel den gamle tyske forbundskanslaren Konrad Adenauer eit betre døme på ein person som var både vital og handlekraftig trass i at han var 74 år då han blei vald, slår han fast.

- Det ligg mange innsatsevner i gamle menneske også, legg han til. Waaler meiner han er privilegert som har fått leva så lenge.

- Eg blei fødd i fattig-Noreg på midten av 1920-talet, og eg fyller 80 i det rike Noreg. Det har vore morosamt å fylgja både samfunnsutviklinga og utviklinga i medisinfaget i den tida, seier han. Dei første barneåra tilbrakte han på Myrdal der faren, som var jernbaneingeniør var med og stakk traseen for Flåmsbana. Etter nokre år flytta familien til Oslo.

- Det er Oslogut eg er, seier han med ettertrykk.

Slapp unna arrestasjon

Han byrja å studera ved Universitetet i Oslo midt under Den andre verdskrigen. Men så i 1943 skulle studentane arresterast av tyskarane.

- Eg sat på ein lesesal, då det brått kom melding om at tyskarane var i ferd me å arrestera studentar. Me fekk beskjed om å koma oss ut av byen gjennom sidegatene for å unngå å bli tatt. Det klarte eg, og eg kom seinare som nittenåring med i Milorg. I mellomtida byrja eg å dela ut illegale aviser om kvelden, medan eg var elev ved møbelsnikkarlinja på Oslo yrkeskole på dagtid. På den måten hadde eg eit alibi, fortel han. Men i fredsdagane i mai 1945 blei han ordonnans i Milorg.

- Eg sykla oppover Karl Johan med ein Colt-pistol under jakkeslaget for å finna ut kvifor det ikkje var mottatt melding om at Slottet var tatt. Ei stor folkemengd var i ferd med å brenna bøker utanfor ein tysk bokhandel medan tyske soldatar stod utanfor Stortinget og såg på. Då eg kom til Slottet, banka eg først på den stengde hovuddøra. Frå ei vaktbrakke bakom Slottet kom det ut to tyske soldatar i berre underbuksa. Dei ville gjerne overgi seg til meg, men det hadde eg ikkje mandat til. Den oppgåva overlet eg til troppen som eigenleg skulle innta Slottet, men som hadde blitt forsinka i Gamlebyen. Slottet var heilt tomt. Mange år seinare fortalde eg Kong Harald at eg var første allierte soldat på Slottet i 1945. "Tusen takk, da" svarte han.

- Verdas beste pasientar

Etter krigen byrja han på medisinstudiet og blei ferdig i 1950. Ein av dei første jobbane hadde han som distriktlege i Porsanger i Finnmark.

- Finnmarkingane var verdas beste pasientar. Dei klaga aldri, så lenge dei forsto at eg gjorde mitt beste. Kona mi og eg blei så glade i Finnmark at me kalla den nesteldste sonen vår, som blei fødd der, for Finn. Finn Markus var også eit alternativ, ler han. Då han byrja som medisinprofessor i fysiologi i 1962 såg han at det var mykje som måtte gjerast.

- Den gongen heldt fysiologane til i den gamle bibliotekbygningen på Karl Johan. Det var kummerlege forhold for eit fag som fysiologi. Skulle eg klara å byggja opp dette faget og skaffa plass til fleire studentar, var det naudsynt med nye lokale. I 1966 sende me ei innstilling til Kyrkje- og undervisningsdepartementet om eit nybygg på Gaustad. Styresmaktene syntest det var altfor stort.

- Før me laga den neste innstillinga, sytte eg for at det blei med folk både frå departementet og frå Tromsø, der dei også bygde ut på den tida. Då blei prosjektet godkjend, og dei første kunne flytta inn i Domus Medica på Gaustad i studieåret 1977/78. Rett nok blei ikkje andre byggetrinnet ferdig før 12 år seinare, altså i 1990, og først då kunne fysiologane flytta inn, minnest Waaler.

Valt til rektor

I 1977 vart han vald til rektor for UiO. Dette vervet hadde han ut 1984.

- Eg var oppteken av å styrka universitetsidentiteten og av å byggja opp ei felles korpsånd på institusjonen. Eg ynskte å vera rektor for heile universitetet og arbeida for ei rettferdig fordeling av ressursane. Til dømes måtte vi be om nye stillingar der presset var størst, slik som ved Det juridiske fakultetet. Eg er også tilfreds med at opplegget med norskundervisning for utanlandsstudentar blei styrka. Elles likte eg å peika på at det var mogleg å studera 40 forskjellige språk ved vårt universitet, som også hadde tre "eigenproduserte" Nobelprisvinnarar, nemleg Ragnar Frisch, Odd Hassel og Trygve Haavelmo.

- I februar deltok du i protestmøte mot forslaget til ny universitetslov. Kvifor?

- Det går ikkje an å marknadstilpassa eit universitet. Gjennomstrøyminga av studentar er visst det einaste som tel i dag. Men universitetsinnsats kan ikkje omsetjast i lønnsemd. Eg brukar å peika på at Universitetet i Oslo er Noregs viktigaste kulturinstitusjon. Difor ser eg det som ein stor heider at eg er ein av dei som er blitt valde til rektor ved dette universitetet, seier Bjarne Arentz Waaler.

Emneord: Universitetspolitikk, Feature Av Martin Toft
Publisert 3. mai 2005 09:21 - Sist endra 10. des. 2008 16:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere