Sparkar i gang Frida

Denne veka sparkar UiO i gang Frida, dei norske universiteta sitt nye system for forskingsdokumentasjon. På nettadressa http://frida.uio.no vil du få tak i alt du har behov for å vita om forsking og forskarar.

BRUK FRIDA: Prosjektleiar Grete Christina Lingjærde og koordinator Arve Aleksandersen oppfordrar alle forskarar og einingar om å ta i bruk Frida.
Foto: Ola Sæther

Førebels er Frida sett saman av to modular, ein modul for kompetansekatalog og ein modul for registrering av forskingsresultat. Ein tredje modul for årsmelding blir klar like før nyttår, opplyser prosjektleiar Grete Christina Lingjærde ved USIT og seniorkonsulent Arve Aleksandersen i Seksjon for forskingsadministrasjon og næringslivskontakt til Uniforum.

Det er Universitetet i Oslo som vil vera først ute med å ta i bruk dette systemet, tett fylgd av Universitetet i Tromsø som vil setja i gang seinare i haust. Både Universitetet i Bergen og NTNU i Trondheim vil venta til mars 2004 før dei heng seg på. Det er USIT ved UiO som har utvikla dette systemet på oppdrag frå alle dei fire universiteta.

Profilering og rapportering

- Dette er eit system både for profilering og rapportering. Profileringa vil i hovudsak bli gjort gjennom kompetansekatalogen, som godt kan kallast for UiOs "gule sider for forsking, seier Lingjærde. - Katalogen kan brukast til presentasjon av enkeltforskarar, men kan også nyttast for å kartleggja UiOs kompetanse på utvalde område. Resultatmodulen og årsmeldingsmodulen er naudsynt for rapporteringa til universitetet om kor mykje forsking som går føre seg, legg Aleksandersen til. Kompetansekatalogen er retta meir mot andre forskarar og samfunnet utanfor universitetet.

- Målgruppa er andre forskarar, studentar, næringsliv og media. Det blir enklare å venda seg til den rette personen, trur Aleksandersen. Alle dei gamle postane er overførte frå ForskDok og gjort tilgjengelege gjennom Frida.

Eigenrapportering

- Det er lagt opp til at forskarane sjølve skal bruka databasen og leggja inn den naudsynte informasjonen sjølve. Forskarane må også driva kvalitetskontroll av det som blir lagt inn. Frå og med neste år vil data over artikkelproduksjon, bokutgjevingar og bidrag til internasjonale vitskaplege tidsskrift telja med i den nasjonale fordelingsmodellen for tildeling av pengar til universiteta. Difor er det viktig at alle data som er med, er kvalitetssikra, fortel Aleksandersen. For å gjera det enklare og sikrare har USIT laga eit system som er lett å forstå.

- I praksis kan ein og same forskar dukka opp med litt forskjellige namn i publikasjonar, til dømes med og utan mellomnamn, med og utan bindestrek eller med jentenamn. I Frida er det mogleg å knyta alle slike namnevariantar til ein og same forskar slik at søk på ein namnevariant automatisk fører til at det blir søkt på alle andre versjonar av namnet. Eit døme på dette kan vera Eriksen T, Eriksen G.T., Eriksen, Hylland Eriksen, Thomas Hylland Eriksen og som Geir Thomas Hylland Eriksen, forklarar Aleksandersen.
- Frida vil på den måten heva kvaliteten på data om forskingsresultat, meiner dei to.

- Kvaliteten blir enda betre til neste år for då skal det lanserast ein ny versjon av Frida der forskarane kan basera registreringane sine på data importert frå bibliografiske databasar, blant anna ISI Web of Science. Dette blir utruleg viktig for rapporteringa for neste år for då skal data frå Frida nyttast i Utdannings- og forskingsdepartementets nasjonale fordeling av forskingspengar til universiteta. Med Frida ynskjer universiteta å laga eit heilskapleg administrativt verkty for alle aktivitetar som er knytte til forsking, understrekar Aleksandersen.

I årsmeldingsmodulen vil det såleis vera mogleg å finna faktaopplysningar om talet på gjesteforelesarar, forskingsprisar, utgjevne tidsskrift. Det er dessutan meininga at denne modulen skal erstatta rapporteringsrutinar i samband med UiOs budsjettarbeid.

- Det som skal registrerast i modulen for forskingsresultat er vitskaplege artiklar publiserte i tidsskrift, faglege bøker, kapittel i faglege bøker, rapportar og konferanseforedrag, seier han. Fristen for registrering av publikasjonar for årets rapportering til Frida er 10. februar 2004. Begge lovar at Frida skal bli mykje betre etter kvart.

Nasjonalt autoritetsregister

- Utdannings- og forskingsdepartementet har tatt initiativet til å oppretta eit nasjonalt autoritetsregister. Det vil føra til at me frå og med neste år vil få kvalitetssikra data frå kjelder som ISI, Norart og BIBSYS, forklarar Lingjærde.

- Dette forskingsdokumentasjonssystemet er tilrettelagt slik at brukarane sjølve kan oppdatera den informasjonen som finst om dei, der dei er registrerte som forfattar eller redaktør. Alle forfattarar vil dessutan bli orientert via e-post dersom ein eller fleire av publikasjonane deira blir oppdaterte, legg ho til.

- Frida kan også bli tatt i bruk i samband med den interne fordelinga av UiOs forskingsmidlar. Difor er det viktig at alle opplysningane som blir registrerte, også blir stadfesta og godkjende, understrekar Aleksandersen. UiO har tidlegare beda alle einingane sine om å oppretta eit støtteapparat for Frida. I tillegg vil det vera mogleg å få hjelp via e-postadressa: fds-hjelp@admin.uio.no eller telefonnummer 31213.

Emneord: Forskning, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 15. okt. 2003 12:10 - Sist endra 10. des. 2008 15:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere