Fakulteta brukar sparekniven

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 19 1999


Alle fakulteta er i gang med store innsparingar. Det viser tilbakemeldingane Uniforum har fått frå fakultetsdirektørane i samband med at Kollegiet skal vedta universitetsbudsjettet tysdag 14. desember.

Av Martin Toft

Det teologiske fakultetet

Framlegg til fordelingsbudsjett representerer ein nominell nedgang på ca 100 000 kr. Reell nedgang blir på ca. 600 000 eller i underkant av 4 prosent, opplyser fakultetsdirektør Dag Myhre-Nielsen. - Dei ledige stillingane ved fakultetet vil heller ikkje bli utlyste i 2000, med unntak av professoratet i kvinneteologi. Alternativet er derfor sparebluss, noko som går ut over dyre tiltak som har mykje å seia for studiekvaliteten.

Det juridiske fakultetet

Totalramma til Det juridiske fakultetet blir redusert med 1,5 mill. kroner frå 1999 til 2000 etter at det er tatt omsyn til pris- og lønsvekst og etter at justeringar som fylgjer av tidlegare vedtak er rekna inn. Totalramma til fakultetet var i 1999 på 65,7 mill. kroner. Kuttet utgjer 2,3 prosent. Det opplyser seksjonsleiar Eivind Roll. Nedskjeringane vil først og fremst gå utover undervisninga. - Det totale undervisningstilbodet blir redusert med rundt 8 prosent.

Det medisinske fakultetet

Fakultetet må kutta budsjettet med 1,7 prosent. Me må spara på den einaste plassen der me kan spara, og då blir det på løn. Det seier fakultetsdirektør Bjørn Hol, som er mest frustert over at fakultetet er pålagd å spara inn 20 prosent av den tapte vekttalsproduksjonen ved UiO, trass i at fakultetet berre har gått ned med 1,5 prosent i vekttalsproduksjon.

- Det ser diverre ikkje ut som om universitesleiinga vil skrinleggja dette framlegget, seier Hol.

Det historisk-filosofiske fakultetet

I haust er det vedtatt ein fagdimensjoneringsplan som fører til at 14 fag/semesteremne er delvis vedtatt nedlagde, delvis foreslått nedlagde overfor Kollegiet. Fagdimensjoneringa vil gi ein reduksjon på 22 vitskaplege stillingar, og ei omfordeling på sju stillingar for heile fakultetet i løpet av fem år. Det fortel kontorsjef Dag Tveit Bråthen. Effekten av denne ressursomfordelinga vil først visa seg når stillingane blir ledige og ved tildeling av omstillingsmidlar. For dei administrative stillingane er det vedtatt bemanningsplanar.

Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet

Det samla budsjettet for år 2000 blir totalt 7 mill. kroner mindre enn i 1999, viss dei eksterne inntektene og overhead blir dei samme i 2000 som i 1999.

- Det er grunn til å venta ein del høgare inntekter, opplyser fakultetsdirektør Rune Fløisbonn.

- Konsekvensane av dette blir at midlar til 15 stillingar forsvinn frå fakultetet. Fakultetet har for tida under utarbeiding ein plan for dimensjonering mot år 2005 der dei enkelte faga blir gjennomgått. - Budsjettkuttet må anten takast frå driftsbudsjettet eller kompenserast ved høgare eksterne inntekter.

Det odontologiske fakultetet

- Det er ingen store endringar i nominell fordeling til fakultetet frå 1999 til 2000. Reduksjonen er på rundt 100 000 kroner. I hovudsak er det slik at løns- og prisjustering på rundt 2 blir ete opp av kuttet på 1,7 prosent. Difor har me ein reell nedgang på om lag 2 prosent, opplyser fakultetsdirektør Bente Torgersen. Både studieplanen og studenttalet vil vera likt som før. - Me må vurdera tilsetjing i stipendiatstillingar, og elles må me redusera driftsmidlar til forsking. Det verste ved budsjettframlegget er at me også i år får "flate kutt", noko me er sårbare for på grunn av manglande høve til å saldera.

Det samfunnsvitskaplege fakultetet

Fakultetsdirektør Tove Kristin Karlsen opplyser at det i forhold til 1999-budsjettet er ein nominell nedgang på 3 mill. kroner noko som tilsvarar 2.5 prosent, og ein reell nedgang på 5.5. mill. kroner tilsvarande 4.7 prosent. - Konsekvensane blir at aktivitetsnivået må reduserast noko i høve til 1999. Dette vil gå utover drift og utstyr, men det blir ingen reduksjon i talet på stillingar, seier Karlsen. Ho er glad for at overheaden er lagt inn i rammene til fakultetet frå år 2000. - At det ikkje er sett av pengar til ombyggingane i SV-bygningen, er eit grovt brot på tidlegare lovnader.

Det utdanningsvitskaplege fakultetet

Budsjettet har samla ein nedgang på om lag 4 prosent. I kroner er det vanskeleg å samanlikna fordi det er tekniske endringar frå år til år, opplyser fakultetsdirektør Bjørnar Sarnes. Han trur at budsjettreduksjonen må kompenserast ved eksterne prosjektløyvingar og auka inntening.

- Dette kan føra til status quo for neste år eller ein mindre nedgang som skal dekkast ved å halda vitskaplege stillingar ledige, seier Sarnes.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 19 1999

Publisert 8. des. 1999 13:23 - Sist endra 1. sep. 2014 13:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere