Medisin seier nei til forskingsformidling

Innhold Neste Uniforum nr. 19 1999


Det medisinske fakultetet går i ei høyringsfråsegn imot eit framlegg om at forskingsformidling skal vera ein del av arbeidsplikta til dei vitskapleg tilsette. - Eg er forbausa over at fakultetet avviser behovet for å styrkja forskingsformidlinga ved UiO, seier medisinprofessor Per Brodal.

Av Martin Toft

Det er i høyringsfråsegna til utgreiinga ”En ny formidlingspolitikk”, at Det medisinske fakultetet stiller seg negativ til dei tiltaka som er foreslått for å styrkja forskingsformidlinga ved Universitetet i Oslo. I fråsegna som er ført i pennen av professor Ole Berg på vegner av fakultetet, går det fram at forskingsformidling kan ha ein negativ effekt på universitetet.

”Skal Universitetet bevare sin rolle som basal forskningsinstitusjon, må tiltak som kan svekke denne vurderes kritisk.” Vidare heiter det i fråsegna: ”Av alle tiltak man kan tenke seg til høyre i kunnskapskjeden er den utadrettede formidling kanskje den man burde være mest varsom med å utvide”. Det blir peika på at verknaden av formidlinga er vanskeleg å måla, anten ein tenkjer på den konkrete verknaden av eit formidlingstiltak t.d. på helserelatert åtferd eller på folk sin kunnskap om eit spesielt emne, eller på den generelle verknaden på dei ulike vitskapane sitt bilete og status blant folk flest.

Overformidling

I fråsegna blir det stilt spørsmål ved om ikkje verknaden av formidling i eit samfunn prega av ”overformidling” ikkje eigentleg er nokså låg. Det medisinske fakultetet går også imot framlegga om å påleggja alle vitskapleg tilsette å driva med forskingsformidling, om å formidlingsevaluera alle nye fagtilsette, om å registrera all formidling og om å lata alle leiarar vera formidlingsleiarar. Fakultetet fryktar at dette tiltaket kan føra til kontroll fordi ”det ligger i pliktens og pliktstyringens karakter”. Det kan igjen føra til at fleire ressursar, både på kontrollsida og dei kontrollerte si side, går til kontroll. Konklusjonen til fakultetet er at dette til slutt vil gå utover forskinga som forskarane likevel ofte må driva med på fritida fordi andre plikter og oppgåver et meir og meir av forskingstida. Det same vil innføring av tiltak som kan styrka forskingsformidlinga gjera, meiner fakultetet.

Å formidla er å samtala

I denne fråsegna blir forskingsformidling definert på fylgjande måte: ”Å formidle er å forholde seg samtalende til andre. Det gjør alle universitetslærere. Som forskere samtaler de med sine fagkolleger, i en ofte internasjonal samtale. Som lærere samtaler de med sine studenter. Som konsulenter, foredragsholdere, kronikkskribenter osv. samtaler de med mer og mindre faglig skolerte andre.” Hovudkonklusjonen er at det burde halda med meir målretta tiltak, dei er retta mot dei vitskapleg tilsette som kan og vil driva med forskingsformidling.

Overraska

Professor i medisinske basalfag ved UiO, Per Brodal er overraska over innhaldet i fråsegna frå sitt eige fakultet.

- Eg har problem med å akseptera at universitetet ikkje skal setja inn tiltak for å betra og auka formidlinga. Det kan sjølvsagt diskuterast kva verkemiddel som kan takast i bruk, men viss formidling er ein integrert del av verksemda til universitetet, kan me ikkje berre definera det bort i generelle vendingar, meiner Brodal, som også er opptatt av at det blir fokusert på kvaliteten av forskingsformidlinga.

- Ikkje minst innanfor medisin er dette viktig. Kvalitetsheving kan berre skje ved at kvar einskild forskar ser kva som er viktig å formidla og brukar meir tid på å bli ein betre formidlar, seier han. Han ser også mange andre grunnar til kvifor det er viktig å styrkja formidlinga.

- Eg trur også ekstraarbeidet med å formidla forskingsresultat til ikkje-spesialistar er eit godt verkemiddel for å få forskaren til å setja sine eigne resultat inn i ein større samanheng. Det nyttar ikkje då å seia at eg diverre ikkje har tid til å sjå ut over min eigen snevre bås, avsluttar Brodal.

Også Instituttgruppa for Oslo kommunale sjukehus stiller seg positiv til innhaldet i utgreiinga om ein ny formidlingspolitikk. Instituttgruppa gir dessutan ros til utvalet for innstillinga, som etter deira syn konkret viser gode framlegg til å løysa mange av dei tinga som manglar ved formidlingspolitikken til UiO i dag.


Innhold Neste Uniforum nr. 19 1999

Publisert 9. des. 1999 12:46 - Sist endra 1. sep. 2014 13:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere