Pressebiter

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 10 1999


Ingen forskingspolitikk

- Eg er svært spent på kva Mjøs-utvalet blir i stand til å seia om forsking. Norge har ingen forskingspolitikk, og eg trur ikkje det finst nokon i det politiske miljøet som har oversikt over kva den norske forskingspolitikken eventuelt skulle vera. Vår ulukke har vore at me har hatt så mykje olje at me ikkje har måtta gjera noko på forskingsfronten, sa Blakar.

Prorektor Rolv Mikkel Blakar til Forskerforum 6/99

Shoppingsenter

- No veltar Spice Girls-generasjonen inn på universitetet. Eg er ikkje særleg gammal, men forstår ingenting av desse nye gruppene. Då det nyleg blei kutta i undervisningstilbodet på religion ved UiO, kalle studentane samen til allmøte. Der vedtok ein - einstemmig - at om det var pengar som var problemet, kunne ein godt betala. - Dette er heilt nye tonar frå studentane, og viser at denne generasjonen ser på universitetet som eit shoppingsenter. Det må sektoren forhalda seg til.

NSU-leiar David Baum i Forskerforum 6/99.

Koparstikk av knoklar

- Vi har ynskt å auke forståinga mellom forskarar og journalistar. Medan journalistar startar med konklusjonen, spissar og konkretiserer, sparar forskarane konklusjonen til slutt. Eg trur denne skilnaden i framstillingsform har ført til mange unødvendige konfliktar, seier Toppe og fortel at kontakten med vitskapsmiljøet òg har gjeve idéar til portrett med spennande folk. - Ein zoologiprofessor som lagar koparstikk av knoklar er godt stoff, seier han.

Prosjektleiar Ronald Toppe, TV 2s nyhendeavdeling til Forskerforum 6/99

Studentar utan bedriftskultur

- Norske studentar er ein organisasjon som manglar bedriftskultur. I ei verksemd oppfører ein seg slik at det gagnar fellesskapen, og alle har eit medansvar for at også andre følgjer uskrivne reglar. Blant studentar er plagsom framferd 'kult', og blir det for ille, så påkallar dei 'høgare makter' i staden for å rydda opp sjølv.

Martin Ystenes, professor i uorganisk kjemi, NTNU i Universitetsavisa Nr. 10-1999.

Tause studentar

- Det er altså ikkje storleiken på førelesingssalen som er avgjerande. Store klassar er eit problem på universitet over heile verda. Der Norge skil seg ut, er dei tause studentane. Det som er oppsiktsvekkjande, er at studentane har så lite diskusjonar og gruppeundervisning på lågare grad. Resultatet er at studentane blir utrygge fordi dei ikkje blir kjent med kvarandre.

Han Dorussen, fyrsteamanuensis i statsvitskap, NTNU i Universitetsavisa Nr. 10-1999.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 10 1999

Publisert 17. juni 1999 15:18 - Sist endra 1. sep. 2014 13:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere