Betre vilkår for universiteta

Innhold Neste Uniforum nr. 10 1999


VERDT Å VENTA PÅ?: Etter den eine utsetjinga etter den andre, kunne statsråd Jon Lilletun i førre veke leggja fram den lenge varsla forskingsmeldinga. (Foto: Martin Toft)

Universitet og høgskular får ei ny ordning for grunnfinansiering. Det inneber at det blir eit forskingsbudsjett og eit undervisningsbudsjett.

Institusjonane skal sjølve avgjera fordelinga mellom dei to budsjetta, foreslår Regjeringa i den nye forskingsmeldinga som blei lagd fram sist fredag.

Av Martin Toft

I forskingsmeldinga ”Forskning ved et tidsskille” blinkar Regjeringa ut fire satsingsområde for norsk forsking:

  • marin forsking
  • informasjons- og kommunikasjonsteknologi
  • medisin og helse
  • energi og miljø

Grunngjevinga for å satsa på marin forsking er at det kan føra til berekraftig verdiskaping innan fiske og havbruk, medan grunnen til at det skal satsast på informasjons- og kommunikasjonsteknologi, er at det skal sikra nyskaping, effektivisering og omstrukturering på alle område. For at det førebyggjande og helsefremjande arbeidet skal styrkjast, skal det også satsast på forsking innan medisin og helse. Dette inneber også fokus på matvarekvalitet. Når det gjeld satsinga på auka forsking i skjeringsfeltet mellom miljø og energi, blir det grunngjeve med at Noreg skal foreina rollene som stor energiprodusent og føregangsland i energispørsmål.

Gjennomsnittleg OECD-nivå

Regjeringa legg opp til ein auka forskingsinnsats slik at Noreg i løpet av fem år kjem opp på gjennomsnittet for landa i OECD-området. I 1995 låg den totale norske forskingsinnsatsen fem milliardar kroner under OECD-gjennomsnittet. Det er årsaka til at Regjeringa i det reviderte nasjonalbudsjettet har foreslått å oppretta eit eige forskings- og nyskapingsfond på 3 milliardar kroner frå 1. juli i år. Det skal finansierast ved sal av statlege aksjar. Fondet som skal administrerast av Noregs forskingsråd, vil gi ei årleg avkasting på 180 millionar kroner, opplyser statsråd Jon Lilletun til Uniforum.

”Kunnskapsallmenningen”

Likevel er det ei styrking av den langsiktige og grunnleggjande forskinga i ”kunnskapsallmenningen”, det vil seia universitet, høgskular og forskingsinstitutt, som blir hovudprioriteringa ved bruk av offentlege pengar, går det fram av forskingsmeldinga. Difor skal det opprettast 150 nye doktorgradsstillingar kvart år i løpet av dei neste fem åra. Dessutan skal løyvingane til vitskapleg utstyr aukast, grunnløyvingane til ein del forskingsinstitutt skal styrkast, og i tillegg skal løyvingane til grunnforsking gjennom Forskingsrådet aukast. I meldinga går Regjeringa også inn for å setja i gang tiltak som kan auka talet på kvinner i faste vitskaplege stillingar spesielt innanfor naturvitskap og teknologi.

Nytt finansieringssystem

Forskingsmeldinga skisserer også opp ein modell for eit heilt nytt finansieringssystem for universitet og høgskular, slik Stortinget tidlegare har bede om. Målet er at budsjetta skal fastsetjast på grunnlag av kva forsking ein har bestemt seg for å satsa på, og i mindre grad ut frå talet på studentar. Det kan hindra at løyvingane til forsking blir mindre som ein fylgje av nedgang i studenttalet. I meldinga går Regjeringa inn for ein finansieringsmodell med ei felles grunnløyving med midlar til undervisning og forsking, basert på ein utrekningsmodell. Denne modellen vil likna på det systemet som blir brukt i dag ved at det blir gjeve ei felles løyving til undervisning og forsking. Den skiljer seg frå dagens system ved at grunnløyvinga i utgangspunktet er sett saman av to delar; ei undervisningsløyving og ei eiga løyving til forsking og utvikling (FoU). FoU-løyvinga vil vera basert på ei utrekning av talet på studentar, der hovudfagsstudentar og stipendiatar tel meir enn andre studentar. Det skal avgjerast ut frå kriterium som overordna forskingspolitiske målsetjingar, nasjonale omsyn, kvalitetsfremjande tiltak, rapportar og evalueringar. I denne utrekninga skal det også takast omsyn til kva slags type forsking som blir drive ved dei ulike institusjonane, og kor ressurskrevjande dei er.

Forskingsmeldinga skisserer også eit opplegg til ei brei, sjølvstendig og internasjonal evaluering av reforma som førte til opprettinga av Noregs forskingsråd i 1993. Kyrkje, utdannings- og forskingsdepartementet (KUF) vil også koma med framlegg til endringar i lov- eller regelverk som skal føre til ei betre kommersiell utnytting av FoU-resultata ved universiteta og høgskulane.

Tilfreds statsråd

- Dette er sjølvsagt ikkje det maksimale av det eg kunne ha tenkt meg som satsing på forsking. Men med tanke på vanskane med å få pengar til satsing på ein sektor innanfor stramme budsjett, er eg tilfreds med det som ligg føre, sa statsråden, då han endeleg kunne presentera forskingsmeldinga i førre veke.

Saknar forpliktande lovnader

Prorektor Rolv Mikkel Blakar ved UiO synest meldinga inneheld mykje positivt om forsking og han er ikkje i tvil om at Lilletun og folka hans verkeleg vil betre vilkåra til forskinga.

- Alle utsetjingane av forskingsmeldinga tolkar eg nok som eit teikn på at statsråd Lilletun har lagt lista så høgt at resten av Regjeringa blei skeptiske. Men eg saknar forpliktande lovnader om finansiering av dei tiltaka som blir presenterte. Det er likevel positivt at det blir sett som konkret målsetjing at løyvingane til norsk forsking skal opp på gjennomsnitleg OECD-nivå innan år 2005. Men det er kanskje likevel ikkje spesielt ambisiøst for ein rik oljenasjon. Elles er me veldig glade for at forskingsrådsstrukturen skal evaluerast, seier Blakar.

Fakta frå Forskingsmeldinga:

Satsingsområde:

  • marin forsking
  • informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT)
  • medisin og helsefag
  • energi og miljø

Tiltak:

  • Oppretting av eit forskings- og nyskapingsfond på 3 milliardar kroner
  • Oppretting av 150 rekrutteringsstillingar årleg innan forsking dei neste fem åra
  • auka talet på kvinner i faste vitskaplege stillingar ved universitet og høgskular
  • innføring av skattereglar som kan stimulera forskinga i næringslivet
  • innføring av FoU-avgift på fiskeri- og havbruksnæringa og på fellestiltak i skogbruksnæringa

Anna:

  • ny finansieringsmodell for universitet og høgskular
  • uavhengig internasjonal evaluering av Noregs forskingsråd
  • auka satsing på forsking finansiert gjennom EUs femte rammeprogram

Innhold Neste Uniforum nr. 10 1999

Publisert 17. juni 1999 15:18 - Sist endra 1. sep. 2014 13:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere