Pakistans Ivar Aasen

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 2 1999


Razwal Kohistani:

Razwal Kohistani måtte laga eit eige alfabet for shina-språket i heimlandet Pakistan før han kunne gå i gang med å laga verdas første ordbok i shina-urdu. Saman med førsteamanuensis Ruth Laila Schmidt ved Institutt for austeuropeisk og orientalske studiar har han no gitt ut den aller første boka på shina-språket.

Av Martin Toft

{short description of image}
FØRSTE BOK PÅ SHINA: Den pakistanske språkforskaren Razwal Kohistani og førsteamanuensis Ruth Laila Scmidt ved Institutt for austeuropeiske og orientalske studiar har gitt ut verdas første bok på shinaspråket. (Foto: Ståle Skogstad)

Me treff Razwal Kohistani og Ruth Laila Scmidt på biblioteket til Institutt for austeuropeiske og orientalske studiar.

- Ivar Aasen var ein stor mann, men han hadde nok eit mykje betre utgangspunkt og mange fleire ressursar enn kva eg hadde, meiner Kohistani. Forskarkollegaen Ruth Laila Schmidt meiner han er altfor beskjeden.

- Det arbeidet som Kohistani har gjort med shina-språket, er eit minst like stort pionerarbeid som det Ivar Aasen dreiv med. For shina-språket hadde ikkje ein gong eit eige alfabet som kunne brukast som grunnlag for å laga eit skriftspråk. Det måtte Kohistani sjølv finna opp, slår ho fast.

Første lærebok på shina

Sjølv hadde ho forska på shina-språket i 18 år før ho trefte Kohistani.

- Eg hadde heile tida vanskar med å gi eit skikkeleg skriftbilete av shina-språket sidan urdu-alfabetet ikkje kunne nyttast til det fordi det manglar fleire lydar som finst i shina. Då tipsa nokon meg om Razwal Kohistani, som også heldt på å granska shina-språket, men han hadde også klart å konstruera eit alfabet. Eg tok kontakt med han, og sidan han hadde shina som morsmål, gjorde det det også mykje lettare for oss både å laga ein grammatikk og gi ut den første læreboka på shina, fortel ho.

Manglar formell akademisk utdanning

Razwal Kohistani kjem frå beskjedne kår i Kohistan i Nord-Pakistan, og han fekk aldri høve til å ta ei formell akademisk utdanning. Grunnskule og examen artium tok han som privatist i 1985. Då var han 29 år gammal. Men allereie frå 1976 begynte han å skriva artiklar på urdu om språk, kultur og folkeleg lyrikk i heimprovinsen sin.

- Det var ikkje før eg fekk ei stilling i fuglevernprosjektet til Verdas Villmarksfond i 1991, at eg såg meg høve til å bruka fritida mi på det som interesserte meg mest, språket shina. Då begynte eg å skriva ned orda folket i Kohistan brukar, med tanke på å laga eit eige skriftspråk, minnest han. For to år sidan kunne han endeleg gi ut ei ordbok på shina-urdu etter å ha jobba med den i fem år. Shina-språket var blitt eit skriftspråk.

Trass i at Razwal Kohistani ikkje har noka formell akademisk utdanning, klarte Schmidt å overtyda både Det historisk-filosofiske fakultetet og Institutt for austeuropeiske og orientalske studiar om at han hadde så god realkompetanse at han likevel måtte få tildelt forskingsstipend. Difor har HF gitt 15 000 kroner og instituttet 2000 kroner for å dekkja eit månadslangt forskingsopphald for Kohistani ved Universitetet i Oslo.

Positive reaksjonar i Pakistan

- Eg har lært mange nye ting og er svært takksam for at Universitetet i Oslo har gitt meg denne muligheten, seier Kohistani, som tidlegare også har fått økonomisk støtte frå Den britiske ambassaden i Islamabad. I Pakistan har han fått mange positive reaksjonar på pionerarbeidet sitt.

- Ja, det kan du skriva opp. Du kan sikkert tenkja deg korleis det var for nordmennene endeleg å kunna lesa tekstar på sitt eige språk etter at dansk i 400 år hadde vore det offisielle språket. Akkurat den same kjensla hadde nok også dei over ein million shina-talande, då dei for første gong kunna lesa tekstar på sitt eige språk i staden for på urdu, fortel han. Også fylkesordføraren i Nordaust-Pakistan har gitt han honnør for det arbeidet han har drive. Akkurat no held Kohistani og Schmidt på med å laga ein analyse av shina-grammatikken og shina-tekstar med romerske bokstavar. Den ferdige analysen skal gjevast ut på engelsk.

Får morsmålsundervisning på shina

Kohistani trur arbeidet hans også vil gjera livet lettare for shinatalande barn.

- No vil dei kunna få undervisning og opplæring i morsmålet i grunnskulen. UNESCO (FNs organisasjon for undervisning, vitskap og kultur) har jo heile tida understreka kor viktig det er. Tidlegare har det berre vore mogleg å gi dei undervisning i hovudspråket urdu, seier han, før han går tilbake til kontoret til Ruth Laila Schmidt. Begge må henga i for å koma lengst mogleg med forskingsarbeidet sitt før Razwal Kohistani må ta fly tilbake til Pakistan to dagar seinare.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 2 1999

Publisert 10. feb. 1999 16:49 - Sist endra 1. sep. 2014 13:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere