Rektor Kaare R. Norum har gått ut i media og gjort det klart at han vil redusera talet på tilsette og studentar ved UiO. Kva synest du om det?
Mari Pran, førstekonsulent ved Studie- og
forskingsavdelinga- Viss dette er knytt til gode tankar og strategiar om korleis det kan gjera universitetet betre og meir effektivt, er det bra. Men viss han ynskjer å kutta berre fordi han trur universitetet vil bli bra av den grunn, så vil det ikkje vera særleg klokt å gjera det. |
Mari Salvesen Lilleengen, psykologistudent- På ein måte vil det sikkert vera greitt med færre studentar sidan det er heilt sprengt her. Men då må det først vera mogleg å få inn fleire studentar ved høgskulane. |
Christian Samuelsen, student i sosialøkonomi- Det er veldig dumt. Samfunnet treng heile tida utdanna folk. Mange fag lir allereie under mangel på fagfolk. På religionshistorie grunnfag er det til dømes berre åtte forelesingar i semesteret. |
Christian Ranestad, førsteamanuensis i matematikk- For det første kunne han gjort denne haldninga litt klarare før rektorvalet. I praksis trur eg målsetjinga hans er urealistisk og vil føra til rasering av både forsking og undervisning ved UiO. |
Arnfinn Laudal, professor i matematikk - Viss han klarer å få til tiltak som seniorstipend, fleire post.doc.stipend, så trur eg det kan vera realistisk å få dette til utan at det gjer noko. Det er klart for alle at det er for mange studentar ved UiO i dag. Men det vil ikkje seia at me skal gi blaffen i å få tak i dei gode og kompetente studentane før BI klarer det. Dei er me framleis interesserte i. |
Mari Pran, førstekonsulent ved Studie- og
forskingsavdelinga
Mari Salvesen Lilleengen, psykologistudent
Christian Samuelsen, student i sosialøkonomi
Christian Ranestad, førsteamanuensis i matematikk
Arnfinn Laudal, professor i matematikk
Logg inn for å kommentere