Lita kvinne velta brutal diktator

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 5 1999


RESYME AV LIVSHISTORIA: - Me måtte laga eit resymé av livshistoria til alle dei torturoffera me behandla, fortel årets Eitingerprisvinnar. Paz Rojas Baeza. (Foto: Martin Toft)
FÅR UTDELT PRISEN: Den chilenske menneskerettsaktivisten og legen, Paz Rojas Baeza tar imot Universitetet i Oslos menneskerettspris, Lisl og Leo Eitingers pris, frå rektor Kaare R. Norum i gamle festsal i Urbygningen. (Foto: Hanne Buxrud)

Eitingerpris-vinnar Paz Rojas Baeza:

- Då tidlegare diktator Augusto Pinochet drog frå Chile til Storbritannia i fjor haust, gav me i CODEPU melding om det til advokatane til den spanske domaren Balthazar Garzon. Like etter kom Spanias utleveringskrav.

Av Martin Toft

Det fortel årets vinnar av Universitetet i Oslos menneskerettspris, Lisl og Leo Eitingers pris, den chilenske legen Paz Rojas Baeza. Boka hennar ”Operación Condor” (Operasjon Kondor) er eit av dei viktigaste bevismateriala den spanske domaren har å visa til i tiltalen som han har førebudd mot Chiles tidlegare diktator Augusto Pinochet. Boka fortel om korleis etterretningsorganisasjonane til diktatura i Chile, Argentina, Paraguay, Uruguay, og Brasil samarbeidde om å ta livet av opposisjonelle som hadde reist frå heimlandet sitt. Det er kampen for menneskerettane i Chile og arbeidet hennar med å behandla traumaene til tidlegare torturerte politiske fangar som er hovudårsakene til at ho fekk tildelt denne menneskerettsprisen i år. Paz Rojas Baeza er i dag visepresident i CODEPU (Komiteen til forsvar for rettane til folket).

Uventa pris

- Det var svært uventa å få meldinga om at eg hadde fått denne prisen. Eg hadde aldri trudd at det arbeidet eg dreiv på med, fortente ein pris. Når eg tar imot denne prisen, gjer eg det på vegner av mine kollegaer og alle latinamerikanarar. Det er altfor sjeldan at det arbeidet me held på med blir verdsett i ”den gamle verda”, altså i Europa, seier Rojas Baeza som gjerne vil framheva direktør Nils Johan Lavik ved Psykososialt senter ved UiO og stipendiat Nora Sveaass ved Psykologisk institutt.

- Dei engasjerte seg fullt og heilt i arbeidet for Chile og dei viste interesse for det me dreiv på med. Difor skuldar eg også dei denne prisen, slår ho fast.

Kjente til Leo Eitinger

Leo Eitinger var slett ikkje eit heilt ukjent namn for henne, då ho blei klar over at menneskerettsprisen bar namnet hans.
- Nei, då eg kom til Frankrike eitt år etter militærkuppet og begynte arbeidet med å behandla dei traumatiske lidingane til dei politiske fangane som hadde vore utsette for tortur i fengselet, gjekk eg i biblioteket for å finna litteratur om dette emnet. Blant det vesle eg fann, var eit par av artiklane som Leo Eitinger hadde skrive om dette temaet, fortel ho.

Ingen spesiell behandling for torturoffer

- Men korleis gjekk du fram då du skulle behandla dei som hadde blitt utsett for tortur?
- Det viktigaste me gjorde var å sjå kva konsekvensar desse brotsverka hadde på personane, familien og på heile samfunnet. Samstundes såg me på det frå eit menneskerettsperspektiv. Dette hadde å gjera med tortur, avrettingar, eksil, emigrasjon og tilbakevending. Svaret på spørsmålet er vel at det eigentleg ikkje finst noko spesiell behandling for dei som har vore utsette for menneskeleg aggresjon. Kvar person vil alltid reagera ulikt. Det går heller ikkje an å seia at dei personane som har vore utsette for tortur, har fått eit traumatisk stressyndrom, understrekar ho. Det er andre tiltak som må til for å få personen ut av etterverknadane av torturen.

Resymé av livshistoria

- Først må me laga eit resymé av heile livshistoria til denne personen. Me må kartleggja sjukdomane personen har hatt, me må sjå på kva interesser, verdiar og tru han eller ho hadde før torturen skjedde. Så må me finna ut kva det var som knekte denne personen psykisk. Eit trauma er ulikt frå person til person, og kva type trauma ein person har, er avhengig av kva hending som skapte traumaet, forklarar prisvinnaren. Frå militærkuppet 11. september 1973 og fram til 1991, behandla ho og medarbeidarane hennar over 3000 personar for traumatiske etterverknader av tortur. Uoffisielt reknar ho at nærare ein halv million chilenarar opplevde ei eller anna form for tortur under militærdiktaturet.

- Sjølv om mange blir kurerte for dei fysiske skadene av torturen, er det mykje vanskelegare å bli kurert for dei psykiske skadene. Torturoffera klarer aldri å kvitta seg med forholdet til torturisten. Han vil dei alltid ha i tankane sine, seier ho.

Glede over arrestasjonen av Pinochet

- På kva måte har arrestasjonen av Chiles tidlegare diktator August Pinochet påverka offera for torturen?
- Så lenge den hovudansvarlege for menneskerettsbrota i Chile gjekk laus, skapte det ei kjensle av frustrasjon hos fleirtalet av chilenarane. Arrestasjonen av Pinochet hadde difor ein stor effekt på alle dei traumatiserte og sjølvsagt også på alle dei chilenarane som hadde deltatt i kampen mot diktaturet. Den skapte også ei stor og overstrøymande glede og eit stort håp om at rettferda skulle sigra, minnest Rojas Baeza. No har ho dessutan tru på at dei britiske lovlordane vil gå inn for å utlevera den tidlegare diktatoren til Spania slik at han kan bli stilt for retten der.

- Då vil i tilfelle spådomen eg og medforfattarane mine kom med i boka Tarde pero llega. Pinochet ante la justicia española (Før eller seinare skjer det. Pinochet framfor den spanske domstolen) gå i oppfylling. Boka blei gitt ut ein månad før Pinochet blei arrestert i London, seier ho stolt.

Salvador Allende var ein ærleg president

- Kva forhold har du til tidlegare president Salvador Allende som blei drepen i militærkuppet som Augusto Pinochet stod bak i 1973?
- Eg høyrer ikkje til dei som meiner at regjeringa til Folkealliansen og Salvador Allende berre var ein stor suksess. Men ingen blei torturerte i Chile så lenge han styrte landet. Allende, som var ein god ven av faren min, var ein ærleg president som hadde som mål å skapa meir likskap blant det chilenske folket. Han hadde på ingen måte tenkt å danna ein sosialistisk stat, derimot ein meir rettferdig stat. Diverre blei planane hans forpurra av USA. Han blei eit offer for Den kalde krigen, konkluderer Paz Rojas Baeza.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 5 1999

Publisert 25. mars 1999 15:45 - Sist endra 1. sep. 2014 13:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere