Notiser

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 4 1999


Saglie med i Fornebu-utval

Universitetsdirektør Tor Saglie er ein av dei sju medlemane i Fornebu-utvalet. Det blei nedsett av næringsminister Lars Sponheim før helga. Utvalet, som blir leia av NTNU-rektor Emil Spjøtvoll, skal innan 27. mars ta stilling til arealbehovet for IT-senteret, kva aktivitetar og funksjonar det bør innhalda og i kor stor grad staten bør gå inn i prosjektet. Dei andre medlemane i utvalet, i fylgje Aftenposten, er rektor ved Høgskulen i Agder, Knut Brautaset, direktør i New Media Science, Erling Maartmann-Moe, adm.dir. i Alcatel Telecom Norway, Ingvild Myhre, direktør i Procontra Research and Consulting, Svend Otto Remø og direktør i ID ComNet AS, Egil Skibenes, melder.

Fagporteføljen må gjennomgåast

Kollegiet vil gjerne vita kor langt fakulteta har kome i arbeidet med å sjå nærare på fagporteføljen sin. Det går fram av eit vedtak frå siste kollegiemøte der det ber om ei utgreiing frå fakulteta om korleis det står til med eige planarbeid og korleis arbeidet med oppfylgjing av Kollegiets initiativ til faggjennomgang inngår i dette arbeidet.

Elen Roaldset ny museumsdirektør

Elen Roaldset har bekreftet at hun tar den nyopprettede stillingen som direktør for Universitetets naturhistoriske museer fra sommeren av.
Egil Mikkelsen tiltrådte som museumsdirektør for Universitetets kulturhistoriske museer den 1. mars.

Færre doktorgradar ved UiO

Talet på doktorgradar ved Universitetet i Oslo gjekk ned frå 242 til 224 frå 1997 til 1998. Det viser nye tal frå doktorgradsregisteret til Norsk institutt for studiar av forsking og utdanning (NIFU). Årsaka til nedgangen er at langt færre kandidatar enn tidlegare har disputert ved Det matematisk-naturvitskaplege og Det medisinske fakultetet. Ser me heile utdannings-Noreg under eitt, blei 1998 eit rekordår i tal på doktorgradar. Til saman disputerte 685 personar for doktorgraden ved norske universitet og vitskaplege høgskular i 1998. I 1997 var talet 60 færre. Det er ved Universitetet i Tromsø og Universitetet i Bergen talet på doktorgradar har auka mest. Universitetet i Oslo er likevel den institusjonen som har det høgaste årlege talet på doktorgradar.

Nasjonalt nettverk for autisme til UiO

Det blir oppretta eit nasjonalt nettverk for autisme underlagd Institutt for spesialpedagogikk ved UV-fakultetet. Det har Kollegiet vedtatt. Føresetnaden er at Sosial- og helsedepartementet fullfinansierer verksemda til den faglege eininga. Nettverket vil få eitt professorat, ein annan vitskapleg stilling og ein stipendiatstilling.

UiO-professor ny direktør i Forskingsrådet

Professor i informatikk ved Universitetet i Oslo, Morten Dæhlen (39), blir ny direktør for området Naturvitskap og teknologi i Noregs forskingsråd. Dæhlen har forskings- og administrasjonsrøynsle innan matematikk og informatikk. Dæhlen tok initiativet til og bygde opp eit forskingsmiljø innan utrekningsorientert matematikk ved SINTEF. Han var forskingsdirektør ved forskingsinstituttet SINTEF Anvendt matematikk før han blei professor ved UiO 1. april 1998. Han byrjar i stillinga i Forskingsrådet 1. juni.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 4 1999

Publisert 11. mars 1999 15:31 - Sist endret 1. sep. 2014 13:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere