IBM kan tapa millionkontrakt med universiteta

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 4 1999


IBM I HARDT VER: Millionar kan blåsa vekk for IBM om selskapet ikkje kan levera eit betre løns- og personalsystem til universiteta, konstaterer økonomidirektør Nils Dugstad. (Foto: Ståle Skogstad)

IBM kan tapa ein datakontrakt på 11 millionar kroner med universiteta. Det er klart etter at selskapet ikkje har klart å levera eit godt nok løns- og personalsystem.

Av Martin Toft

Det er innføringa av løns- og personaldelen av økonomisystemet LØP som no skaper store vanskar for Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen og Noregs teknisk-naturvitskaplege fakultet (NTNU) i Trondheim. Etter planen skulle løns- og personaldelen ha blitt innført ved UiO allereie frå 1. januar i år medan NTNU og Universitetet i Bergen skulle ha starta det opp frå 1. mars og 1. mai. Allereie i førre månad var det klart at UiO ikkje ville kunna starta opp systemet før 1. september. No er det svært lite sannsynleg at løns- og personalsystemet nokon gong blir innført ved dei tre universiteta, konstaterer økonomidirektør Nils Dugstad som også er leiar for den nasjonale styringsgruppa for innføring av nytt økonomisystem.

Kontrakt kan bli heva

- Me har varsla IBM om at me kjem til å heva kontrakten med selskapet. Dermed må selskapet gi oss eit nytt og betre tilbod og garantera at dei kan levera det innan oktober. Alternativet for oss er å finna ein ny leverandør, seier Dugstad. Tidlegare har dataselskapet Oracle levert eit nytt økonomisystem (LØP-ØK) som blir brukt for å føra statsrekneskapen. Dessutan er innføringa av eit eige innkjøpsprosjekt godt i gang. Problemet er det nye løns- og personalsystemet (LØP-LP).

Ingen feiltoleranse eller tidsakse

- Det er me svært misnøgde med. Fordi det ikkje har nokon feiltoleranse vil det ikkje oppdaga at du har mata systemet med feil data før du kjører løn. Då stoppar det heilt opp fordi du må retta det opp manuelt. Det vil ta altfor lang tid å ha eit slikt system. Dessutan manglar systemet ein tidsakse. Det ser ikkje skilnad på fortid og framtid. Så dersom du skal ha lønsauke om ein månad og du legg det inn i systemet, så vil du få lønsauken ein månad før du skal ha den. I tillegg har det vore vrient å knyta lønssystemet saman med personalsystemet, forklarar han. For at dette skal fungera, må alt programmerast opp igjen frå botnen av.

- Det vil truleg kosta IBM 40 millionar kroner å få det til, meiner han. Det hastar for universiteta å få ordna opp i dette.

År 2000- problemet

- År 2000-problemet stressar oss sjølvsagt litt og utan det hadde ikkje ei utsetjing på eitt eller to år spelt noka rolle. Men me må vera 100 prosent sikker på at dette systemet fungerer etter årsskiftet, difor må me få levert eit nytt system innan september slik at det kan vera under installasjon i oktober. Då vil det vera mogleg å ha systemet under test i november slik at det kan vera i funksjon frå desember. Alternativet er å oppgradera det eksisterande løns- og personalsystemet slik at det kan takla år 2000-problemet, forklarar økonomidirektøren, som står fast på at ei eventuell heving av kontrakten ikkje skal gå ut over dei tre universiteta.

Skal ikkje kosta universiteta noko

- I prinsippet meiner me at dette ikkje skal kosta oss noko sidan IBM ikkje har halde seg til framdriftsplanen. Viss ikkje IBM deler vårt synspunkt på dette, så får me drøfta det med dei, slår han fast. Dersom det nye løns- og personalsystemet til IBM ikkje blir innført, kjem dei tre universiteta til å oppgradera sine eksisterande løns- og personalsystem.

- Ja, då kjem me til å kjøra kvart vårt løp, seier Dugstad, som tørt konstaterer at universiteta i alle fall har avdekka ein viktig ting i samband med denne saka.
- Me har oppdaga at det ikkje finst gode nok lønssystem for statsinstitusjonar. Det forbausande er at ingen av dei store dataleverandørane har klart å utvikla eit ordentleg og godt løns- og personalsystem tilpassa statleg sektor, seier Dugstad.

Den 23. mars skal dei tre universiteta ha eit avgjerande møte med IBM. Kjem ikkje selskapet med eit betre tilbod då, blir datakontrakten heva.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 4 1999

Publisert 11. mars 1999 15:30 - Sist endra 1. sep. 2014 13:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere