LEIAR: UiO bør utvida gjennomføringsstipendet for stipendiatar

Me er overtydde om at ei ordning med å utvida gjennomføringsstipendet for doktorkandidatar, slik postdoktor Kjersti Lohne føreslår,  vil gi kandidatane meir tid til å planleggja karrieren sin, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft. 

Ein av universitetsbygningane på Blindern

EIN GOD IDÉ: Forslaget frå postdoktor Kjersti Lohne om å utvida gjennomføringsstipendet for stipdendiatar på UiO, er ein god idé, meiner Uniforum-redaktør Martin Toft.  No ber han universitetssleiinga om å realisera ideen. 

Foto: Ola Sæther

Rett før pinse delte postdoktor Kjersti Lohne ved Det juridiske fakultetet historia si om kor uvisst det er å vera mellombels tilsett på Universitetet i Oslo.

I eit debattinnlegg i Uniforum fortalde ho om korleis ho etter avslutta doktorgrad hadde fått stipend til å dra til fangeleiren Guantanamo for å samla inn data til eit nytt forskingsprosjekt. Så fekk ho ein epost frå fakultetet der ho blei fortald at det likevel ikkje var mogleg , for då ville ho koma inn under fireårsregelen, og altså kunne krevja fast tilsetjing ved UiO. Derfor måtte UiO avslutta kontrakten med henne og ho måtte ut på «lufting», før ho etter kvart kunne få eit nytt engasjement på UiO. Dermed måtte ho med ferdig doktorgrad gå til næraste NAV-kontor, skriv ho i debattinnlegget i Uniforum. Der møtte ho ein sakshandsamar som ho kjente igjen som ein tidlegare student på det same instituttet der ho tok doktorgraden.

Også Kjersti Lohne ser at det alltid vil vera behov for god del mellombels vitskaplege tilsette i akademia. I 2019 var det talet på rundt 15 prosent av dei tilsette ved UiO, ein nedgang på to prosent samanlikna med året før, i fylgje tal frå Kunnskskapsdepartementet som Forskerforum har meldt om.

No er Kjersti Lohne ein av fire kandidatar som deltar i valet av ny representant for dei mellombels vitskaplege tilsette i Universitetsstyret. 

Ho har allereie lansert ei løysing på korleis situasjonen for mellombels vitskaplege tilsette  kan bli enklare. Ideen hennar går ut på å utvida ordninga med gjennomføringsstipend slik at det er eit tilbod alle fakulteta kan gi. Det går ut på at dei som klarer å gjennomføra doktorgraden på normert tid, altså tre år, får eit stipend på frå seks til 12 månader med plikt til å driva med undervisning i 50 prosent av den tida.

UiO har fått mange nye studieplassar på grunn av koronapandemien. Derfor treng universitetet fleire undervisningskrefter. Det trur ho at eit utvida gjennomføringsstipend vil hjelpa til med å få til. Samtidig peikar ho på at det vil oppmuntra fleire til å prøva å få doktorgraden ferdig på normert tid, og dermed vil det også koma meir forsking ut av det.

Me støttar det forslaget og meiner at dette er ein svært konstruktiv og godt idé som Universitetsstyret og UiO-leiinga må ta til seg og sørgja for å få gjennomført så snart som mogleg.

Ein avslutta doktorgrad skal ikkje enda opp med at den ferdige kandidaten endar opp på eit NAV-kontor for å få dagpengar, berre fordi UiO er opptatt av at den personen ikkje skal kunne krevja fast tilsetjing etter å ha vore på universitetet i fire år.

Nettopp derfor er ei utviding av gjennomføringsstipendet noko som vil koma til nytte både for kandidaten, UiO og for resten av samfunnet. 

For Kjersti Lohne gjekk det til slutt bra. Etter to månader på NAV og tre månader på eit forskingsinstitutt fekk ho eit fire år langt postdoktorprosjekt på Det juridiske fakultetet på UiO. Då hadde ho takka nei til tilbodet om eit fem år langt engasjement som seniorforskar ved Cambridge University i Storbritannia. Det valet angrar ho ikkje på i dag, for ho fekk høvet til å utforma sin eigen forskingsagenda, samtidig som ho kunne undervisa i 25 prosent av stillinga, går det fram av innlegget hennar.

Me er overtydde om at ei ordning med å utvida gjennomføringsstipendet for doktorkandidatar, vil gi kandidatane meir tid til å planleggja karrieren sin,anten innanfor eller utanfor UiO.  Samtidig vil UiO kunna utnytta kompetansen deira betre både som forskarar og undervisarar. No bør universitetsleiinga derfor gripa ideen hennar, og sørgja for å få den realisert.

 

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Stipendiat, Arbeidsforhold Av Martin Toft, ansvarleg redaktør for Uniforum
Publisert 5. juni 2020 11:40 - Sist endra 5. juni 2020 11:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere