Nils Chr. Stenseth: – Svartedaudens historie må skrivast på nytt

Det har aldri eksistert noko gnagarreservoar i Europa som har ført til utbrot av pest, som Svartedauden. Alle pestbakteriane i Europa har kome i ein serie invasjonar frå Sentral-Asia og Kina, slår biologiprofessor Nils Chr. Stenseth fast.

PESTSPREIAR: Dette er ørkenrotta Rhombomys opimus som inneheld pestbakterien Yersinia pestis som blir spreidd vidare gjennom lopper.  (Foto: Yuriy Danilevsky, Wikpedia)

Det har vore ei vanleg oppfatning at det må ha vore eit pestreservoar i gnagarar, altså rotter i Europa som fleire gonger har ført til pestutbrot i hamnebyar. Svartedauden  og dei pestutbrota som kom etterpå i Europa, må ha oppstått på denne måten, har vore den dominerande teorien.

– No må denne tesen gravleggjast, meiner biologiprofessor Nils Chr. Stenseth ved Universitetet i Oslo.

– Alle pestbakteriane kom frå Kazakhstan og Kina

– Funna våre viser at pestbakteriane i Europa alle har sitt opphav mellom blant anna ørkenrotter i Kazakhstan og Kina. Når klimaforholda har vore gode i desse områda, har det oppstått pest i Europa i gjennomsnitt 15 år seinare. Det vil seia at dei har kome til hamnebyar i Europa med handelsskip eller handelsruter langs landevegen, forklarar Nils Chr. Stenseth.

Han leier forskargruppa som har gjort desse nye funna. Dei er alle knytt til senteret for framifrå forsking Senter for økologisk og evolusjonær syntese (CEES) ved UiO og Swiss Federal Institute for Forest, Snow and Landscape Research (WSL) i Sveits. Førsteforfattaren av denne artikkelen er Boris Schmid. Han kom til CEES-senteret for nokre år sidan

Fakta om pest i Europa:

Svartedauden 1347-1353:

Mellom 30 og 50 prosent av innbyggjarane i Europa døydde.

Folk blei smitta av bakterien Yersinia pestis som blei transportert frå ørkenrotter til andre individ av lopper.

Det siste pestutbrotet i Europa var på 1700-talet.

Ørkenrottene levde og lever framleis  i Kazakhstan og i Nord-Kina.

Ny forsking viser at alle pestbakteriane kom frå desse områda, og at pestutbrota i Europa skjedde 15 år etter  gunstige klimaforhold i Kazakhstan og i Nord-Kina.

Myten om at pesten oppstod blant svartrottene i Middelhavsbyane er dermed avliva.

(Kjelder: Nils Chr. Stenseth, PNAS og Wikipedia)

 som Marie Curie-postdoktor.

Funna blir for første gong publiserte i forskingstidskriftet PNAS (Proceedings of the National Academy of Sciences of the United States) i kveld. Dei andre forfattarane av artikkelen  “Climate-driven introduction of the Black Death and successive plague into Europe”  er Lars Wallø, Nils Chr. Stenseth, Ulf Büntgen, W. Ryan Easterday, Christian Ginzler og Barbara Bramanti.

Biologiprofessor Nils C. Stenseth forklarar at forskargruppa hans har funne ut at dei gongene pestbakteriane flyttar seg frå ørkenrottene til menneske og husdyr, er dei åra gnagarbestanden bryt saman. Dei loppene som lever på ørkenrottene og overfører bakteriane, vil då ikkje ha nok individ å skjula seg i . – Derfor må dei leita etter andre individ, og då blir det ofte menneske eller husdyr, seier han.

Koplar årringar i tre med pestutbrot

For å finna samanhengen mellom godt klima i Asia og pestutbrot i Europa 15 år seinare, har dei sett på årringane i tre frå desse områda, og kopla dei til alle pestutbrot i Europa frå Svartedauden på 1300-talet og fram til den siste store pesten på 1700-talet.

– På den måten kan me sjå korleis gunstige klimaforhold i Asia, fører til at det oppstår pest i Russland og i hamnebyar i Sør-Europa om lag 15 år seinare. Slik tar me livet av myten om at det er ein eigen gnagarbestand, som til dømes, svartrotta, som har vore pestspreiaren i Europa, understrekar han.

Forskarane har også fått verdifullt materiale frå Kina og Kazakhstan der menneske framleis får pest frå tid til annan.

Skal gjera genetiske undersøkingar i hamnebyar

Om kort tid kan Stenseth og forskarkollegaene hans ta i bruk eit flunkande nytt DNA-laboratorium, som er spesialbygd for å handtera gammal DNA, altså gamalt arvematerial.

– Det gir oss endå større høve til å kopla funna våre med genetiske funn frå dei som døydde av pesten i til dømes hamnebyar som Venezia og Lisboa.

– Korleis vil du skildra dei siste funna de har gjort?

– Det er ein syntese av all den forskinga me tidlegare har gjort på pestbakterien Yersinia pestis og korleis den blei opphavet til Svartedauden. For oss er det svært interessant og spennande å sjå korleis klimaforhold i Asia spelar inn på pestutbrot i Europa 15 år seinare.

 

 

 

 

 

Emneord: Forskning, Internasjonalisering, Biologi Av Martin Toft
Publisert 23. feb. 2015 21:00 - Sist endra 23. feb. 2015 22:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere