Arbeidsgruppe vil ikkje tilrå samanslåing av odontologi og medisin

Det odontologiske fakultetet  bør ikkje slåast saman med Det medisinske fakultetet. Stor motstand frå dei tilsette er ein viktig grunn. Det går fram av ein rapport som blei gjort kjent for alle dei tilsette ved dei to fakulteta klokka 12.00 i dag.

INGEN FAGLEGE FORDELAR: Å slå saman Det odontologiske fakultetet med Det medisinske fakultetet har ingen tydelege faglege fordelar, slår ei arbeidsgruppe fast. (Arkivfoto)

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var hausten 2023 universitetsdirektør Arne Benjaminsne sette ned ei gruppe som fekk i oppdrag å greia ut ei mogleg samorganisering av Det medisinske fakultetet og Det odontologiske fakultetet ved UiO.

Det er fungerande direktør Øyvind Fylling-Jensen ved Veterinærinstituttet som har hatt oppgåva med å leia dette oppdraget. Arbeidet har gått ut på å gi eit oversyn over dagens samarbeid mellom dei to fakulteta og sjå nærare på moglege fordelar, ulemper og synergieffektar ved ei samorganisering. 

• Les også: Hadde UiO bestilt en konklusjon, ville han takket nei til jobben

I kartlegginga har gruppa gått gjennom nettsider, dokument og statistikk, men den har også sett på korleis andre lærestader har organisert desse to fakulteta. I tillegg har dei hatt intervju med både tilsette og studentar ved OD og MED.  Ein økonomisk analyse har vore ein del av grunnlaget for innhaldet i rapporten som ber tittelen: "Mulig felles organisering av Det medisinske fakultet og Det odontologiske fakultet ved Universitetet i Oslo"

 

OPPDRAG FULLFØRT: Fungerande direktør for Veterinærinstituttet Øyvind Fylling-Jensen har leia arbeidsgruppa som har sett på ei mogleg samanslåing av OD og MED. I dag er oppdraget fullført, og konklusjonen er det ikkje vil ha tydelege faglege fordelar. (Arkivfoto: Ola Gamst Sæther)

Har ikkje funne faglege fordelar med samanslåing

Konklusjonen arbeidsgruppa landar på er at den ikkje har funne tydelege faglege fordelar for kjerneverksemda ved OD og MED ved å samorganisera dei to fakulteta no. Den har lagt vekt på at det er ein ganske stor og gjennomgåande motstand mot ei samorganisering ved OD, og ei kritisk haldning til dette scenariet ved MED. Arbeidgruppa peikar også på endringstrøyttleiken blant dei tilsette ved OD som ein faktor. I tillegg trekkjer medlemane i arbeidsgruppa fram at OD burde få høve til å føra vidare det omstillingsarbeidet som fakultetet har sett i gang. 

Det er desse faktorane som har gjort at ei samla arbeidsgruppe vurderer det slik at det i dagens situasjon ikkje er formålstenleg å gå vidare med ein organisatorisk prosess for å slå saman OD og MED, står det i rapporten.

Vanleg å integrera odontologi i helsevitskapleg eller medisinsk fakultet

I arbeidet sitt har gruppa registrert at den vanlegaste måten å organisera odontologi på, er å integrera det i eit eige helsevitskapleg fakultet eller medisinsk fakultet. I samandraget av rapporten peikar gruppa på at funn frå intervjua viser ei kritisk haldning til samorganisering av dei to fakulteta. Det er likevel ikkje ei unison kritisk haldning til fusjon, for nokre seier at ei mogleg samorganisering kan vera med på å få til auka samarbeid mellom fakulteta. Arbeidsgruppa trekkjer også inn den vanskelege økonomiske situasjonen som Det odontologiske fakultetet har vore gjennom dei siste åra, men understrekar at fakultetet no er inne i ei positiv økonomisk utvikling.

Fakultet kan bli slått saman
UiO har sett i gang ein prosess for å greia ut fordelar og ulemper av å slå saman fakulteteta OD og medisin. Målet er å vurdera om ei felles organisering av fakulteta kan bidra til betre forsking, utdanning, og innovasjon.
Les arbeidsgruppa sitt mandat

Aktuelt: Arbeidsgruppa legg fram konklusjonen i dag.

Medlemane i arbeidsgruppa:

Leiar: Øyvind Fylling-Jensen,fungerande adm.dir. ved Veterinærinstituttet

Medlemar oppnemnde av fakulteta:

Jan Eirik Ellingsen, professor og visedekan, Det odontologiske fakultetet, Universitetet i Oslo

Ivar Prydz Gladhaug, professor, Det medisinske fakultetet, Universitetet i Oslo

Eksterne medlemmer:

Per Sigvald Bakke, professor og dekan, Det medisinske fakultetet, Universitetet i Bergen

Bodil Lund, professor og prefekt ved Institutt for odontologi, Karolinska Institutet

Anne-Mette Hvas, professor og dekan, Det sundhedsvidenskabelige fakultet, Aarhus Universitet

Medlem oppnemnde av fagforeiningane

Hilde Galtung, professor, Det odontologiske fakultetet, Universitetet i Oslo

Sekretariat:

Johannes Elgvin, seksjonssjef, Det samfunnsvitskaplege fakultetet, Universitetet i Oslo

(sekretariatsleiar til 15. februar 2024)

Linn Kristin Stølan, seksjonssjef, Det utdanningsvitskaplege fakultetet, Universitetet i Oslo

(sekretariatsleiar frå 15. februar 2024)

Ekstern bistand:

André Løvik og Elisabeth J. Lackner (prosjektleiar) frå Agenda Kaupang

Har sett på fordelar og ulemper med samanslåing

I arbeidet sitt har dei gått gjennom ulike alternativ og sett på fordelar og ulemper med ei mogleg samanslåing eller samorganisering av dei to fakulteta. 

I gjennomgangen sin av odontologi i Noreg, viser arbeidsgruppa til at det i Noreg finst tre odontologiske fagmiljø: Ved Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen og ved Noregs arktiske universitet i Tromsø.  I dag finst det sju godkjente odontologiske spesialitetar i Noreg, periodonti, endodonti, oral kirurgi og oral medisin, pedodonti, kjeveortopedi, oral protetikk og kjeve- og ansiktsradiologi.Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen dekkjer tilbyr spesialistutdanning i alle dei sju odontologiske spesialitetane, medan odontologi i Tromsø berre gjer det innanfor oral kirurgi og kjeveortopedi.  

Arbeidsgruppa har også gått gjennom lærestader i Norden og Europa og funne ut at det i Norden berre er Malmø universitet som har eit eige odontologisk fakultet utanom Universitetet i Oslo.  I resten av Europa finst det eigne fakultet ved ANCA i Nederland, King’s College i Storbritannia og ved Universitetet i Beograd i Serbia.

Tilsette er positive til dagens organisering

I intervjurunden som arbeidgruppa har hatt, viser dei tilsette ei gjennomgåande positiv haldning til å halda fram med dagens organisering ved både OD og MED, slår dei fast i rapporten. 

Hovudargumentet på OD er at fakultetet er best tent med å råda over eigne ressursar og styringslinjer. Det blir også peika på at det er lettare å sikra autonomien og ta vare på det odontologiske perspektivet og bli høyrt i det daglege. Mange trekkjer fram at det er heller avgrensa samarbeid mellom OD og MED i dag. Derfor ser dei ikkje verdien av å samorganisera. 

Eit anna viktig argument som dei brukar er at det er kortare veg til prioriteringane på UiO-nivå med den organiseringa som eksisterer i dag. I tillegg tykkjer dei at det gir dei betre dialog med forskingspolitiske organ som til dømes Forskingsrådet.

Nokre trur samorgaisering kan gi meir samarbeid

Dei tilsette, i hovudsak ved OD som ser ulemper med dagens organisering, viser til at odontologi tradisjonelt har stått på sida av og i for liten grad har samhandla med resten av helsetenesta. Dei kjem også med eit ynske om meir samarbeid mellom ulike fagmiljø som ikkje er blitt realisert så mykje som dei hadde kunne ynskt seg med dagens organisering.

Mange av tilhengjarane av samorganisering trur det vil gjera det lettare å kopla miljøet til andre disiplinar, også  innanfor medisin og samfunnshelse. Eit anna problem som dei synest er viktig å ta omsyn til, er at det i dag kan vera vanskeleg med vitskapleg og administrativ rekruttering nettopp på grunn av dagens organisering.

Kan koplast til øyre-nase-hals-feltet

Når det gjeld andre konkrete fordelar med samorganisering,  er eit hovudpoeng at det kan påverka rammene for samarbeid positivt. På OD har arbeidsgruppa fått inn synspunkt på at det kan gi synergiar knytt til interdisiplinær forsking, men at det også kan gi større moglegheiter for å auka ekstern finansiering gjennom eit endå nærmare samarbeid med medisinske fagmiljø. Det vert også poengtert at det kan stimulera innovasjon, auka profesjonaliseringa av administrasjonen og gi ei betra pasientomsorg. 

FÅ INNSPEL: Arbeidsgruppa har hos MED fått få innspel på¨positive effektar av ei mogleg samorganisering med OD. (Arkivfoto:Anders Lien/UiO)

Hos MED har arbeidsgruppa fått få innspel på positive effektar av ei mogleg samorganisering. Det som blir nemnt som ein mogleg samarbeidskonstellasjon er Institutt for oral biologi på OD og Institutt for medisinske basalfag på MED. Også innanfor sjukehusa meiner nokre at odontologi kan koplast på til øyre-nase-hals-feltet.  Nokre trur også odontologi kan få ei tydelegare rolle i Livsvitskapsbygget og Circle U. om det blir samorganisert med MED.

Fleire kritiske enn positive røyster

Det er likevel langt fleire kritiske enn positive røyster til ei samorganisering av dei to fakulteta, spesielt ved OD, står det i rapporten.  Hovudargumentet til kritikarane er at dei er urolege for tap av autonomi, marginalisering av det odontologiske fagmiljøet og tap av påverknad på universitetsnivå. Dei peikar på at samorganisering ved andre lærestader ikkje har gitt nokre ekstra verdiar til dei odontologiske fagmiljøa. Dei trur heller ikkje at OD-fakultetet sine ønskemål for utvikling vil bli tatt vare på i ei mogleg samorganisering med MED. Dei fryktar dessutan for framtida til odontologien og for rekrutteringa av stipendiatar.

På Det medisinske fakultetet er det ei generell kritisk haldning om det eigentleg er i fakultetet si interesse å samorganisera seg med OD. Dei peikar på at Det medisinske fakultetet er stort nok allereie.  På OD er det også ei vid oppfatning av at eit helsefagleg fakultet ville ha vore ei meir attraktiv løysing enn ei samorganisering av OD og MED.  Det vil då kunna inkludera psykologi, farmasi og andre helsefag.

OD har fått økonomien på rett kjøl

Arbeidsgruppa har henta inn ein økonomisk analyse av dei to fakulteta.  Frå 2012-2023 viser analysen at OD over ein lengre periode har hatt eit underskot i drifta, men har hatt balanse/overskot dei siste tre åra, og resultata snudde i 2019. MED har hatt ein betre balanse mellom budsjett og rekneskap dei siste 10 åra, går det fram av analysen arbeidsgruppa har gått gjennom. Det akkumulerte driftsunderskotet ved OD er bygd ned dei siste tre åra, og derfor meiner arbeidsgruppa at fakultetet er i ei god finansiell utvikling. Samtidig har MED hatt  eit akkumulert overskot i heile perioden. 

Den kritiske haldninga frå dei OD-tilsette veg tyngst

Arbeidsgruppa har sjølv gått gjennom argumenta for og imot samorganisering av dei to fakulteta. 

Meirverdi 0-alternativet  er å halda fram med dagens organisering av dei to to fakulteta. Det vil ikkje ha meirverdi for utdanning, heller ikkje for forsking eller innovasjon. Men alternativet vil ha meirverdi gjennom at fleirtalet av dei tilsette som er kritiske til ei samorganisering, vil oppleva at det blir tatt omsyn til innspela deira og dei tilsette ved OD kan få høve til å bli ferdige med det omstillingsarbeidet dei er i gang med.

Når det gjeld Meirverdi 1-alternativet, altså samorganisering, trekkjer arbeidsgruppa fram at det kan gi betre spesialisert administrativ støtte, spesielt innanfor forskingsadministrasjon, og dei kan få auka moglegheitene til å nå opp i konkurransen om finansiering. Dessutan kan OD lettare få til pedagogisk planlegging og utvikling. Så langt har arbeidsgruppa ikkje klart å finna fordelar for MED.

Dette alternativet blir likevel ikkje rekna å gi ekstra meirverdi for utdanningane ved dei to fakulteta. Når det gjeld forsking, kan OD få auka tilgang til større og meir spesialisert forskingsadministrasjon ved det nye fakultetet. Nokre fagmiljø kan ha nytte av tettare kopling til medisinske fagmiljø. Innanfor innovasjon, vil dette alternativet ha låg ekstraverdi for det er allereie eit høgt nivå på innovasjonsaktiviteten på dei to fakulteta.

Derimot ser ikkje arbeidsgruppa noko ekstra verdi for dei tilsette med dette alternativet.  Grunnen er at fleirtalet av dei tilsette som er kritiske til samorganisering, vil føla at dei ikkje blir høyrde.

Ingen tydelege faglege fordelar for kjerneverksemda

Konklusjonen arbeidsgruppa landar på er dermed at den ikkje har funne tydelege faglege fordelar for kjerneverksemda ved OD og MED ved å samorganisera dei to fakulteta no.  Den har lagt vekt på at det er ein ganske stor og gjennomgåande motstand mot ei samorganisering ved OD, og ei kritisk haldning til dette scenariet ved MED.

Arbeidsgruppa peikar også på endringstrøyttleiken blant dei tilsette ved OD som ein faktor. I tillegg trekkjer medlemane i arbeidsgruppa fram at OD burde få høve til å føra vidare det omstillingsarbeidet som fakultetet har sett i gang, går det fram av rapporten, som blei lagt fram for alle dei tilsette klokka 12.00 i dag. 

– Eg er veldig glad

Også dekan Tiril Willumsen  ved Det odontologiske fakultetet deltok på det digitale allmøtet, der konklusjonen blei gjort kjent. Ho er svært nøgd med at rapporten ikkje tilrår samanslåing av OD og MED.

ARBEIDSRO: – No får me endeleg arbeidsro etter at det har vore uvisse blant dei tilsette, trur OD-dekan Tiril Willumsen  Ein rapport slo i dag  fast at det ville vera ein dårleg idé å slå saman Det odontologiske fakultetet med Det medisinske fakultetet. (Arkivfoto: Helene Lindqvist)

– Eg er veldig glad for den konklusjonen. No har eg lese rapporten grundig, og eg synest arbeidsgruppa har gjort ei god vurdering, seier ho til Uniforum.

Willumsen vedgår at det har vore ein del uro på OD-fakultetet rundt ei mogleg samanslåing med Det medisinske fakultet. 

– No får me endeleg arbeidsro etter at det har vore uvisse blant dei tilsette, trur ho.

– Kan brukast som ein reiskap til å få betre samarbeid

På allmøtet i dag, blei det også klart at saka skal opp som ei informasjonssak på møtet i Universitetsstyret i juni. 

– Då sa universitetsdirektør Arne Benjaminsen at dei ville ta konklusjonen til arbeidsgruppa til fylgje. Dei aller fleste hos oss er veldig glade for det, sjølv om det også er delte meiningar om dette, seier Tiril Willumsen.  

Ho gir arbeidsgruppa skryt for arbeidet den har gjort.

– Prosessen har vore bra når den først kom i gang, men det blir godt å få avslutta dette. Og ho trur rapporten kan vera nyttig for begge fakulteta.   

– Den kan brukast som ein reiskap til å få betre samarbeid mellom odontologi og medisin, seier Tiril Willumsen.

– Det var inga enkel sak

Det er fungerande administrerande direktør ved Veterinærinstituttet Øyvind Fylling-Jensen som har leia arbeidsgruppa som har vurdert ei mogleg samanslåing av Det odontologiske fakultetet og Det medisinske fakultetet.

Etter at tilrådinga i rapporten blei kunngjort for dei tilsette på dei to fakulteta på eit digitalt allmøte i formiddag, forklarar han overfor Uniforum korleis dei kom fram til at det ikkje ville vera ein god idé å slå saman dei to fakulteta.

– Det var inga enkel sak å landa på den konklusjonen, men det var ei heilskapleg vurdering av alle aspekta, også av dei bakgrunnssamtalane me hadde. Det var ikkje noko enkeltelement, peikar han på.  

Fylling-Jensen viser til at mandatet deira var å inkludera forsking, utdanning og innovasjon på dei to fakulteta i vurderinga dei skulle gjennomføra.

– Og så blei det også lagt til eit element som handla om omsynet til dei tilsette, seier han. 

I rapporten går det fram at det kunne vera fordelar for forsking med til dømes auka ekstern finansiering ved ei samanslåing, medan det ville verka som om dei tilsette sin motstand ikkje hadde blitt tatt omsyn til, dersom arbeidsgruppa hadde tilrådd å slå saman dei to fakulteta. 

– For det første så er forsking heilt forskjellig på dei to fakulteta. Odontologi har ikkje så stor tyngd på forsking som medisin. Men ved ei mogleg samanslåing kunne odontologi ha kunna utnytta støtteapparatet for forsking på medisin betre, trur han.

– Eg håpar rapporten vil gi signal

Sjølv om rapporten går inn for status quo og ikkje tilrår ein fusjon mellom dei to fakulteta, reknar han med at den likevel kan vera til nytte for begge fakulteta. 

– Eg håpar rapporten vil gi signal om kva fordelar det eine og det andre alternativet har for dei. Og dei kan også bruka rapporten for å finna fram til meir som dei kan samarbeida om vidare.

Øyvind Fylling-Jensen er godt nøgd med arbeidet gruppa har gjennomført. 

– Folk kom inn i med heilt forskjellige ståstader til spørsmålet me skulle ta stilling til. Derfor har me hatt gode diskusjonar, og det har vore ein interessant og spennande jobb.  Samtidig har heile arbeidsgruppa hatt ein fin måte å gå fram på, tykkjer han.

(Oppdatert med kommentarar frå OD-dekan Tiril Willumsen og leiar for arbeidsgruppa Øyvind Fylling-Jensen klokka 14.36)

 

• Les meir om prosessen for mogleg fusjon mellom OD og MED: 

Hadde UiO bestilt en konklusjon, ville han takket nei til jobben

Stølen om odontologi: – Et mindre separat fag enn tidligere

 Prosessen har skapt massiv uro – nå ryddes det opp

– Sammenslåing av fakultetene har ligget i kortene i flere år

Uniforum 2020: Dropper felles administrasjon på OD og MED

Emneord: Odontologi, Det medisinske fakultet, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 22. mai 2024 12:00 - Sist endra 23. mai 2024 10:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere