Åtvarar mot akademisk kapitalisme

– Universiteta er i ferd med å utvikla seg mot ein akademisk kapitalisme, der både forsking og utdanning blir varer som kan kjøpast og seljast på ein marknad. Det meiner historieprofessor Knut Kjeldstadli, som no foreslår eit samfunnsuniversitet utan statlege og kommersielle føringar.

SAMFUNNSUNIVERSITET: – Eg ser for meg eit samfunnsuniversitet som kan driva verksemda si uavhengig av statlege og kommersielle føringar, seier historieprofessor Knut Kjeldstadli.   

Foto: Ola Sæther

Det er i debattboka ”Akademisk kapitalisme”, som tenkjetanken ResPublica gir ut denne veka, at historieprofessor Knut Kjeldstadli ved UiO analyserer utviklinga av universiteta internasjonalt og ser ein tendens mot at dei i fellesskap er med på danninga av ein akademisk kapitalisme.

– Forskingsfunna blir ein eksklusiv rett for det selskapet som har betalt for forskinga. Samtidig etablerer universiteta sjølve profesjonelle randsoneinstitusjonar som skal profittera på forskinga. I andre land skjer dette i hard konkurranse med andre bedrifter, seier Knut Kjeldstadli til Uniforum.

– Utdanning blir marknadstilpassa

Han meiner at denne utviklinga enno ikkje gjeld norske universitet.

– Internasjonalt er dette derimot trenden. Utdanning blir standardisert og marknadstilpassa slik at universitet i Kroatia og i Portugal kan levera den same type eining ingeniørutdanning, seier han og viser til at EU nettopp har bestemt at det skal innførast ei ordning med ei eining læringsutbyte.

– Dermed blir det lettare å få til felles reglar i ein felles arbeidsmarknad, slår han fast. Kjelstadli anar ikkje korleis læringsutbyte skal målast.

– Naive universitetsfolk

– Eg ser tydeleg at det blir ei styrking av den administrative leiinga og avskaffing av ordninga med valde leiarar og kollegiale organ. Dessutan blir fagforeiningane skvisa ut som samtalepartnarar, samtidig som det i aukande grad blir eksternt styrefleirtal, medan rektor ofte blir tilsett.

– Denne utviklinga er ikkje etterspurt av studentane og dei tilsette. Mange universitetsfolk er naive og skuldar på den politiske leiinga ved universitetet eller i landet. Men dette skjer heilt uavhengig av den sitjande rektor eller statsråd. Difor spør eg meg kvifor det likevel skjer, seier Kjeldstadli.

– Vil kommersialisera forsking og utdanning

For han ligg forklaringa hos dei store internasjonale og globale aktørane i den globale marknaden.

– Den felles ideologien er at all utdanning og forsking skal styrkja den nasjonale konkurransekrafta i den globale kampen om å få forskingsresultat som kan utnyttast kommersielt. Dei viktigaste reiskapane for å få dette til i Europa, er Bologna-prosessen om standardisering av høgare utdanning og Lisboa-konvensjonen til EU. Alt dette er reiskapar som blei innførte etter at det blei klart at tenesteproduksjon utgjer rundt to tredelar av økonomien. Helse og høgare utdanning er dei siste sosiale tenestene som ikkje er lagde under marknaden. Difor ynskjer store kommersielle selskap å gjera også desse områda til ein marknad for kjøp og sal, konstaterer han.

I boka kjem historieprofessoren med eit døme på kor stor makt eit multinasjonalt selskap har i USA. Universiteta Michigan, Oregon og Brown fekk økonomisk støtte frå sportskledefabrikanten Nike. Då studentane begynte å kritisera bruken av barnearbeid i Den tredje verda, trekte Nike alle pengane ut av desse universiteta.

Noreg er eit unntak

Etter Kjeldstadlis oppfatning har enno ikkje kommersialiseringa av utdanning og forsking kome så langt i Noreg.

– Her i landet fører standardiseringa og tilpassinga til ein felles europeisk arbeidsmarknad til aukande grad av evaluering, rapportering, kontroll og måling av forsking, som til dømes teljekantregimet. Resultatet blir at det må tilsetjast fleire personar i byråkratiet som kan administrera desse målingane, meiner han.

I Europa er det Storbritannia som har kome lengst i kommersialiseringa av universiteta.
– Der handlar det no om å få rekruttert flest mogleg studentar og dei beste forskarane for å koma endå høgare opp på dei internasjonale rankingane, påpeikar han.

Protestar førte fram

I Noreg synest han universiteta førebels har greidd å styra klar av den mest kommersielle trenden internasjonalt.

– Det kan me takka protestane frå fagforeiningane og Vox Academica for, då Bondevik II-regjeringa med forskingsminister Kristin Clemet i brodden ynskte å gjera universiteta om til sjølveigande institusjonar. Viss det hadde blitt vedtatt, ville det ført til ein eksplosjon i kommersialiseringa, med skulepengar, og forskinga ville blitt endå meir avhengig av oppdragsforsking.

Ynskjer eit samfunnsuniversitet

For historieprofessor Knut Kjeldstadli er likevel ikkje alternativet å gå tilbake til den klassiske Humboldt-modellen.

– Vitskap for vitskapens skuld og utdanning for utdanningas skuld, er ikkje lenger noko levedyktig alternativ. Viss det hadde vore alternativet vårt, ville den akademiske kapitalismen ha sigra. For meg er heller ikkje målet til eit universitet om det blir nummer to eller tre på ei rankingsliste, men om det oppfyller samfunnsoppgåva si.

– Difor ser eg for meg eit samfunnsuniversitet som kan driva verksemda si uavhengig av statlege og kommersielle føringar. Grunnmuren for dette universitetet er tanken om at den ytste grunngjevinga for institusjonane er sosial bruksverdi. Nytte for menneska er målet for kunnskapen.

– Kor realistisk er det å få til noko slikt?

– Det er lov å håpa. Viss dei universitetstilsette vil ha allierte, bør fagrørsla nasjonalt og internasjonalt vera ein naturleg alliert. Saman kan me argumentera for nasjonale bruksverdiar som den mest meiningsfylte strategien for å få ein annan universitetsmodell. Nestleiar i Landsorganisasjonen, Finn Erik Thoresen var ein av dei som stod på barrikadane for oss i 2005 og forsvarte den faglege autonomien til universiteta. Dei vil gjera det igjen, viss universitetsfolk også kan strekkja ut ei hand til deifagorganiserte når dei er utsette for den same kommersielle utviklinga. Døme på det er dei tilsette i Posten, Telenor og Bravida, seier Kjeldstadli.

– Skuffa over dagens regjering

I boka skriv han at dei universitetstilsette må visa at eit kommersialisert utdanningssystem ikkje tener folk flest, men at det frirommet universitetet har, gjer det.

– Men som SV-medlem må du jo ha makt til å øva ein viss påverknad på dagens raudgrøne regjering?

– Eg er skuffa over dagens regjering si haldning til å lovfesta retten til forsking for dei som har vitskaplege stillingar. Det er berre Universitetet i Oslo som har meisla det punktet inn i den lokale avtalen med oss. Så det er heilt opp til arbeidsgjevaren om det prinsippet skal innførast på ein institusjon.

– Og korleis skal samfunnsuniversitetet styrast?

– Det skal styrast av valde leiarar på alle nivå, ikkje berre rektor, men også dekanar og instituttleiarar må veljast. Dei har ein heilt annan legitimitet, fagleg og personleg, enn dei tilsette leiarane som er opptekne av ein administrativ karriere, medan dei valde leiarane skal tilbake til forskinga etter at valperioden er over. Lojaliteten går nedover. Universitetsstyret bør sjølvsagt ha eit fleirtal av interne representantar, understrekar han.

Universitetet til frukost

I morgon klokka 8.15 deltar Knut Kjeldstadli i ein debatt om innhaldet i boka på "Frokost med Bernt" i Auditorium 7 i Eilert Sundts hus. Då vil rektor Ole Petter Ottersen og leiar for Stortingets kyrkje-, utdannings- og forskingskomité, Marianne Aasen kommentera boka.

 

Emneord: Universitetspolitikk, Universitetshistorie, Globalisering, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 13. okt. 2010 11:28 - Sist endret 14. okt. 2010 10:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere