Eit nederlag for Arild Underdal

– Eg blei lei meg og såg det som eit nederlag at eg ikkje lykkast i å koma i dialog med Arnved Nedkvitne. Det sa tidlegare rektor Arild Underdal i arbeidsrettssaka mellom Nedkvitne og UiO i Oslo Tinghus, fredag 15. januar.  

NEDERLAG: – Eg såg det som eit nederlag at ikkje lykkast i å koma i dialog med Arnved Nedkvitne, sa tidlegare UiO-rektor Arild Underdal  i arbeidsrettsaka i Oslo Tinghus, fredag 15. januar.

Foto: Ola Sæther

Dei tidlegare UiO-rektorane Arild Underdal og Geir Ellingsrud var begge i vitneboksen fredag 15. januar.

Vitnemåla deira var ikkje til fordel for mellomalderprofessor Arnved Nedkvitne, som altså krev at oppseiinga av han blir kjent ugyldig. Det var heller ikkje vitnemåla frå tidlegare HF-dekan Bjarne Rogan og HR-direktør Anita Sandberg. Dermed gjekk ikkje den femte dagen i arbeidsretten, Nedkvitnes veg.

– Reagerte på forma

Tidlegare UiO-rektor Arild Underdal var den einaste rektoren som hadde hatt eit møte med Nedkvitne. Det skjedde i juni 2003.

– Då hadde eg lese nokre av innlegga han hadde skrive om verksemda ved instituttet. Det reagerte eg ikkje særleg på. Nokre skriv som ikkje var stila til meg hadde ei form som ville ta frå denne personen både fagleg kompetanse og personleg integritet. Kravet om å ha vitskapleg grunnlag er høg i forskinga. Men desse innlegga hadde ei form som eg reagerte kraftig på, fortalde Underdal.

Møtet med Nedkvitne

Etter innspel frå fakultetet ville han prøva å bidra på ein konstruktiv måte til å få løyst den konflikten som han hadde blitt orientert om av dåverande HF-dekan Even Hovdhaugen.

– Det gjekk fint å ha møte med Arnved Nedkvitne så lenge det handla om ankepunkta han hadde mot disponeringar instituttet hadde gjort og ynsket hans om ei arbeidsmiljøundersøking. Då eg kom inn på om ikkje han sjølv kunna ha noko av ansvaret for det dårlege samarbeidsklimaet på instituttet, kravde han at samtalen skulle vera skriftleg, og ville ikkje gå vidare. Då verka det som om han håpa at møtet snart var over, sa Underdal.

UiOs advokat, Elisabeth Stenwig ville gjerne vita korleis han reagerte på det.

– For meg var det eit personleg nederlag og eg blei også svært skuffa. Dersom det ikkje er mogleg å samtala med ein person om eins gode og dårlege sider, er det vanskeleg å koma vidare, meinte han.

– I ei anna sak, som likna mykje på denne, sjølv om den ikkje handla så mykje om e-postar, lykkast eg med å få til ei løysing som alle partar kunne leva med. I dag ville han sikkert ha sagt at eg greip inn for seint, og det gir eg han rett i, la han til.

– Det er blitt sagt i denne saka at den handlar om akademisk fridom. Og du har leidd eit utval som har sett på det, sa Stenwig.

– Ja, eg leidde eit regjeringsutnemnt utval som skulle sjå om akademisk fridom skulle inn i lovverket.

– Stortinget lovfesta seinare prinsippet om akademisk fridom. Det handlar om forskaren sin rett til å stilla kritiske spørsmål, sjølv om styresmaktene ikkje likar det, forskaren sin rett til å velja metodar og data og til å publisera resultata der han eller ho vil.

– Rettesnora er sanning, innsikt og at det er hald i det .Det er altså knytt til forskinga og ikkje til omgangsformene mellom oss som vanlege samfunnsborgarar. Den gir meg ikkje rett til å ta frå nokon fagleg kompetanse og personleg integritet. Viss det er det som er formålet, blir det stilt same krav til vitskapleg grunnlag for desse påstandane som i anna forsking, konstaterte han.

Fann inga god løysing

– Gjorde du noko meir for å løysa denne saka?, spurde Stenwig.

– Tidlegare HF-dekan Bjarne Rogan og eg vurderte å ta eit møte på det. Eg har notat som viser arbeidsdelinga mellom oss. Sjølv tenkte eg på om det ville vera mogleg å plassera han ein anna stad, slik at me kunne få til eit ordna skilsmål frå instituttet. Me fann inga god løysing for Nedkvitne sjølv. Me var også i tvil om straumen av e-postar til vitskaplege kollegaer ville stansa av den grunn. Det stod heller ikkje ei kø av andre fagmiljø som ville ta imot han, peika han på.

– Grov grava for mellomalderhistorie

Den tidlegare HF-dekanen, Bjarne Rogan inntok også vitneboksen fredag. Han gav kritikken frå Nedkvitne om nedbygging av mellomalderhistorie, det glatte lag.

– Den grava som mellomalderhistorie har hamna i, har Arnved Nedkvitne sjølv grave. Mellomalderhistorie i Oslo har difor dårleg rykte både i Noreg og Norden, og ingen søkjer seg til det fagmiljøet, sa han.

– Ja, problema Nedkvitne har med å skilja sak og person er også det internasjonale fagmiljøet klar over, meinte han.

– Ingen person har i same grad som han bidratt til å forsura eit arbeidsmiljø. Dessutan skapte han heile tida eit dårleg miljø, samtidig som han neglisjerte meg som dekan fullstendig, fortalde Rogan. Han stadfesta likevel at han og Underdal i 2003 bestemte at det skulle gjennomførast ei arbeidsmiljøundersøking av instituttet.

– I 2004 var me midt inne i ein restrukturering av institutta på fakultetet, og det var ikkje tid til å gjennomføra ei slik undersøking. Dessutan blei Historisk institutt slått saman med arkeologi , konservering og Mellomaldersenteret til Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH), fortalde Rogan.

Vurderte omplassering

Elisabeth Stenwig ynskte svar på om han noko gong vurderte å seia han opp.

– Nei, oppseiing var ikkje på tale, men me var inne på omplassering. Det ville ikkje vera rett før me hadde undersøkt påstandane hans gjennom ei arbeidsmiljøundersøking, meinte han. Rogan kom også inn på korleis han hadde gått rett inn på kontoret til Nedkvitne for å snakka med han.

– Møtet gjekk heilt greitt så lenge me snakka om dei kritiske punkta Nedkvitne hadde til instituttet. Då me byrja å snakka om han, snudde han seg brått og byrja å arbeida med PC-en. Eg møtte ikkje veggen, men ryggen hans.

Nedkvitnes advokat Preben Mo Fredriksen ville vita om han hadde gjort seg nokre tankar om kvifor det var så stille frå Nedkvitne i 2004.

– Det kan jo vera at han fylgde spent med på korleis Mellomaldersenteret skulle integrerast i instituttet.

– Så du har ikkje vore inne på tanken om kven det var som var i leiinga i instituttet i denne perioden, nemleg Knut Kjeldstadli.

– Ja, han var undervisningsleiar då.

– Nettopp.

Tidlegare rektor Geir Ellingsrud var den som til slutt fekk avskilssaka på sitt bord og som leidde Universitetsstyret då det vedtok å gi Arnved Nedkvitne sparken februar i fjor. Stenwig ynskte svar på kor langt saka var komen då han først fekk vita om den.

– Min forgjengar Arild Underdal orienterte meg i januar 2006 om at det verserte ei slik sak mot Nedkvitne, og at han hadde skapt diverse problem og blant anna fått ei tilrettevising.I byrjinga var eg ikkje inne på tanken om at det ville gå imot avskil.

– Fekk Nedkvitne ta ordet i styremøtet der det skulle avgjerast om han skulle seiast opp? spurde Stenwig.

– Jau, han brukte 25 minuttar, men han brukte mesteparten av tida til å peika på sakshandsamingsfeil, fordi det mangla nokre brev.

– Blei du overraska over det?
– Ja, eg hadde rekna med at han ville brukt tida på ein annan måte.

Gav Benestad tilrettevising

Nedkvitnes advokat, Preben Mo Fredriksen lurte på om nokon i rektoratet hadde vore inne på tanken om å løysa saka på ein annan måte.

– Prorektor Haakon Breien Benestad hadde fått ein e-post frå Nedkvitnes student Iversen, som var pensjonert lege, med spørsmål om han kunne vera meklar i denne konflikten. Benestad kom inn på dette forslaget på rektoratmøtet og kom også inn på Nedkvitnes mentale helse. Det meinte me var eit grovt brot på teieplikta. Difor gav eg han ei skriftleg tilrettevising. Benestad var redd for omdømmet til UiO, men han hadde aldri deltatt i saksførebuingane, fortalde Ellingsrud.

– Men korleis kunne han ha brote teieplikta, viss han ikkje hadde informasjon om noko hemmeleg, spurde Mo Fredriksen.

– Benestad hadde kome inn på Nedkvitnes mentale helse som tenestemann. Personalavdelinga var då også i ferd med å prøva å koma fram til ei minneleg løysing, sa Ellingsrud.

– Møtte triste folk

Den siste som kom i vitneboksen på fredag var HR-direktør Anita Sandberg. Ho sa at ho ei stund lurte på om det kunne vera hald i påstandane til Nedkvitne, og at dei som kritiserte åtferda hans hadde tatt feil. Den haldninga endra seg.

– Då eg skulle ha eit møte med instituttleiinga venta eg meg ei gruppe med hatske og hemngjerrige personar, men eg møtte berre masse triste folk, som ville ha saka løyst, sa HR-direktør Anita Sandberg.

– Men kva med Nedkvitnes situasjon? spurde Stenwig.

– Eg tenkte at det kunne kanskje vera ein måte å stansa e-postsendingane hans på eller eventuelt å tilby han å bli AFP-pensjonist, sa Sandberg. På spørsmål frå Mo Fredriksen vedgjekk ho at ho berre hadde hatt møte med instituttleiinga.

– Men me var godt informerte om utspela og synspunkta til støttespelarane hans gjennom oppslag i Uniforum og i Universitas, kommenterte ho.

– Så avisoppslag var altså alternativ til eigne møte? utbraut Mo Fredriksen.

– Me følte det ikkje var vår oppgåve.

– De snakka likevel med Helge Pharo som ikkje var ein del av leiinga.

– Men han hadde vore instituttleiar.

– Kvifor snakka de ikkje med Knut Kjeldstadli, som også hadde vore leiar tidlegare?

– Me var først og fremst opptatt av arbeidsmiljøsaka, svara ho.

No er vitneførselen over. Måndag 18. januar skal advokat Elisabeth Stenwig og advokat Preben Mo Fredriksen halda prosedyrene sine.


 

Emneord: Arbeidsmiljø, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 16. jan. 2010 00:48 - Sist endra 16. jan. 2010 01:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere