Ein handlingslamma instituttleiar

– Instituttleiar Jorunn Bjørgum var handlingslamma når det galdt spørsmålet om kva dei skulle gjera med mellomalderprofessor Arnved Nedkvitne, sa HF-dekan Trine Syvertsen i sitt vitneprov i Oslo Tingrett onsdag 13. januar. Andre vitne fortalde om ein tøff omgangstone med baktaling av kollegaer og marginalisering av enkeltforskarar.

VITNA: Både universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe og HF-dekan Trine Syvertsen måtte vitna i Nedkvitne-saka onsdag 13. januar.

Foto: Ola Sæther

Det var det dårlege arbeidsmiljøet og den tøffe omgangstonen på Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH), som i stor grad var temaet under den tredje dagen av arbeidsrettssaka som den oppsagde mellomalderprofessoren Arnved Nedkvitne har gått til mot Universitetet i Oslo. Han og advokaten hans, Preben Mo Fredriksen krev at vedtaket om å seia han opp blir kjent ugyldig og at han får erstatning for tapt lønn. Anten i perioden han har vore oppsagt, eller heilt fram til pensjonsalder, dersom han ikkje får jobben tilbake.  Ved begge utfalla av saka blir det kravd at Nedkvitne blir tilkjent sakskostnader.

Det var HF–dekan Trine Syvertsen som måtte først opp i vitneboksen. Ho fortalde om korleis det hadde blitt ei utflating av ressursane etter at ho var blitt vald til dekan i 2007. Kvar gong det blir ei ledig stilling, må instituttstyret og fakultetsstyret gjera ei vurdering av kva stilling som skal lysast ut.

– Difor er det kamp om å få desse stillingane, konstaterte ho.

Den første gongen ho høyrde om tilfellet Arnved Nedkvitne, var då ho var prodekan for forsking.

– Då eg starta i vervet som vald dekan i januar 2007, fekk eg vita at saka var til handsaming, fortalde ho på direkte spørsmål frå UiOs advokat Elisabeth Stenwig.

– Komplisert og fastlåst

– Førsteinntrykket mitt var at saka var kompleks og at det var svært ubehageleg å gå inn i den. Det verka som om det var gjort mange forsøk på å gjera noko med saka, sa ho. Syvertsen viste også til at det var gått ti år sidan Nedkvitne hadde fått ei tilrettevising frå UiO. Dessutan hadde det blitt prøvd med fleire åtvaringar om at han kunne få ordensstraff, om han heldt fram med den utilbørlege framferda si.

– Saka verka både komplisert og fastlåst, slo ho fast.

Ho viste til at både hennar forgjengarar som dekanar og tidlegare UiO–rektorar hadde vore inne i saka. På spørsmål frå advokat Elisabeth Stenwig om kva ho reagerte sterkast på i e–postane til Arnved Nedkvitne, tok ho utgangspunkt i si eiga røynsle frå rektorvalkampen i 2005 og dekanvalkampen i 2006.

– Eg var difor godt vand til tøffe debattar. Difor opplevde eg at då eg las breva til Arnved Nedkvitne, så hadde dei ein heilt annan karakter. Breva var insinuerande og konstaterande i staden for spørjande og undrande. Dessutan inneheld dei mange, små faktafeil. Eg byrja difor å lesa desse breva som noko anna enn som ein del av den generelle universitetsdebatten, sa ho.

Den 26. februar 2007 fekk ho sjølv eit brev frå Nedkvitne som kritiserte samansetjinga av ein eksamenskommisjon. – Det spesielle var at ein e–post som var ei blanding av eit referat frå det som hadde skjedd i kommisjonen og ei vurdering av to medlemar som inkompetente, blei spreidde til så mange personar.

Trine Syvertsen meinte at det kunne øydeleggja truverdet til Universitetet i Oslo, om det blei sett fram tvil om sensuren som blei gitt, var korrekt.

– Eksamensresultatet er eit prov på at det du har utført, og det er viktig for framtida til studentane. Det er avgjerande for legitimiteten til UiO at det har gått føre seg på rett måte, understreka ho.
 

– Var handlingslamma

Så viste ho til eit anna brev frå Nedkvitne, der ho meinte at han hadde plassert instituttleiar Jorunn Bjørgum inn i eit konspirativt nettverk. I brevet ville han ta frå henne all dømmekraft.

– Eg syntest svært synd på henne då. For samtidig som ho skulle vera leiar og handtera denne saka på instituttet, var ho sjølv midt i skotlinja. HF–dekanen fortalde at ho kalla henne inn til eit eige møte for å drøfta denne saka.

– Ho er ei robust dame, men i denne saka opplevde eg henne som handlingslamma, konstaterte Syvertsen.

For henne var det mest alvorlege at Nedkvitne ikkje hadde kome på dei 15 møta han var blitt kalla inn til for å ta opp alle e–postane han hadde sendt til alle dei mellom 110 og 120 tilsette på instituttet.

– Kvar gong det kom ein ny e–post frå Nedkvitne blei me oppfordra av andre tilsette til å gjera noko med situasjonen. Det var nemleg heilt umogleg for leiinga å forsvara seg ved å senda ein e–post til alle dei tilsette, meinte ho.

Til slutt kom ho inn på korleis eit samrøystes fakultetsstyre vedtok å seia opp Nedkvitne som mellomalderprofessor.

Ein av meddomarane ville vita om det blei vurdert å gi han ordensstraff. – Me hadde det oppe som ei mogleg løysing, men me gjekk ikkje vidare på det, svara ho.

– Ville ikkje høyrt på innvendingane

Førsteamanuensis i historie, Hilde Sandvik var kalla inn av Nedkvitnes advokat, Preben Mo Fredriksen, for å vitna om korleis ho ville skildra møtet alle dei tilsette ved instituttet blei kalla inn til 22. januar 2008.

– Det opplevde eg som vondt, sa ho. UiOs advokat Elisabeth Stenwig kunne likevel visa til at ho hadde skrive under på eit opprop frå NTL–organiserte om at leiinga måtte gjera noko med Nedkvitne– saka.

– Eg måtte tenkja meg om i ein dag før eg gjorde det. Grunnen var at eg ikkje trudde at Nedkvitne ville ha høyrt på dei innvendingane som me har mot han i denne saka, konstaterte ho.
 

– Har send kritiske e-postar

Nedkvitnes advokat Preben Mo Fredriksen var heldigare med dei vitna som kom inn seinare på dagen.

Førsteamanuensis Knut Ødegård forskar på Antikkens historie, og kunne fortelja om korleis nyare historie og samtidshistorie heile tida hadde fått tilført nye ressursar, medan eldre historie hadde fått mindre.

– Dette er ikkje første gong det er konflikt med dei som arbeider med mellomalderhistorie. Slike konfliktar vil prega miljøet, men det er vanskeleg å setja ansvaret på skuldrene til ein person, meinte han.

– Eg har også sendt ut e–postar der eg har peika på ting som eg har vore kritisk til, nemnde Ødegård.

Det same vedgjekk eit anna vitne, historieprofessor Finn Fuglestad.

– Eg sende e–post med svært kritisk innhald til at to personar utan spesialkompetanse i mitt fagfelt i afrikansk, karibisk og latinamerikansk historie, var blitt tilsette som vikar for meg i friåret mitt. Eg blei difor kalla inn til eit møte med instituttleiinga. Då sa eg meg lei for at eg hadde kome i skade for å kritisera desse personane, slik at det var mogleg å finna ut kven dei var. No angrar eg på at eg la meg flat, og ikkje forsvarte faget mitt, sa Fuglestad, som meinte at lønna hans på lønnssteg 67 etter 25 år som professor, var eit døme på korleis han var blitt marginalisert på instituttet.

Han meinte også at professorane Helge Pharo og Jorunn Bjørgum hadde gått i bresjen for nedprioriteringa av all historie utanfor Noreg og Europa.

– Då det var oppe i instituttstyret i 1996 var Nedkvitne den einaste som stemte imot den prioriteringa, mintest han.

Nedkvitne redda doktorstipend

Også tidlegare doktorstipendiat Marlen Ferrer gav eit godt inntrykk av den tidlegare rettleiaren sin:

– Då eg fekk beskjed om at søknaden min om doktorstipend var blitt rota vekk, og ein annan person var tilsett i stipendiatstillinga, tok Nedkvitne kontakt med instituttleiinga. Den juridiske rådgjevaren deira fortalde dei at dei hadde ei dårleg sak, så difor tilbaud dei meg likevel eit tre år langt doktorstipend, fortalde ho.

Heller ikkje Marlen Ferrer hadde eit godt inntrykk av allmøtet på instituttet 22. januar 2008.

– Det var opprørande og med åtak mot ein person. Den einaste av dei fast tilsette som hadde ei anna haldning var professor Knut Kjeldstadli, då han utbraut: ”Dette er vel ikkje Inkvisisjonen. Me får roa oss litt ned,” refererte ho.

– Det var noko av det mest ubehagelege me hadde vore med på nokon gong, syntest Ferrer.

Forskar Fredrik Thue valde ikkje å gå på allmøtet:

– Det var fordi eg tykte det var uprofesjonelt å handsama ei personalsak på ein slik måte. Det gir inntrykk av at personen er håplaus. Det var også viktig å visa at det var forskjellige oppfatningar av han på instituttet.

– Aggressivt og konfronterande

Også historikaren Jorunn Sem Fure skildra allmøtet som noko negativt.

– Eg opplevde at Åsmund Egge sette fram ei rekkje skuldingar og gjekk til åtak på Nedkvitne i plenum i eit skriftleg førebudd innlegg.

– Møtet var aggressivt og konfronterande, stadfesta ho på spørsmål frå advokat Preben Moe Fredriksen.

– Var det nokon som tok Nedkvitne i forsvar? spurde Mo Fredriksen.

– Så vidt eg hugsar var det berre Knut Kjeldstadli, svara ho. Men ho tykte at Nedkvitne kunne ha spart seg personkarakteristikkane i dei e–postane han sende rundt til dei tilsette.

Akademisk fridom

Den siste personen som blei kalla til vitneboksen i dag, var universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe. UiOs advokat Elisabeth Stenwig ville vita om ho hugsa noka liknande sak.

– Eg har aldri sett nokon som i så liten grad tar omsyn til arbeidsgjevar.

– Men bør det ikkje vera stor takhøgd på universitetet? ville Stenwig vita.

– Eg har sjølv hatt stor glede av den akademiske fridomen som forskar. Me skal verna om og fremja den akademiske fridomen. Det vil seia at forskaren sjølv skal få velja metodar og publisera der han eller ho vil. Det står likevel ikkje noko om at det handlar om å koma med personlege ytringar som krenkjer andre menneske. Det må vera ei grense som seier at nok er nok.

– Håpa på løysing

Bjørneboe såg positivt på at Forskarforbundet sende melding til henne 13. november 2008 om at dei ville støtta Nedkvitne.

– Det blei me glade for, for me håpa at det då ville vera mogleg å få til ei løysing. Ho viste til at dei etter kvart fekk brev om at Nedkvitne ville stå i stillinga si og ikkje takka ja til ei AFP– ordning.

– Den 10. februar 2009 fekk me beskjed frå Føyen advokatkontor om at det ikkje var ynskjeleg med ei minneleg løysing. Me ville gjerne ha ei løysing fordi ei eventuell rettssak ville vera ei stor bør både for UiO og Nedkvitne.

Heilt til slutt kom ho inn på korleis Universitetsstyret med ni mot to stemmer vedtok å seia opp Nedkvitne som professor ved UiO.

Torsdag held retten fram med vitneavhøyr av universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe. Då vil også tidlegare instituttleiar Jorunn Bjørgum møta i vitneboksen.
 

 

Emneord: Arbeidsforhold, Arbeidsmiljø Av Martin Toft
Publisert 13. jan. 2010 23:25 - Sist endra 14. jan. 2010 08:28

Viser til denne artikkelen, samt artikkel i Universitas, Aftenposten og DN om Nedkvitne-saken idag. Jeg ønsker bare å skissere kort noen av mine egne synspunkter på saken og stille noen spørsmål til UiO-ledelsen. Nedkvitne saken er ikke så ekstraordinær som mediaoppslagene tyder på. Nedkvitnesaken er tvertimot toppen av et isfjell av omfattende arbeidsmiljøproblem og alarmerende uprofesjonell håndtering av arbeidskonflikter ved UiO. Undertegnede kjenner seg igjen i mange forhold i Nedkvitne-saken som er referert i media og bl.a. i rettssalen. Som utenlandsk universitetsstipendiat ved UiO kan jeg bekrefte mange liknende opplevelser (på institutt-, fakultetets- og sentraladministrativt nivå) som Nedkvitne saken viser: arroganse, ubegrenset kynisme og lite imponerende faglige og administrative kvalifikasjoner på ulike nivåer.

For mitt vedkommende tok det nesten 10 år å kjempe for inkludering og forstå hva som foregikk i de indre kretsene ved instituttet, fakultetet og universitetet sentralt. Hensikten var (akkurat som hos Nedkvitne) at jeg ville bare det beste for universitetet. Ti år som forsker ved UiO gjennomgikk ulike faser: fra ivrig faglig engasjement og entusiasme til alvorlig depressiv tilstand som en konsekvens av behandlingen jeg ble utsatt for ved UiO.

Nedkvitne saken tyder på at dette er den prisen man betaler for sin ekstrainnsats, faglige initiativer (som konsekvent blir ignorert), kritisk tenkning og streben etter å bli best mulig inkludert i det norske akademiske miljø. For meg som kommunikasjons- og integrasjonsforsker med ikke-norsk bakgrunn, ble det gradvis klart at mange norske fagmiljøer (som mitt eget) ved UiO lider av sjåvinisme, institusjonell rasisme og ”regionalisme”. UiO-ledelsen trenger åpenbart å bli minnet om at året er 2010 og at vi befinner oss i en multikulturell situasjon. Hva kan man forvente av toleranse for annerledeshet, når man ikke engang makter å forholde seg til sine egne landsmenns annerledeshet?

I den forbindelse er det naturlig å stille spørsmål ved om UiO-ledelsen i sine internasjonale ambisjoner og kalkyler har tatt med i beregningen at mange miljøer ved UiO (der det etnisk norske vestkantborgerskapet er overrepresentert) har en ekstrem tendens til å ekskludere alt og alle som fremviser livstegn på annerledeshet?

Katarina A. Rodina

Doktorgradsstipendiat, UiO

 

 

katja - 14. jan. 2010 20:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere