Arne Næss er død

Filosofiprofessor Arne Næss sr. døydde rundt klokka 21.30 i går, 96 år gamal. Det opplyser forleggjaren hans, Erling Kagge til fleire aviser i formiddag. Næss var fødd den 27. januar 1912, og blei professor i filosofi ved Universitetet i Oslo i 1939, 27 år gammal. – Han var både rabulist og ein uhøgtideleg, leikande og barnleg akademikar, seier viserektor Inga Bostad, som har skrive bok både om og saman med Noregs mest kjende filosof.

ARNE NÆSS DØD: Arne Næss er død 96 år gammal.  Her takkar han kansellisjef Egil Vindorum for utnemninga til Kommandør med stjerne av Den Kgl. Norske St.Olavs Orden (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Arne Dekke Eide Næss blei førdd den 27. januar 1912 i Oslo. Etter studieopphald i Wien blei han i 1936 dr. philos. På avhandlinga Erkenntnis und wissenschäftliches Verhalten. Næss var tilsett som professor i filosofi ved Universitetet i Oslo frå 1939-70. Frå 1948 til 1949 leidde han UNESCOs forskingsprosjekt om ideologi. For alle som har gått på norske universitet er han kjend for lærebøkene til examen philosophicum En del elementære logiske emner og pensumverket Filosofiens historie (1953). På den måten har han hatt stor påverknad på norsk universitetsutdanning.

Etter at han gjekk av som professor ved Universitetet i Oslo i 1970, har han engasjert seg i miljøfilosofi og la også grunnlaget for økosofien. Dei siste åra har han vore knytt til Senter for utvikling og miljø ved UiO, der også eit gjesteprofessorat i miljøfilosofi ber namnet til Arne Næss.

- Grudde meg til denne dagen

Viserektor Inga Bostad har både skrive ei bok om Arne Næss, ”Arne Næss” og saman med Arne Næss gav ho ut boka ”Inn i filosofien” i samband med 90-årsdagen hans. Ho synest det er ufatteleg og svært trist at Arne Næss er borte. 
 – Eg visste at han var sjuk og eg grudde meg svært til at denne dagen skulle koma. Ikkje berre fordi eg sjølv kjenner meg trist på grunn av saknet av Arne Næss, men også fordi eg er uroleg for at det ikkje lenger er plass for den typen akademikar som Arne Næss var i dagens akademia. Personleg håpar eg at det vil vera mogleg å gi rom til slike akademikarar som Arne Næss som inviterte til diskusjonsforum med dei han var mest ueinig med. Det må vera plass til fleire ulike akademikarar, seier Inga Bostad til Uniforum.

- Bergteken

Bostad opplevde Arne Næss første gong som ung filosofistudent på 1980-talet.
– Eg blei bergteken av den direkte stilen hans. Han sa meiningsfulle ting og så fortalde han oss at det går an å driva filosofi både overflatisk og seriøst. Næss slo også fast at filosofien har noko å seia for livet ditt, og at filosofien har noko å seia for deg som menneske. Eg vil dessutan karakterisera han som ein akademikar som aldri var redd for å stilla overraskande spørsmål og ta overraskande standpunkt, seier Bostad. Ho synest det er viktig å understreka bidraga hans til vitskapen.
 – Han blei jo gammal, ja faktisk ein olding til slutt. Og gjennom den tida har han vore med på mange filosofiske og politiske straumdrag. Næss har både deltatt og påverka desse straumdraga. Etter at han slutta som filosofiprofessor ved UiO i 1970, var han engasjert i økosofien og djupøkologien. Der prøver han å avklara forholdet mellom mennesket og naturen. I 1970 engasjerte han seg også i aksjonane mot Mardølautbygginga. Då gjekk biletet av den skjeggpryda professoren som blei boren bort av politiet rundt i alle aviser. På den måten gav han akademisk legitimitet til slike sivile ulydnadsaksjonar, meiner Bostad. Ho viser til at han også var ein av grunnleggjarane av partiet Dei grøne i Noreg.

Skreiv bok om Arne Næss

Då ho fekk i oppdrag av Gyldendal å skriva ei bok om Arne Næss blei ho godt kjent med han.
 – Då møtte eg han ein dag i veka den tida eg heldt på med bokprosjektet. Eg opplevde han meir som ein som likte betre å tala enn å skriva. Næss har deltatt med å få sett i gang problemstillingar, medan andre har skrive det ned. Han hadde også ein stor vennekrins som han heile tida hadde rundt seg. Dei var alle glade i han og stod han fagleg nær.
 – Kva har han hatt å seia for vitskapen?
 – Han var ein av grunnleggjarane av den moderne ex.phil.-undervisninga i Noreg. På den måten har han påverka alle norske akademikarar gjennom lærebøkene sine. Lærebøkene hans har i stor grad også utforma heile faget. Slik har han medverka til å auka den akademiske nyfikna i Noreg. Han har dessutan stimulert til fagleg debatt gjennom å setja opp problemstillingar som til dømes ”Kva er skilnaden på det som er gyldig og det som er sant? Hans læresetningar for kva som er god argumentasjon, har også hatt mykje å seia for norske akademikarar, er Bostad overtydd om.

Hovudarbeidet til Arne Næss er Interpretation and Preciseness (1953), som prøver å sameina formal logikk med empirisk semantikk (tydingslære). Han var også ein konsekvent talsmann for ikkje-vald.

Arne Næss sr. var i tillegg kjent som fjellklatrar og han innførte bolteteknikken i Noreg etter Den andre verdskrigen. I 1950 og 1964 leidde han to ekspedisjonar til fjellet Tirich Mir i Hindustan i Pakistan.

(Kjelder: Inga Bostad og Store Norske leksikon) 

Les viserektor Inga Bostads minneord over Arne Næss

Les også heimesida til Arne Næss´ lærestol ved Senter for utvikling og miljø: www.sum.uio.no/staff/arnena/index.html
 

Emneord: Filosofi Av Martin Toft
Publisert 13. jan. 2009 12:02 - Sist endra 14. jan. 2009 15:20

Avhandlingens tittel kan ikke ha vært "Erkenntnis und wissenschäftlices Verhalten" men må ha vært "Erkenntnis und wissenschaftliches Verhalten". Mvh, Johannes

Paul Johannes Helm - 13. jan. 2009 18:04

Hei! Du har heilt rett. No er tittelen på avhandlinga korrekt. Mange takk for at du sa ifrå.

Martin Toft - 14. jan. 2009 00:19
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere