Det var eit punkt i regjeringa sitt budsjettforslag for 2026 som fekk stortingsrepresentant Hege Bae Nyholt frå Raudt til å melda inn eit spørsmål til forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland.
Der står det at Kunnskapsdepartementet er i ferd med å greia ut ein modell som skal gi betre insentiv i planlegging og gjennomføring av byggjeprosjekt ved dei fem universiteta som forvaltar eigedom på vegner av staten. I budsjettdokumentet ber modellen namnet kapitalbelastning. Dei fem tradisjonelle universiteta er Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, NTNU, Universitetet i Tromsø og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU). Ifylgje Forskerforum vil den nye modellen gå ut på at dei fem sjølvforvaltande universiteta blir belasta for investeringskostnadane ved framtidige byggjeprosjekt. Dei prosjekta som vert finansierte over dei ordinære budsjetta til desse fem institusjonane, vil ikkje bli omfatta.
– Ein samla sektor slo tilbake
I budsjettproposisjonen går det fram at regjeringa vil koma tilbake til Stortinget om denne saka. I Stortingets spørjetime onsdag 7. januar drog stortingsrepresentant Hege Bae Nyholt ein parallell til debatten i 2019 om dei sjølvforvaltande universiteta framleis skulle få ha eigarskapen til sine eigne bygningar. Då var det forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø frå Venstre, kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland frå Høgre og finansminister Siv Jensen frå Frp som drog i trådane.
Les meir i Uniforum: Arne Benjaminsen: – Dårleg og ineffektivt å overlata universitetsbygningar til Statsbygg
– Ein samla sektor slo tilbake mot høgresidas marknadsgjering av eigedomsforvaltninga av statleg sivil sektor. Og Arbeidarpartiet fall den gongen ned på rett side, understreka ho.
– I dagens politiske landskap er dette viktigare enn nokonsinne
Bae Nyholt viste til at konsekvensane av dette blei godt demonstrert både av fagforeiningane og leiinga på dei aktuelle universiteta og at det var grunnen til at dei klarte å stansa prosessen og klara å halda på autonomien til dei gamle universiteta.
– Eg blei overraska då eg fann forslaget om at det skulle greiast ut ein modell for kapitalbelastning i budsjettforslaget for 2026, sa ho.
Bae Nyholt peika på at det å lata universiteta forvalta eigen eigedom sikrar at dei oppfyller samfunnsoppdraget gjennom å halda fram med å bruka eigedom strategisk for å byggja opp under sektoren sin autonomi.
– I dagens politiske landskap er dette viktigare enn nokonsinne, meinte ho.
Derfor ville ho ha svar frå Sigrun Aasland på om dei hadde eigne analysar som viser at ein slik modell ikkje vil svekka universiteta sin økonomi og autonomi, og om desse analysane då kunne leggjast fram for Stortinget.
Sigrun Aasland tok utgangspunkt i kva som er unikt for dei fem gamle universiteta.
– Dei sjølvforvaltande universiteta har spesielle oppgåver som å ta vare på eldre historiske viktige bygg, og som av ulike historiske årsaker ligg til ansvaret deira, sa Aasland.

Ho stadfesta opplysninga til Bae Nyholt om at Kunnskapsdepartementet er i ferd med å greia ut ein modell med sikte på at det framleis skal vera gode insentiv til å driva vedlikehald av alle bygg i denne sektoren.
– I staden for ein garanti så vil eg seia at det er ein premiss for regjeringa for heile det arbeidet og for den utgreiinga at ei kvar endring i modell for finansiering av bygg ikkje skal gå utover universiteta sitt samfunnsoppdrag eller kjerneoppgåver. Det ligg til grunn for det arbeidet som no blir gjort, var svaret frå statsråd Sigrun Aasland.
– Me skal ha ein dialog
Bae Nyholt gav seg ikkje og ville gjerne vita om dei i desse utgreiingane hadde vore i dialog med dei gamle universiteta om kva effektar ei slik endring i kapitalbelastning vil få for sektoren.
– Me skal ha ein dialog med utgangspunkt i at ei kvar endring må vidareføra det handlingsrommet, den autonomien og dei oppgåvene som universiteta gjennomfører. Og me skal finna ut om det er mogleg å gjera finansiering og vedlikehald av eldre bygg og eventuelle nybygg på ein meir effektiv måte. Eg er einig med representanten i at det er viktig at det ikkje går utover universiteta sine kjerneoppdrag, sa Aasland.
Bae Nyholt lurte på om det var mogleg å få innsyn i den dialogen som hadde gått føre seg i denne saka. Ho viste til at Khronos journalist hadde fått avslag på dette. Bae Nyholt ville også vita om det var planar om å innføra ein modell der staten overtar eigarskapen av universiteta.
– Ingen intensjon om å overdra bygningar
Aasland kunne i alle fall gi ein garanti:
– Det ligg fast at desse universiteta er sjølvforvaltande institusjonar. Så det ligg ingen intensjon her om å overdra bygningar, slo ho fast.
Men ho kunne ikkje lova at analysane ville bli kunngjorte no.
– Det er heller ikkje føretatt ei utgreiing det er mogleg å offentleggjera, fordi dette er eit arbeid me går i gang med. Det er ein dialog med desse institusjonane og med deira viktige innspel på kva som er mogleg og formålstenleg. Det er ein heilt sentral del av det, understreka Aasland.
Nøgd med at Statsbygg ikkje skal overta bygningar
Etter at Stortingets spørjetime var over, uttrykte stortingsrepresentant Hege Bae Nyholt overfor Uniforum at ho i alle fall var nøgd med ein del av svaret til forskings- og høgare utdanningsminister Aasland.
– Det er bra at Sigrun Aasland slo fast at ingen av bygningane til dei gamle universiteta skulle overførast til Statsbygg, seier Bae Nyholt.
– Ingen klargjerande svar om prosessen
Hege Bae Nyholt tykkjer at det denne gongen i motsetning til 2019, har vore lite offentleg debatt om ein ny modell for kapitalbelastning.
– Det var ingen klargjerande svar i høve til prosessen som går føre seg, konstaterte ho.
– Rektorane ved dei tradisjonelle universiteta har vore kritiske til modellen og fryktar at fleire nybygg blir førte over til Statsbygg, slik at dei må betala husleige for universitetsbygningane i framtida. Det skjedde mellom anna med Livsvitskapsbygningen på UiO. Kva synest du om det?
– U5 forvaltar bygningane sine veldig godt sjølve. Eg fekk eit oversyn frå NTNU om kor raskt dei kan reparera skader på bygg etter til dømes lekkasjar i høve til kva som ville vore tilfellet om dei hadde måtte bruka private selskap til det, fortel ho.
Stortingsrepresentant Bae Nyholt slår seg ikkje heilt til ro etter svaret frå statsråd Sigrun Aasland
– Det er alvorleg om dette er ei marknadsgjering av offentleg sektor. Staten går bort frå ei sjølvforvaltande til ei meir statsbyggbasert løysing. Ho fryktar også at det i praksis kan føra til kutt i løyvingane.
– Det kan det fort bli fordi universiteta må prioritera mellom nybygg eller forsking og utdanning.
For Hege Bae Nyholt er dagens sjølvforvaltande system ein god modell.
– Det er viktig for det er ein del av autonomien til UH-sektoren. Det er ein praksis som har vore fylgt lenge. Sektoren ynskjer det. Og dei vil forvalta bygningane sine sjølve, veit ho.
– Me må sikra den akademiske fridomen
No håpar ho at Kunnskapsdepartementet kan spela med opne kort når det gjeld utgreiinga av ein mogleg ny modell for finansiering, også kalla kapitalbelastning.
– Prosessen har openbert kome langt. No må statsråden leggja til rette for ein brei diskusjon.
– Det er viktig at tilsette og andre blir høyrde. Akademisk fridom handlar også om sjølvforvalting og om moglegheita til å ta strategiske valg som også gjeld eigedom, seier Hege Bae Nyholt til Uniforum.
Les meir i Uniforum:
Regjeringa vil likevel ikke overlate universitetsbygningene til Statsbygg
Arne Benjaminsen: – Dårleg og ineffektivt å overlata universitetsbygningar til Statsbygg
Slik vil universitetene bli påvirket av å bli foretak
– Statsbygg bør overta alle universitetsbygningene
Universitetsbygningene kan bli skilt fra UiO
Universiteta får ha bygningane sine i fred
Logg inn for å kommentere