Arne Benjaminsen: – Dårleg og ineffektivt å overlata universitetsbygningar til Statsbygg

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen ved UiO  synest det er ein dårleg idé å overføra bygningar og eigedom frå universiteta til Statsbygg. – Eit stort tilbakesteg, synest han.

To menn står utanfor Svein Rosselands hus på Blindern

TILBAKESTEG: Universitetsdirektør Arne Benjaminsen er ikkje i tvil om kva han vil kalla ei overføring av universitetsbygningane til Statsbygg. – Det vil vera eit stort tilbakesteg, konstaterer han. Her står Arne Benjaminsen saman med eigedomssjef John Skogen utanfor Svein Rosselands hus på Blindern. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Regjeringa greier no ut om det vil vera meir effektivt å lata bygningane til UiO, UiB, NTNU, UiT og NMBU bli overførte til Statsbygg og gi Statsbygg forvaltaransvaret.

Universitetsbygningane og Statsbygg

  • 2003: Bondevik II –regjeringa føreslår at universiteta skal organiserast som føretak
  • 2005: Kristin Clemet legg forslaget tilbake i skuffa etter brei motstand frå sektoren
  • Regjeringa kjem også med forslag om å overføra universitetsbygningar til Statsbygg.
  • Bygningane til høgskulane blir overførte.
  • 2006: Stoltenberg-regjeringa vedtar å avlysa planane om å overføra universitetsbygningar til Statsbygg
  • 10. april 2019: Capgemini legg fram ein områdegjennomgang av bygg og eigedomar i statleg sektor. Konklusjonen er at all statlege verksemder , inkludert universiteta overlet eigedomsforvaltninga til Statsbygg.
  • dei første eigedomane som kan bli overførte er NMBUs nybygg på Campus Ås
  • november: NTL legg fram ein motrapport til planane om å overføra bygningar til Statsbygg
  • desember 2019: ei arbeidsgruppe skal ha kartlagt universitetsbygningane og føreslå moglege justeringar
  • januar 2020: arbeidsgruppa vil koma med endeleg tilråding om kven som skal forvalta nybygga på Campus Ås.
  • (Kjelder: regjeringa.no, Uniforum, UiO)

I første omgang er tanken av dei nye bygningane til NMBU  på Campus Ås skal få Statsbygg som eigedomsforvaltar frå første dag. Utgreiinga byggjer i stor grad på ein områdegjennomgang  av bygg- og eigedomsmassen i offentleg sektor som konsulentselskapet Capgemini invent gjennomførte for åtte månader sidan.

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen har snakka saman med kollegaene sine ved dei andre sjølvforvaltande universiteta og NMBU. Dei er ikkje nøgde med forslaget.

– Vår vurdering er at det vil vera dårleg og ineffektivt. Eigedomsmassen vår spenner frå enkle kontorbygningar til svært avanserte laboratoriebygningar. Derfor er det viktig med god kontakt mellom brukarane og dei som forvaltar bygningane. UiO har også mange verneverdige bygningar i sentrum som er avhengige av at me har spesialkompetanse. Og dessutan har me store parkområde, som Botanisk hage på Tøyen, understrekar han.

– Må ha eit skreddarsydd system

Arne Benjaminsen meiner det er innlysande kva som må bli løysinga.

– Kompleksiteten inneber at me må ha eit skreddarsydd system på kvar institusjon for dette, slår han fast. 

Arne Benjaminsen meiner at eitt av dei viktigaste argumenta for å overlata universitetsbygningane til Statsbygg har falle bort. Tilhengjarane av reforma meinte sist forslaget var oppe at det då ville bli lettare å få gjort noko med det store vedlikehaldsetterslepet som  for ti år sidan var på over 4 milliardar kroner, berre for UiO åleine.

– No har UiO for ein stor del tatt igjen vedlikehaldsetterslepet på bygningane. Me har fått ein Masterplan for bygg og me har innført internhusleige. Inntektene går til utgifter til vedlikehald, peikar han på. 

Føreslår brei allianse mot forslaget

Rapporten "Skal universitetene miste bygningene sine" som kunnskapssenteret for fagorganiserte De Facto har laga på oppdrag frå NTL-foreiningane ved dei tradisjonelle universiteta, gir i hovudsak universitetsdirektør Arne Benjaminsen rett i at det vil bli dårlegare og meir ineffektivt enn i dag å overlata universitetsbygningane til Statsbygg.

Der heiter det at: «Forslaget vil føre til dobbelorganisering, mer byråkrati, høyere husleie og mer press for outsourcing av oppgaver. Forslaget føyer seg inn i en strategi for å skvise flest mulig oppgaver ut av offentlig sektor. En overføring av eiendommene til Statsbygg vil representere en sentralisering av organisasjon og makt. Det betyr at ledelsen for universitetenes eiendommer kommer til å sitte lengre unna.». 

De Facto spår også at leigeprisen blir to til tre gonger høgare om Statsbygg overtar eigedomane.

 Ein områdegjennomgang av bygg- og eigedomsmassen i statleg sektor som Capgemini invent laga på oppdrag frå Finansdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet for rundt åtte månader sidan, får det glatte lag av De Facto.

«I rapporten finnes ingen dokumentasjon eller beregninger som godtgjør at Statsbygg kan utføre FDV-oppgavene mer kostnadseffektivt enn universitetene selv, til tross for at nettopp det hevdes å være premisset for konklusjonen. Spørsmålet er ikke utredet på en holdbar måte, og det presenteres beregninger og tall som overhodet ikke er sammenlignbare, står det i rapporten frå De Facto.

Mislykka forsøk frå Bondevik II

I 2003 prøvde også Bondevik II-regjeringa å føreslå at universiteta skulle bli eigne statlege føretak, slik som sjukehusa. Etter massive protestar frå høgre til venstre i det politiske biletet gjennom Vox Academica, måtte dåverande forskings- og utdanningsminister Kristin Clemet leggja forslaget tilbake i papirskuffa.

Den same regjeringa kom også med framlegg om å overføra alle universitetsbygningane til Statsbygg. Bygningane til høgskulane blei overførte, men ikkje bygningane til dei sjølvforvaltande universiteta, UiO, UiB, NTNU, UiT og NMBU. Prosessen blei heilt gravlagt av den raud-grøne regjeringa i 2006, men då hadde nokre av bygningane til høgskulane allereie blitt overførte til Statsbygg.

Klåre åtvaringar frå Danmark

I Danmark har Københavns Universitet vore gjennom ei liknande reform. Universitetsleiinga ved UiO har vore i kontakt  med det danske universitetet, og dei har då kome med sterke og klåre åtvaringar mot denne måten å organisera eigedomsforvaltninga på.  Kvaliteten er blitt dårlegare og kostnadene er blitt høgare, er bodskapen UiO har fått frå systeruniversitetet sitt i København.

– Tilbakesteg

 Etter universitetsdirektør Arne Benjaminsens oppfatning er det heilt klart kva ei overføring av bygningane til Statsbygg, vil føra til.

 – Det vil vera eit stort tilbakesteg, konstaterer han. Arne Benjaminsen viser også til kva som skjedde då det kom på bordet eit forslag om å overføra universitets- og høgskulebygningane til Statsbygg sist gong rundt 2005.

– Då blei det gjennomført for høgskulane sin del, men ikkje for dei fire sjølvforvaltande universiteta og NMBU. Grunnen var den store kompleksiteten når det gjaldt bygningar og eigedomar hos universiteta, seier Arne Benjaminsen til Uniforum. 

Ferdig med arbeidet sitt i desember

Statssekretær Lars Jacob Hiim  i Kommunal- og moderniseringsdepartementet opplyste til nettavisa Khrono via epost 27. november at ei arbeidsgruppe som har kartlagt dei sjølvforvalta eigedomane til universiteta, skal vera ferdig med arbeidet sitt i desember. Først då skal regjeringa vurdera om det er grunnlag for justeringar, presiserer han overfor avisa.

Unntaket er NMBU på Ås. For først i slutten av januar 2020, vil arbeidsgruppa bli ferdig med ein rapport som vil sjå på om Campus Ås ved NMBU skal leggjast inn under Statens husleigeordning, stadfesta statssekretær Lars Jacob Hiim.

– Rektorane vil koma på bana, om naudsynt

Det er med andre ord enno ikkje avklart om dei fire tradisjonelle universiteta og NMBU må overlata bygningane sine til Statsbygg. Førebels har regjeringa sett i gang ei utgreiing, og Arne Benjaminsen trur ikkje den blir klar før etter nyttår. Samtidig vil han gjerne trekkja fram at Universitetet i Oslo har eit godt arbeidsforhold til Statsbygg:

– Ja, Statsbygg er byggherre for alle dei nye byggjeprosjekta våre. Me samarbeider svært godt med dei, seier han. 

 No held leiinga ved alle desse fem universiteta på å fylgja opp den saka så godt som mogleg fram til den endelege avgjerda er tatt. Arne Benjaminsen synes det er positivt at også andre er opptekne av denne saka.

– Det er bra at Norsk tenestemannslag og dei andre fagforeiningane ved UiO, UiB; NTNU, UiT og NMBU fylgjer denne saka tett og engasjerer seg i den, seier Arne Benjaminsen.

Både han og dei andre universitetsdirektørane fylgjer nøye med på kva som skjer i denne saka.

– Og om det etter kvart vil verta naudsynt, vil også rektorane koma på bana i denne saka, seier  Arne Benjaminsen.

 

Emneord: Universitetspolitikk, Bygninger, eiendom Av Martin Toft
Publisert 2. des. 2019 18:11 - Sist endra 2. des. 2019 18:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere