UiO-tilsette reiser mest til land utanfor Norden

Reiser i Norden utgjer totalt seks prosent av alle tenestereisene ved UiO. Dei fleste reisene går til andre stader i Europa og til andre kontinent. 

UiO-tilsette reiser mest med fly, og dei fleste turane går til land utanfor Norden, både i Europa og til andre kontinent. Det går fram av UiOs klimagassrekneskap for 2023. 

Foto: Yngve Vogt

Klimagassutslepp frå tenestereiser med fly auka med 5 prosent frå 2022 til og med 2023, men har likevel gått ned med 31 prosent sidan 2018. Det viser UiOs klimagassrekneskap for 2023 noko Uniforum kunne melda sist måndag.

Klimagassrekneskapen er blitt presentert for Universitetsstyret sidan 2018. Og sidan det året har klimagassutsleppa ved UiO gått ned med 18 prosent, rundt 17 000 tonn CO2 kvart år frå 2018 til og med 2023, går det fram av UiO klimagassrekneskap for 2023. 

I presentasjonen sin i Universitetsstyret på tysdag la assisterande universitetsdirektør Johannes Falk Paulsen vekt på at den metoden som er valt, Klimakost seier noko om fart og om retning. Den er utvikla av konsulentselskapet Asplan Viak.

UiO ligg bak målet

Målet til regjeringa og til UiO er at utsleppa skal reduserast med 50 prosent i 2030, med 2018 som grunnlag. For å få det til burde reduksjonane ha vore på 19 000 tonn CO2 i åra frå 2018 til og med 2023. Det vil seia at UiO i dag ser ut til å liggja bak dette målet, går det fram i saksdokumenta universitetsdirektør Arne Benjaminsen og eigedomsdirektør John Skogen har laga til Universitetsstyret.  

• Les også:

UiOs klimagassutslepp frå tenestereiser med fly har gått ned, men no går det feil veg

Det som er mest positivt med rapporten, er at den dokumenterer at klimagassutslepp frå UiOs flyreiser er gått ned med 31 prosent frå 2018 til og med 2023. Det som likevel er tankevekkjande er at det siste året auka klimagassutsleppet frå tenestereiser med fly med 5 prosent. Og det er talet på flyreiser målt i personkilometer som utgjer den største skilnaden, står det i rapporten som blei lagt fram for styret på tysdag.  Johannes Falk Paulsen la heller ikkje skjul på at den viktigaste grunnen til at talet på flyreiser gjekk ned med 31 prosent var restriksjonen på reiser under pandemien.

Færre rehabiliteringsprosjekt reduserer utsleppa

I klimagassrekneskapen for 2023 går det også fram at det totale klimagassutsleppet frå UiO mellom 2022 og 2023  er blitt redusert med 8 prosent. Den viktigaste grunnen til det, peikar rapporten på, er at det har vore langt færre rehabiliteringsprosjekt det siste året enn tidlegare. På dette området trekkjer dei to UiO-direktørane fram at dette har både ei positiv og ei negativ side. For medan rehabiliteringsprosjekta står på, vil klimagassutsleppa auka. Når dei er ferdige, vil det bli mindre utslepp på grunn av energisparing.

Tenestereiser utgjer 20 prosent av samla utslepp i 2023

Samla syner tala at klimagassutsleppa frå tenestereiser utgjer 20 prosent av det samla klimagassutsleppet frå UiO i 2023. Utsleppa frå dei som UiO kjøper varer frå er på eit stabilt høgt nivå, også fordi UiOs eigne klimautslepp blir redusert. Innkjøpt energi auka klimagassutsleppa med 4 prosent i  2023 samanlikna med året før. Grunnen til det var den auka energibruken på grunn av ein kald vinter, går det fram av rapporten. 

Målet er at det skal vera  ein reduksjon i energibruken på 30 prosent i alle bygg i 2030, står det i saksomtalen. Sjølv om den blei redusert med 16 millionar kWh frå 2018 til 2023, må det setjast i verk omfattande tiltak for at målet skal kunna nåast, er konklusjonen.

I mai 2025 vil UiO leggja fram eit nytt klimagassrekneskap.  Då skal det også setjast ned ei gruppe som skal gjennomføra ein såkalla «vesentlegheitsanalyse», opplyste Johannes Falk Paulsen på styremøtet.

– Då vil det bli lagt fram forslag til tiltak for å nå dei måla som styret har sett, sa Falk Paulsen. 

– Jobbar med å laga ein ny reisepolicy

Studentrepresentant  Nora Marie Hager tok ordet og viste til korleis pandemien førte til at det blei tatt i bruk meir digitale løysingar. Likevel utgjer tenestereisene 20 prosent av klimagassutsleppa.

– Har de vurdert å innføra ein kvote på flyreiser der tog er tilgjengeleg, og skal me bli endå betre på digitale løysingar? lurte ho på.

KLIMAGASSREKNESKAP: Denne veka fekk Universitetstyret presentert UiOs klimagassrekneskap for 2023. 

 

– Me jobbar med å laga ein ny reisepolicy. Men det ligg ingen tiltak om kvotar i høve til reiser. Så ser me at reiser innanfor Norden, der det vil vera mogleg å reisa med tog, berre utgjer seks prosent. Me kan ikkje seia at det er ubetydeleg, men det er reiser til Europa og dei interkontinentale reisene som utgjer den store delen. Der er det vanskeleg å sjå føre seg alternative transportmetodar, men det kan vera alternative måtar å gjennomføra slike møte på, som kan vera meir relevante, slo han fast.

– Viktig med større strategisk satsing

Studentrepresentant Oskar August Bonafede Heggernes  gav honnør til UiO for å vera tidleg ute med klimagassrekneskap. Han meinter det var  bra at det skal setjast ned ei arbeidsgruppe samtidig som det skal leggjast fram ein oppdatert klimagassrekneskap i mai.

– Det er fint at dei låghengjande fruktene blir tatt i første omgang. No er det viktig med ei større strategisk satsing vidare, tykte Bonafede Heggernes.

– Ikkje sikkert me treng skriveopphald i 25 grader

Også representanten for dei mellombels vitskaplege tilsette, Solveig Topstad Borgen gav uttrykk for at det var interessant og spennande å lesa klimagassrekneskapen frå UiO. Ho kom også inn på modellen som var blitt brukt.

– Det er veldig viktig med ei forbetring av modellen. For me må ha i bakhovudet at resultatoppnåinga også er avhengig av modellen, understreka ho.

Elles syntest ho at UiO kunne ha strengare reglar. 

– Eg trur me kan vera meir frampå og ha tydelegare retningslinjer når det gjeld reiser. Eit skriveopphald i 25 plussgrader om vinteren, det er ikkje sikkert me treng det. Derfor må me få strengare retningslinjer, gjentok ho.

Bortsett frå spesielle tiltak for reiser peika ho på eigeninnsatsen. 

– Eg trur me treng å trigga den dugnadskjensla som det blir skrive om her. Og me treng litt indre justis. Eg er kjempeglad for å sjå at informasjonen skal ned på fakultetsnivå. Eg vil gjerne sjå skikkelege tal heilt ned på instituttnivå.

– Viktig med symbolikken

Dessutan meinte ho det var viktig å få fram dugnadsånda på dette området over heile UiO. 

– Sånne ting som større representasjonssamanhengar som årsfesten. Der trur eg det er viktig at me ser korleis det blir uttrykt i dei samanhengane i høve til innslag av kjøt. Også når det gjeld kledekode, som inneber innkjøp av klede. Det har ingenting å seia for den store rekneskapen, men det er viktig med symbolikken i det, for dugnadsinnsatsen, syntest Solveig Topstad Borgen.

Ho fekk delvis svar på det ho lurte på hos Johannes Falk Paulsen. Han viste til at når det gjeld å sjå korleis reiseaktiviteten er på dei enkelte einingane på UiO, er det mogleg gjennom ein eigen «tableau» som UiO brukar, så sant reisene er kjøpt via reisebyrået som UO nyttar seg av.

– Kan visa korleis dette kan gjerast digitalt

Ekstern representant Maria Strömme var med på møtet digitalt frå Uppsala universitet.  -Det er på grunn av ein dårleg rygg, trekte ho fram. Men ho trudde likevel UiO kunne gå føre på dette området. .

– Me kan faktisk visa korleis dette kan gjerast digitalt i staden for å reisa, konstaterte ho.

Hennar eksterne styrekollega Qaisar Farooq Akram trekte fram det faktum at heller ikkje nesten full stans i reiseaktiviteten under pandemien var nok til at UiO ville nå målet om klimautsleppsreduksjon på 50 prosent i 2030. Kva er måten å få det til på? spurte han.

– Der må me gå inn og sjå kva som vil gi vesentlege utslag i høve til tiltak, sånn at me kan nå målet. Det er den analysen me har tenkt å gjennomføra no, svarte Johannes Falk Paulsen.

– Er faktisk ambisiøst

Det siste ordet i debatten om klimagassrekneskapen gjekk til  Mette Halskov Hansen som er viserektor for klima, miljø og tverrfaglegheit. Ho omtalte UiOs klimamål som ambisiøse også samanlikna med andre universitet. .

 Halskov Hansen varsla også ein del endringar.

– Når det gjeld reiser, vil me koma med nye retningslinjer. Nokre vil seia at dei er for slappe, medan andre vil seia at dei er for moraliserande. Dei vil bli strengare og det vil bli lagt meir ansvar på einingane, understreka ho.

• Les meir om klimagassrekneskapen ved UiO: 

Miljøsjefen på UiO seier opp jobben på grunn av manglande klimatiltak

Flyreiser utgjer 20 prosent av klimagassutsleppa til UiO

– Alle barna og ungdommane våre er Gretha Thunberg

Klimademonstrasjon i Oslo er blitt fotoutstilling i Botanisk hage

Studentar og forskarar vil ha berekraft og klima inn som tung trend

Universitetenes bidrag til klimakampen

Skal læra unge i Oslo om klima og klimaendringar

 

Emneord: Klima. Miljøpolitikk Av Martin Toft
Publisert 5. des. 2024 14:44 - Sist endra 5. des. 2024 14:59

Logg inn for å kommentere