Senter for ekstremismeforsking på UiO får forlengja levetida ut over 2026

Senter for ekstremismeforsking C-REX på UiO kan truleg halda fram også etter 2026. Det er klart etter at eit samla storting ber regjeringa sikra finansiering for senteret også ut over 2026.

Fire menn og to kvinner står og sit langs eit bord.

SENTERSTART: I februar 2016 blei Senter for ekstremismeforsking etablert på SV-fakultetet på Blindern. Senterleiar Tore Bjørgo( framme) hadde med seg fylgjande lag frå venstre:  Anders Ravik Jupskås, Torkel Brekke, Inger Skjelsbæk, Dagfinn Hagen og Katrine Fangen.

(Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Eit samla storting ber regjeringa sikra finansiering for Senter for ekstremismeforsking C-REX på UiO også ut etter at den opphavlege finansieringa frå Forskingsrådet blir avslutta 31. januar 2026.

– Det er svært gledeleg å sjå at Stortinget samrøystes meiner at UiO har lykkast i mandatet sitt om å byggja opp eit forskingsmiljø på høgreekstremisme og at dei ynskjer ei permanent vidareføring, uttrykkjer senterleiar Tore Bjørgo, nestleiar Anders Ravik Jupskås og avdelingsleiar Dagfinn Hagen i ein kommentar til Uniforum.

Feira vedtaket i lunsjen 

Dei meiner det var viktig at Stortinget anerkjente kor viktig det er med langsiktig tverrfagleg grunnforsking på høgreekstremisme.

FEIRA: I dag markerte nestleiar Anders Ravik Jupskås og dei andre tilsette stortingsvedtaket med alkolholfri musserande vin i lunsjen. (Foto: C-REX)

– Me kan no rekna det som sikkert at C-REX blir vidareført etter at den opphavlege  finansieringa frå Forskingsrådet blir avslutta om to år, konstaterer dei godt nøgde. 

 – Me feira vedtaket ved å dela to flasker alkoholfri musserande under lunsjen, avslører dei. 

Opna av statsminister Erna Solberg

Det var i 2016 Senter for ekstremismeforsking – C-REX blei etablert på Universitetet i Oslo. Realiseringa var ein direkte konsekvens av terrordåden den 22. juli 2011 der 77 personar i Regjeringskvartalet og på Utøya blei drepne.  Oppdraget var å forska på høgreekstremisme. Planen var at senteret skulle halda på fram til 2026. Senteret blei offisielt opna av dåverande statsminister Erna Solberg. 

• Les meir: – Noreg skuldar verda eit slikt senter

Senter for ekstremismeforsking: høgreekstremisme, hatkriminalitet og politisk vald (C-REX):

Vertskap: SV-fakultetet ved Universitetet i Oslo

Samarbeidspartnarar: Politihøgskulen, Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI), Fredsforskingssenteret (PRIO), Forsvarets forskingsinstitutt og HL-senteret (Senter for studiar av holocaust og livssynsminoritetar.

Leiar: professor Tore Bjørgo

Nestleiar: forskar Anders Ravik Jupskås

Andre forskarar: Torkel Brekke, Katrine Fangen og Inger Skjelsbæk

Avdelingsleiar: Dagfinn Hagen

Senteret blei i 2016 tildelt 50 millionar kroner av Forskingsrådet over fem år for å forska på høgreekstremisme.

Seinare har senteret blitt fått utvida perioden fram til 2026

Aktuelt: Stortinget har vedtatt at Regjeringa må sikra finansiering også ut over 2026. (Kjelder: Uniforum, Stortinget og UiO)

Bad om klare signal i april

I april i år sende senterdirektør Tore Bjørgo og nestleiar Anders Ravik Jupskås eit brev til Kunnskapsdepartementet der dei bad om klare signal på om senteret kunna halda på også ut over 2026. Om dei ikkje kunne få den forsikringa, ville dei bli nøydde til å begynna arbeidet med å avvikla senteret i 2024, går det fram av denne artikkelen i Uniforum.

• Les meir: Senter for ekstremismeforskning kan bli nedlagt uten friske penger

Ei felles innstilling om vidareføring 

Stortingsrepresentant Jan Tore Sanner frå Høgre har tatt opp saka i Stortingets spørjetime med dei to forskings- og høgare utdanningsministrane Ola Borten Moe og Sandra Borch. I budsjettbehandlinga fekk han alle dei andre medlemane i Utdannings- og forskingskomitéen med på ei felles innstilling der dei ber om at senteret blir ført vidare også etter 2026. I den samla innstillinga heiter det:

“Komiteen viser til at det i 2016 ble opprettet et eget forskningssenter for høyreekstremisme. C-REX ved Universitetet i Oslo forsker blant annet på ideologi, kjønn og ekstremisme, vold og hatkriminalitet, forebygging og intervensjon og på 22. juli-angrepet. Senteret fikk sikkerhet for ti års finansiering. Komiteen mener det er viktig at fagmiljøet bygget opp rundt forskning på høyreekstremisme, kan videreføres etter 2026."

Denne veka blei innstillinga vedtatt av eit samla storting.

Der lyder det: «Stortinget ber regjeringen sikre fortsatt finansiering av senteret C-REX også ut over 2026 og komme tilbake til Stortinget på egnet måte»

– Eg er glad for at Stortinget støtta Høgres forslag

Uniforum får kontakt med ein svært nøgd stortingsrepresentant Jan Tore Sanner (H) etter at det er klart at vedtaket er i boks.

MEIR KUNNSKAP: – Me treng meir forsking og kunnskap om ideologi og identitet på ytre høgre lokalt, nasjonalt og globalt, og meir kunnskap om korleis me kan førebyggja, seier stortingsrepresentant Jan Tore Sanner etter at eit samla storting har vedtatt å be regjeringa sikra finansiering av Senter for ekstremismeforsking på UiO ut over 2026.  (Arkivfoto: Martin Toft)

– Eg er glad for at Stortinget støtta Høgres forslag om å sikra C-REX ut over 2026. Det tar tid å byggja opp eit forskingssenter, og temaet er dessverre ikkje mindre aktuelt i dag enn det var då me fekk det på plass i 2016. Me treng meir forsking og kunnskap om ideologi og identitet på ytre høgre lokalt, nasjonalt og globalt, og meir kunnskap om korleis me kan førebyggja, seier Jan Tore Sanner til Uniforum.

Han gir opp fleire grunnar til at det er viktig at senteret blir ført vidare også ut over dei ti åra det først blei planlagt for. Sanner peikar på at det tar tid å byggja opp nettverk og kunnskap på brei front.

– Kunnskap er vår viktigaste reiskap i kampen mot ekstremisme, hat og vald. 22. juli avdekte at me visste for lite om korleis ekstreme haldningar spreier seg i enkelte miljø. No kjem snart ekstremismekommisjonen. Eg er sikker på at den kan gi ytterlegare dimensjonar til det viktige arbeidet C-REX allereie gjer, understrekar han.

– Eg håpar dei blir endå meir synlege

Jan Tore Sanner viser også til det gode arbeidet senteret har gjennomført så langt.

– Eg synest C-REX jobbar godt. Dei bidrar med viktig kunnskap og byggjer breie nettverk. Eg håpar dei blir endå meir synlege i åra som kjem og bidrar med kunnskap om korleis me kan førebyggja betre i samarbeid med DEMBRA, 22. juli-senteret, 10. august-stiftelsen, demokrativerkstaden på Utøya og andre, seier han til Uniforum.

– Me avventar korleis regjeringa vil fylgja opp vedtaket

På Senter for ekstremismeforsking C-REX på UiO kom den beste julegåva rett før jula i år. Tore Bjørgo, Anders Ravik Jupskås og Dagfinn Hagen føler at Stortinget set pris på den forskinga dei held på med. 

– Det viktigaste er at Stortinget anerkjenner at grunnforsking på høgreekstremisme er av stor verdi, og at me også har klart å formidla kunnskapen tilbake til praktikarmiljøa, policymakarane og publikum på ein god og anvendbar måte, synest dei. 

No håpar dei vedtaket vil føra til at det kan bli eit sjølvstendig, permanent senter. 

 – Me avventar no korleis regjeringa vil fylgja opp vedtaket, noko me sannsynlegvis vil vita meir om etter at Ekstremismekommisjonen har lagt fram sin rapport på nyåret. I mellomtida vil C-REX gå i dialog med UiO-leiinga og dekanen på SV-fakultetet om ei god organisatorisk plassering som eit sjølvstendig, permanent senter, fortel dei. 

• Les meir om Senter for ekstremismeforsking i Uniforum: 

Senter for ekstremismeforskning kan bli nedlagt uten friske penger

UiO-forskar spår ein langvarig krig i Ukraina

Anders Ravik Jupskås:  – Ekstremisme-forskarar blei trakasserte

– Noreg skuldar verda eit slikt senter

Avspark for senter for forsking på høgreekstremisme

Åpner senter for forskning på høyreekstremisme i 1. februar

UIO får senter for forskning på høyreekstremisme

Emneord: Stortinget, SV-fakultetet Av Martin Toft
Publisert 19. des. 2023 15:19 - Sist endra 20. des. 2023 09:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere