Anders Ravik Jupskås: – Ekstremisme-forskarar blei trakasserte

Forskarar på  Senter for ekstremismeforsking på UiO har opplevd både trakassering og trugsmål via epost og sosiale media.  Det opplyste nestleiar Anders Ravik Jupskås i ein debatt om akademisk ytringsfridom på minifestivalen til UiO i dag.

Portret av ein mann med skjegg og briller

AGENDA: – Høgreekstremistane påstår at forskarane har ein agenda og at dei deltar i ei kulturmarxistisk gruppe, fortalde Anders Ravik Jupskås, nestleiar ved Senter for ekstremisme-forsking (C-Rex) på UiO. 

Informasjon om kvar forskaren bur, kvar familien bur og dokumentasjon om kva forskarar har meint, sagt og søkt om av forskingspengar tidlegare. Det er døme på kva forskarar frå Senter for ekstremismeforsking (C-REX) på UiO har fått i innboksen sin etter å ha uttalt seg i media. 

Det avslørte nestleiar for senteret Anders Ravik Jupskås under debatten om akademisk ytringsfridom i Domus Bibliiotheca torsdag ettermiddag. Senteret blei oppretta som ein direkte fylgje av terroraksjonane til Anders Behring Breivik 22. juli 2011.  

– Me forskar på høgreekstremistar som vil undergrava demokratiet. Til liks med kjønnsforskarar får også forskarane våre trugsmål og blir sjikanerte. Høgreekstremistane påstår at forskarane har ein agenda og at dei deltar i ei kulturmarxistisk gruppe, fortalde han.

 Ravik Jupskås gav slike opplevingar skulda for at fleire ekstremisme-forskarar ikkje ville stilla opp i debattar om 22. juli, men heller føretrekte å snakka med lærarar om det temaet. 

Aftenposten-kommentator Therese Sollien var derimot overraska over at dei mest provoserande kommentarane ho hadde skrive, ikkje førte til at ho blei trakassert og hundsa.  – Blonde kvinner som meg kan risikera slikt, men eg har aldri opplevd det, sa ho.  

– Blei truga på livet for 30 år sidan

Også tidlegare forskings- og utdanningsminister og noverande Civita-leiar, Kristin Clemet deltok i debatten. 

– Eg begynte å delta i politiske debattar for 30 år sidan, og også den gongen blei eg truga på livet. Skilnaden samanlikna med dagens situasjon, er at trugsmålet kom med posten  i eit brev med Donald-bokstavar, fortalde ho. 

 Samtidig hadde nokre rådd henne til å leggja litt band på seg med ytringane sine.  

TRUGA PÅ LIVET:  – Trugsmålet kom med posten i eit brev med Donald-bokstavar. I dag skriv mange negative kommentarar om meg på Twitter. Men no drit eg i trakasseringa av meg på Twitter, sa dagleg leiar for Civita, Kristin Clemet. (Foto: Ola Gamst Sæther)

 

– Eg sa ein gong at journalistar hadde ein tendens til å støtta parti på venstresida.  Og eg har vel også sagt at  mange forskarar gjer det same.  Det var nok til at nokon meinte at eg ved å seia dette berre ville byggja opp om konspirasjonsteoriar, fortalde ho. 

Det var den akademiske ytringsfridomen som var hovudtema for diskusjonen. Og det var prorektor Åse Gornitzka som først fekk i oppgåve frå ordstyrar Aslak  Bonde å forklara kvifor det var så viktig å ta vare på den. 

– Forsking er ein fundamental historisk prosess der ein treng ein sfære der ein kan finna vitskapleg haldbar kunnskap. Institusjonell spesialisering har skapt dette rommet for kunnskap. Det er heilt annleis enn politikk, stat, marknad og religion. Ofte kan dei stå i spenning til kvarandre, medan dei andre gonger kan stå i eit balanseforhold, slo ho fast.

– Me treng det for å stola på forskarane

– Kvifor er det så viktig med uavhengig forsking? spurte Aslak Bonde.

– Me treng det for å stola på forskarane, på grunn av kvaliteten på forskinga og for å koma fram til ny banebrytande forsking og kunnskap. Me kan ikkje vita kva me ikkje veit, svara Åse Gornitzka.

Også leiaren for ekspertgruppa som skal sjå på situasjonen for akademisk ytringsfridom i Noreg, førsteamanuensis Anine Kierulf på Institutt for offentleg rett, UiO, var opptatt av korleis ytringsfridom var med på å utvikla både menneska og samfunnet. 

– Behovet vårt for å utvikla oss som menneske, føreset ytringsfridom. Demokratiet vårt utviklar seg på grunn av meiningsutveksling, understreka ho.  Kierulf trekte fram at det var skilnad på ytringsfridom og akademisk ytringsfridom.

 

LITE FORSKING OM AKADEMISK YTRINGSFRIDOM: – Så langt har me berre funne eit forskingsprosjekt om det temaet. Her har akademia svikta oppgåva si, konstaterte Anine Kierulf, som leier ekspertgruppa som skal sjå på akademisk ytringsfridom. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

– Med generell ytringsfridom kan du seia så mykje dumt du vil, utan at nokon nødvendigvis vil ta til motmæle. Med akademisk ytringsfridom risikerer du heile tida at du blir kritisert og motsagt av fagfellane dine fordi dei stiller kvalitetskrav til det du ytrar deg om, ytra Anine Kierulf. 

Civita-sjef og nyleg utnemnt ekstern medlem i Universitetsstyret ved UO, Kristin Clemet kom også med eit varmt forsvar for den akademiske ytringsfridomen.

– Det handlar om konkurranse om idear. Meiningsmangfald og søken etter ny kunnskap er svært viktig. Det er ein debatt om den akademiske fridomen er truga, ein debatt som i  stor grad er bygd på anekdotar. Derfor er det viktig at ekspertutvalet til Anine Kierulf no skal få fram fakta,  framheva ho.

 Kristin Clemet trekte sjølv fram Danmark som eit døme der politikarane hadde gått langt i å blanda seg inn i den akademiske fridomen.

– Der vedtok dei ein resolusjon om at det var viktig at «politikk ikkje var forkledd som vitskap» Det var eit tydeleg spark mot det nokre politikarar hadde kalla for venstrevridd forsking, forklarte ho.

– Vil godkjenna ein tale på ein konferanse

Ordstyrar Aslak Bonde viste også til at det hadde vore visse tendensar til at den norske regjeringa også ynskte å blanda seg inn i det som går føre seg av forsking på universiteta og høgskulane.  Som døme viste han til ei ny føreskrift i eksportdirektivet frå Utanriksdepartementet som vil godkjenna alt forskingssamarbeid mellom norske institusjonar og institusjonar i land utanfor EU/EØS og NATO. UD seier dei gjer det for å hindra at land som har eit ynske om å stela forskingsløyndomar frå Noreg ikkje skal lykkast med det. 

UiO-rektor Svein Stølen kjempar hardt mot denne føreskrifta, og meiner den vil hindra vanleg samarbeid frå forskar til forskar.  – Det kan ikkje vera snakk om å sikra tryggleiken vår, når berre det å halda ein tale på ein konferanse i eit av desse landa utanfor EU/EØS og NATO, fører til at den  skal godkjennast av Utanriksdepartementet, peika han på.

– Meir sikringskunnskap på universiteta og høgskulane

Stortingsrepresentant Jette Christensen frå Arbeidarpartiet hadde ei viss forståing for kvifor Utanriksdepartementet har kome med denne føreskrifta.

– I Noreg har faktisk folk tillit til at PST og Forsvarets etterrettingsteneste vil vårt beste. Dei meiner at det finst trugsmål frå statar som vil ha tak i hemmelege funn frå Noreg. For ikkje så lenge sidan var det også eit slikt tilfelle ved ein norsk forskingsinstitusjon, peika ho på. Men ho tykte det var ein dårleg idé å byggja opp Utanriksdepartementet med meir kompetanse om forsking. 

– Det er mykje betre å byggja opp meir sikringskunnskap på universiteta og høgskulane, foreslo ho.  

– Men er det ikkje ei reell frykt at all forsking som me samarbeider med Kina om, vil koma i hendene på gale leiarar? spurte Aslak Bonde.

– Me må samarbeida med verdast mest folkerike land. Så får heller PST fylgja med på kva forskarane derifrå driv på med, tykte Therese Sollien.

– Bør setjast ei grense for talet på ph.d.-kandidatar frå Kina og Russland

–Før lærte Kina av oss. No går Kina føre på mange forskingsområde, konstaterte Svein Stølen. – Men det bør likevel setjast ei grense for kor mange ph.d.-kandidatar som skal koma frå Kina eller Russland, sa han.

Også i Europa og i  EU finst det land som ikkje respekterer den akademiske fridomen eller ytringsfridomen. På spørsmål frå Uniforum om kva panelet ville gjera for å få Ungarn og Polen til å respektera akademisk fridom, ytringsfridom og demokrati, svara Jette Christensen at ho ville overlata det til EU.

– Det er den viktigaste utfordringa EU har i tida framover. For EU må ta vare på demokratiet, understreka ho.

– Kan aldri enda opp med ein akademisk boikott

UiO-rektor Svein Stølen var overtydd om at det var viktig å halda fram med samarbeid med akademiske institusjonar også i dei to landa.

– Når me har møte i universitetsalliansen The Guild, så vil forskarane frå dei landa alltid at me også møter politikarar. Me kan aldri enda opp med ein akademisk boikott, var Svein Stølen heilt klar på.

Fredag 3. september leier Anine Kierulf det første møtet i ekspertgruppa som skal  sjå på akademisk ytringsfridom og moglegvis  føreslå endringar i Universitets- og høgskulelova. 

– Så langt har me berre funne eit forskingsprosjekt om det temaet. Her har akademia svikta oppgåva si, konstaterte ho.

PANELET I DOMUS BIBLILIOTHECA: Frå venstre ordstyrar Aslak Bonde, førsteamanuensis Anine Kierulf, Aftenposten-kommentator Therese Sollien, nestleiar Anders Ravik Jupskås ved Senter for ekstremismeforsking, Civita-leiar Kristin Clemet, rektor Svein Stølen, prorektor Åse Gornitzka og stortingsrepresentant Jette Christensen frå Arbeidarpartiet, (Foto: Ola Gamst Sæther) 

 

Emneord: Akademisk fridom, Akademisk frihet, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 2. sep. 2021 18:17 - Sist endra 6. sep. 2021 10:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere