Kulturhistorisk museum viser fram Kyivrikets og Skandinavias felles vikinghistorie

Både Olav Tryggvason, Olav den heilage og Harald Hardråde var mellom dei norske vikingkongane som oppheldt seg i Kyivriket.  Harald Hardråde blei også gift med dottera til fyrst Jaroslav den vise. Denne felles historia vert no gjort levande i ei ny utstilling i Kulturhistorisk museum.

FELLES HISTORIE: Dottera til fyrst Jaroslav den vise i Kyivriket, Ellisif blei gift med Noregs siste vikingkonge Harald Hardråde og enda opp som dronning av Noreg. Den historia er ein raud tråd i utstillinga i Historisk museum om den felles vikinghistoria til Skandinavia og Kyivriket.

Foto: Ola Gamst Sæther

I 2022 er det 30 år sidan Noreg og Ukraina oppretta diplomatisk samband. I 2021 tok Ukrainas ambassade kontakt med Kulturhistorisk museum for å presentera ei utstilling om den lange felles historia mellom Skandinavia og Kyivriket. Det fortel museumsdirektør Håkon Glørstad i innleiinga til heftet om utstillinga som opna i går ettermiddag. 

Utsett med eit halvt år på grunn av krigen

Den har fått tittelen «Vikingene i Kyiv – vår felles historie».   Sidan ideen først dukka opp, har Russland invadert Ukraina og både hovudstaden Kyiv og andre byar og landsbyar blir dagleg utsette for bombardement  og artilleriåtak frå russiske styrkar. Og på grunn av denne krigen blei også utstillinga utsett med eit halvt år.  Men no er den endeleg klar til å bli vist fram til publikum i Historisk museum i Oslo. 

Utstillinga er sett saman av  plakatar med historiske fakta om det historiske sambandet mellom Kyivriket og Skandinavia og ein historisk animasjonsfilm som professor Jan Bill frå Kulturhistorisk museeum har hatt ideen til, medan museumslektor Martin Hager-Saltnes også har kome med viktige bidrag. Filmen er produsert av det norske selskapet Red Ant.

– Meininga var at det eigentleg skulle bli ei rein plakatutstilling, men så kom me i Kulturhistorisk museum inn på bana og sa at me gjerne også ville laga ei digital utstilling med levande bilete, fortel Martin Hager-Saltnes når han viser Uniforum rundt i utstillinga på opningsdagen.

– Me syner korleis Kyiv-Rus-riket blei grunnlagt av slavarar og skandinavar og korleis det hadde ulike formasjonar gjennom historia, fortel han.  

– I katedralen i Kyiv er det eit fresco-måleri av prinsesse Ellisiv som blei dronning av Noreg etter at ho blei gift med kong Harald Hardråde. Me viser fram den spennande utviklinga i det riket, og peikar på at korkje alliansar eller konfliktar i historia kan vera motiv for krig i dag, og slik gir me eit spark til Russlands invasjon av Ukraina,  seier Martin Hager-Saltnes.

PLAKATAR OG ANIMASJON: Utstillinga om den felles vikinghistoria til Kyivriket og Skandinavia er sett saman av både plakatar og ein digital animasjonsfilm. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Tradisjonelt sett meir vestover enn austover

Rett før utstillinga opnar får Uniforum ein prat med professor og vikingtidsekspert Jan Bill. Han tykkjer det er viktig å ha fått til ei slik utstilling.

–Tradisjonelt har me i Vest-Skandinavia hatt meir fokus vestover enn austover når det gjeld vikingtida. Denne gongen har me fått ei ynske frå Ukraina til å sjå på den felles historia då vikingane var i Kyivriket, fortel professor Jan Bill ved Kulturhistorisk museum på UiO.

– Gamle grenser kan aldri gi grunnlag for å gå til krig

Han understrekar at denne felles historia er blitt endå meir aktuell etter Russlands invasjon av Ukraina, sidan landet grunngjev krigen med historiske forhold.

Derfor meiner Jan Bill  at det er viktig å fortelja alle som gjestar Kulturhistorisk museum kva som eigentleg skjedde under den felles historia  mellom Skandinavia og Kyiv-riket i vikingtida.

– Det er viktig å visa at gamle grenser aldri kan gi grunnlag for å gå til krig, slik som også skjedde før og under Den andre verdskrigen, seier han. 

Tusen år gammal mynt frå Kyivriket i Myntkabinettet

Og også her i Oslo er det tydelege spor etter det historiske sambandet mellom Kyivriket og Skandinavia. For Osloborgaren Harald Hardråde som også var Noregs siste vikingkonge, blei altså gift med prinsesse Ellisif av Kyiv, dottera til fyrst Jaroslav den vise.  Så ho enda opp som dronning av Noreg.

TUSEN ÅR GAMMAL: Dette er den over tusen år  gamle mynten frå Kyivriket som blei funnen på Nordmøre. Den ber eit portrett av fyrst Jaroslav den vise og den er ein del av samlinga til Myntkabinettet i Kulturhistorisk museum. (Foto: Ola Gamst Sæther)

Og i Myntkabinettet til Kulturhistorisk museum finst det ein over 1000 år gammal mynt frå Kyivriket prega med portrettet av Jaroslav den vise. Den blei funnen på Nordmøre, og viser den utstrekte handelsnettverket mellom Skandinavia og Kyivriket. 

Utstillinga blei offisielt opna av Noregs stortingspresident Masod Gharakhani onsdag ettermiddag Ukrainas chargé d’affaires  Lilia Honcharevych og museumsdirektør Håkon Glørstad helsa folk velkomne saman med viserektor Bjørn Stensaker frå Universitetet i Oslo.

• Les meir om utstillinga Vikingene i Kyiv

• Les meir om vikingtida i Uniforum: 

Nye funn forteller om Gjellestad-vikingens storslåtte begravelse

De første levningene er funnet i Gjellestadskipet

Skipsgrava frå Gjellestad i Halden kan vera 1200 år gammal

Vikingskipet på Gjellestad: Hele verden venter i spenning

Mysterium: Vikinggraver med ødelagte våpen

 

Emneord: Ukrainia, Vikinger, Historie, Kulturhistorisk museum Av Martin Toft
Publisert 24. nov. 2022 04:30 - Sist endra 24. nov. 2022 09:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere